Knut Olav Åmås er redaktør for boka «Makteliten». Med seg i redaksjonen har han hatt Kristin Clemet, Aksel Braanen Sterri og Kjetil Wiedeswang.
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpixRedaktør for boka, Knut Olav Åmås, har hatt med seg Kristin Clemet, Aksel Braanen Sterri og Kjetil Wiedeswang i redaksjonen. I boka, som kjem ut på Kagge forlag, har dei kåra dei mektigaste innan arbeids- og næringsliv, politikk, forvaltning, kunnskap, kulturliv og media og samfunnsliv.
Dei 252 mektigaste er ikkje rangert, men redaksjonen har likevel plukka ut 25 personar som dei reknar som dei aller mektigaste, som dei presenterer som ei eiga liste. På denne lista finn vi åtte kvinner og 17 menn.
– Akkurat no er dei fire mektigaste kvinner. Erna Solberg, Siv Jensen, Kristin Skogen Lund og Gerd Kristiansen. Gjerne i den rekkefølgen, seier Åmås.
Dei 25 mektigaste
Redaksjonen har vurdert fleire tusen personar før dei har arbeidd seg fram til den endelege lista på 252 personar, og plassert desse i ulike sektorar. Deretter har dei plukka ut dei 25 med mest makt.
Desse 25 blir presentert i urangert, men i alfabetisk rekkefølge:
- Johan H. Andresen
Johan H. Andresen
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpixIndustri- og finansmann. Han er ein av dei rikaste i Noreg, og er medlem av World Economic Forum i Davos. Han er også leiar for etikkrådet til Oljefondet. I tillegg har han markert seg som ein sosialt engasjert kapitalist og ein av dei mest aktive milliardærane på sosiale medium i Norge.
- Rune Bjerke
Rune Bjerke
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixNæringslivsleiar og tidlegare politikar. Han er i dag konsernsjef i DNB. I grunngjevinga skriv redaksjonen at Bjerke leia banken gjennom finanskrisa på ein framifrå måte, betre enn banksjefar i mange andre land. Bjerke har også ein mektig familie og omgangskrins. Faren Juul var LO-økonom, storesøster Siri har vore miljøvernminister og kona Libe Rieber-Mohn har vore varaordførar i Oslo, no direktør i Intergrerings- og mangfaldsdirektoratet. Jens Stoltenberg var forlovar i bryllaupet.
- Thor Gjermund Eriksen
Thor Gjermund Eriksen
Foto: Anders Leines / NRKKringkastingssjef i NRK. Han har tidlegare vore sjefredaktør i Dagbladet og konsernsjef i Amedia. I grunngjevinga skriv bokredaksjonen at Eriksen har bidrege sterkt til å forme viktige medieselskap, og at budsjettdisposisjonane han har gjort i NRK er klassisk maktutøving.
- John Fredriksen
John Fredriksen
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpixForretningsmann og tankreiar. Han er sveisersonen frå aust i Oslo som bygde seg opp innan tank, rigg og oppdrett. Han er den rikaste nolevande personen som er fødd i Norge, men har kypriotisk statsborgarskap og bor i London.
- Hans-Christian Gabrielsen
Hans-Christian Gabrielsen
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix2. nestleiar i LO, og favoritt til å ta over for LO-leiar Gerd Kristiansen, som går av for aldersgrensa i 2017. Han har arbeidd for Fellesforbundet og LO dei siste 20 åra. I tillegg har han hatt fleire verv i Arbeidarpartiet.
- Trine Skei Grande
Trine Skei Grande
Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpixStortingsrepresentant og leiar i Venstre. I grunngjevinga står det at ho har gjort partiet til eit meir tydeleg liberalt og borgarleg parti. Dei skriv også at ho er god til å fronte partiet, og er ein sjølvmedviten og populær leiar i eige parti.
- Bjørn Guldvog
Bjørn Guldvog
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixDirektør i Helsedirektoratet. Då han fekk jobben hadde han arbeidd ti år i direktoratet, åtte av dei som assisterande direktør. Han er utdanna lege, og har også arbeidd som forskar og byråkrat.
- Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixStortingsrepresentant og leiar for Kristeleg Folkeparti. I grunngjevinga blir det blant anna trekt fram at Hareide gjennomførte omfattande prosessar i partiet før valet i 2013, som endte med ein samarbeidsavtale med Høgre/Frp-regjeringa.
