Hopp til innhold

Pave Frans gratulerer Jon Fosse med nobelprisen

Pave Frans gratulerer forfattar, lyrikar og dramatikar Jon Fosse med nobelprisen i litteratur.

Det skjer i eit personleg brev til Fosse, der paven auser «guddommelege velsigningar» over han, ifølgje nettsida til Den katolske kyrkja i Noreg.

Jon Fosse er sjølv katolikk, og blir takka av paven for sitt «milde trusvitnesbyrd». Pave Frans meiner at litteraturen til prisvinnaren kan berike liva til andre truande, og at han har «evne til å framkalle den allmektige Guds nådegåver, fred og kjærleik i vår ofte formørka verda»

Ein overraska Fosse skal ha vorte forundra, glad og rørt over brevet, ifølgje katolsk.no.

Han får tildelt prisen i Stockholm 10. desember, og er den første norske statsborgaren som har fått den på 95 år.

Pave Frans
Foto: ANDREAS SOLARO / AFP