Hopp til innhold

Ber Oljefondet kutte ut våpenprodusentar som sel til Israel

Oljefondet er blant aktørane som bør trekke seg ut av selskap som bidreg med våpen og ammunisjon til Israel, ifølge ei gruppe FN-ekspertar.

Israelsk soldat tømmer våpen på toppen av en stridsvogn på grensen mellom Israel og Gaza.

Våpenprodusentar og statar som sel våpen til Israel kan vere medskuldige i brot på menneskerettane, meiner FN-ekspertar.

Foto: Amir Cohen / Reuters/NTB

Ekspertane har arbeidd på vegner av FNs kontor for menneskerettar, og har sett på kva statar og selskap som sel våpen til Israel i samband med krigen i Gaza.

Dei meiner slike aktørar kan bli haldne til ansvar for brot på menneskerettane.

Dei har laga ei liste over ulike aktørar som dei meiner kan bli haldne ansvarlege for brot på menneskerettane på grunn av leveransane.

– Ved å sende våpen, delar, komponentar og ammunisjon til israelske styrkar, risikerer desse selskapa å bli medskuldige i alvorlege brot på internasjonale menneskerettar og Folkeretten, skriv ekspertane.

Les også Fredsforskere: Atom­våpen har fått en mer frem­tredende plass i verden

En russisk rakett av typen Iskander blir gjort klar ved en skyteposisjon i en russisk militærøvelse beregnet på å trene troppene i bruk av taktiske atomvåpen. 12. juni 2024. 
Bilde er fra Det russiske forsvarsdepartementets pressetjeneste via AP.

Dei viser blant anna til prosessane mot Israel i Den internasjonale domstolen (ICJ) og aktoren ved Den internasjonale straffedomstolen (ICC) som ber om arrestordrar på israelske politikarar og Hamas-leiarar.

– I denne samanhengen kan framleis overføringar av våpen til Israel bli sett på som bevisst bistand til operasjonar som er i strid med internasjonale menneskerettar.

Investorar kan også vere ansvarlege

Ekspertane nemner også fleire eksempel på finansaktørar som investerer i desse våpenselskapa.

Blant dei som står på lista over selskap dei meiner må kvitte seg med slike investeringar, er Noregs Bank Investment Fund, som driv Oljefondet, eller Statens pensjonsfond utland, som det formelt heiter.

Les også Mange kjenner seg makteslause: Her er sju ting du kan gjere om du vil hjelpe

Eskil Roos Mangrud står i teltleiren for Palestina ved NTNU Gløshaugen.

Ekspertgruppa meiner investorar også kan bli haldne ansvarlege.

– Våpen startar, opprettheld, forverrar og forlenger væpna konfliktar og andre formar for undertrykking. Difor er tilgangen på våpen eit viktig vilkår for krigsbrotsverk og til at brot på menneskerettane kan bli gjort, skriv ekspertgruppa.

Følger nøye med

Det er Etikkrådet som vurderer om investeringane i Oljefondet er i tråd med retningslinjene. Dei kan også gi råd til Noregs Bank om å stenge utelukke selskap som ikkje oppfyller kriteria.

Krigen på Gazastripa er noko av det rådet bruker mykje tid på no, og blei også behandla i årsrapporten for 2023, som kom i mars.

– Vi har følgd situasjonen ei stund, og vi er glade for at det kjem informasjon om selskap som kan ha selt våpen som blir brukt i strid med Folkeretten i Gaza, seier sekretariatsleiar Eli Ane Lund til NRK.

Les også Ønsker å bli spurt før norske våpen videreselges

IDF og M72

Ho seier det har fått mange ulike rapportar og lister over selskap som skal ha levert våpen og ammunisjon til Israel. Men før Etikkrådet kan gi til Noregs Bank, går dei nøye gjennom kvart enkelt selskap.

– Vi går inn og undersøker kva våpen det er snakk om, og når leveransen blei gjort. Vi må også undersøke om det er våpen som er brukt i Gaza eller i Israels generelle forsvar.

Mange våpenprodusentar er allereie utelukka

Det er Stortinget som har sett opp retningslinjene Oljefondet skal investere etter. Og der er det ikkje snakk om ei generell utelukking av våpenindustrien. Likevel er mange selskap som lagar våpen og ammunisjon allereie ute av lista til Oljefondet.

– Vi har mange kriterium å gå etter. Blant anna er produksjon av kjernevåpen og klasevåpen ein del av grunnlaget for utelukking. Det gjer at mange av selskapa som står på listene, allereie er utelukka frå fondet på grunn av dette, seier Lund.

AKTUELT NÅ