Hopp til innhold

Presseforbundet ber Oljefondet vurdere Facebook-sensur

Norsk Presseforbund meiner etikkrådet i Oljefondet bør undersøke om Facebook opptrer uetisk når dei fjernar historiske nyheitsbilde på grunn av retningslinjene til nettgiganten.

VIETNAM NAPALM

Det ikoniske bildet har blitt delt av mange på sosiale medium, men Facebook meiner det er i strid med retningslinjene.

Foto: NICK UT / Ap

Den siste månaden har fleire personar opplevd at dei blir sensurerte etter å ha publisert det kjende bildet til fotografen Nick Ut av ei jente som flyktar frå eit napalmåtak under Vietnamkrigen. Grunngjevinga er at bildet strir mot Facebook sine retningslinjer for kva som kan publiserast. Dette bildet blir fjerna fordi jenta er naken.

Forfattar Tom Egeland opplevde at han blei utestengt frå Facebook etter at han delte bildet og artiklar som omtalte sensuren. Også redaktøren i Nettavisen, Gunnar Stavrum opplevde å bli stengt ute i 24 timar etter at han publiserte ein kritisk artikkel der han brukte bildet.

– Bør vurdere etikken til Facebook

Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, er kritisk til at Facebook sensurerer bort nyheitsbilde.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Oljefondet har investert om lag 13,5 milliardar kroner i Facebook, og eig 0,52 prosent av selskapet. No meiner Norsk Presseforbund at etikkrådet bør kome på banen og vurdere om Facebook opptrer etisk:

– Å dele dette bildet er så solid innanfor ytringsfridomen som det går an å kome. No har Facebook over lang tid valt å ikkje betre praksisen, men heller intensivert sensuren, seier generalsekretær Kjersti Løken Stavrum.

Ho synest det er underleg korleis Facebook systematisk har fjerna bildet, som ho meiner viser ein skamplett i amerikansk historie. Stavrum håper det kan bli global merksemd rundt måten Facebook opptrer på, og ho ser gjerne at det startar i Norge:

– No må Oljefondet kunne utøve eigarmakt, og vurdere om dei kan kritisere korleis Facebook styrer den offentlege samtalen.

– Ingen menneskerett

Karin Thorburn

Professor Karin Thorburn ved NHH meiner det ikkje er brot på det etiske regelverket til Oljefondet når Facebook sensurerer brukarane.

Foto: Marit Hommedal / NHH

Men professor Karin Thorburn ved Norges Handelshøyskole sit i eit regjeringsoppnemd utval som skal vurdere om aksjehandelen til Oljefondet. Ho meiner Facebook-sensuren ikkje kvalifiserer til å vere eit brot på dei etiske retningslinjene til fondet:

– Dei etiske retningslinjene handlar om grove krenkingar av menneskerettane. Å stenge nokon ute frå Facebook er ikkje det. Facebook er eit privat selskap som sjølve kan avgjere kven som skal få kome til orde på nettstaden deira.

I ein e-post til NRK skriv Peter Münster, kommunikasjonssjef for Facebook i Norden, at reglane for nettsamfunnet er tilpassa brukarar i eit globalt perspektiv.

– Vi tillet ikkje bilde av nakne folk fordi delar av nettsamfunnet vårt reagerer på den slags innhald. I eit globalt samfunn som vårt vil det alltid vere nokon som meiner at reglane er for strenge, medan andre meiner at dei er for lause, skriv Münster.

Han skriv vidare at selskapet slettar innhald dei meiner er upassande.

– I alvorlege tilfelle kan vi velje å blokkere brukarar frå Facebook, skriv Münster.

NRK har vore i kontakt med både Etikkrådet og Oljefondet for ein kommentar, men begge seier dei ikkje ønsker å uttale seg om enkeltselskap.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.