- Siv Jensen
Siv Jensen
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixFinansminister og partileiar i Frp. Ho er ifølge bokredaksjonen med på lista fordi ho har makta å forvandle partiet til å bli eit regjeringsparti. Ho har vore politisk aktiv sidan tenåra. Ho har fleire gongar blitt kritisert for sterke utsegner, men legg seg aldri flat, skriv dei i grunngjevinga.
- Johan Johannson
Johan Johannson
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixEig størsteparten av Norgesgruppen, og er ein av dei rikaste personane i Norge. Norgesgruppen er den største aktøren i norsk daglegvarebransje og eig blant anna Kiwi, Meny, Deli de Luca, Mix og Kaffebrenneriet.
- Raymond Johansen
Raymond Johansen
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixByrådsleiar for Arbeidarpartiet i Oslo. Etter 20 år med borgarleg styre i hovudstaden, klarte Johansen og Arbeidarpartiet å få til ein koalisjon som førte til maktskifte etter lokalvalet i fjor. Johansen har tidlegare vore byråd, då han representerte SV, statssekretær i UD og partisekretær.
- Bjørn Kjos
Bjørn Kjos
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpixAdministrerande direktør i flyselskapet Norwegian. Han har bygd opp flyselskapet til å bli hovudkonkurrenten til SAS i Norden. Selskapet er fleire år på rad kåra til det beste lågprisselskapet i Europa. I grunngjevinga står det blant anna at Makta til Kjos ligg «delvis i en rufsete sjarm, som ble satt på en hard prøve å 2015 under en elleve dager lang pilotstreik».
- Gerd Kristiansen
Gerd Kristiansen
Foto: Skolt, Henrik / NTB scanpixLO-leiar. Kristiansen er frå Harstad og utdanna hjelpepleiar. I grunngjevinga blir det blant anna trekt fram at ho blei aleinemor som 17-åring, lenge var ein ivrig røykar og at ho styrer unna sportsleg aktivitet. «Kristiansen representerer dermed mange nordmenn som sjelden blir hørt i den offentlige debatten».
- Stein Lier-Hansen
Stein Lier-Hansen
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixAdministrerande direktør i Norsk Industri, den største landsforeininga i NHO. Han leiar med det arbeidsgjevarsida for nesten all norsk fastlandsindustri. Med det er han også NHO sin sjefforhandlar i lønsoppgjera. Lier-Hansen har tidlegare vore statssekretær i Miljøvernsdepartementet i 2000–2001.
- Kristin Skogen Lund
Kristin Skogen Lund
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixDirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon sidan 2012. Ho er den første kvinna som har fått toppjobben i organisasjonen, og har engasjert seg for å få fleire kvinner i leiarstillingar. To år før Erna Solberg blei statsminister, blei ho kåra til den mektigaste kvinna i Norge av Kapital.
- Øystein Olsen
Øystein Olsen
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpixSentralbanksjef sidan 2011. Han kom til jobben etter å ha vore direktør i Statistisk sentralbyrå. Før det hadde han stillinga som ekspedisjonssjef i Økonomiavdelingen i Finansdepartementet. Her var han med å utvikle handlingsregelen, som framleis legg føringar på korleis politikarane kan bruke pengane på statsbudsjettet.
- Hans Henrik Scheel
Hans Henrik Scheel
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpixOvertok som øvste administrative leiar i Finansdepartementet, Finansråd, i fjor. Han har tidlegare hatt fleire stillingar i departementet, blant anna ekspedisjonssjef i Skatteøkonomisk avdeling. I perioden 2010 til 2014 administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå.
- Yngve Slyngstad
Yngve Slyngstad
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixAdministrerande direktør i Noregs Bank Investment Management, som er ansvarleg for Statens pensjonsfond utland (Oljefondet). I grunngjevinga blir det blant anna trekt fram at korleis oljeformua blir forvalta har stor innverknad for både notidige og framtidige generasjonar i Norge.
- Erna Solberg
Erna Solberg
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixStatsminister og partileiar i Høgre. I tillegg til den makta det å vere statsminister er, har bokredaksjonen lagt vekt på kor uthaldande Solberg er. Mange har prøvd å avskrive henne etter valnederlag. Men ho har klart å utvikle både seg sjølv og partiet, som har gjort at dei i dag sit i regjering.
- Jonas Gahr Støre
Jonas Gahr Støre
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixStortingsrepresentant og partileiar for Arbeidarpartiet. Han er ein av dei mektigaste politikarane i Norge. Støre var utanriksminister og helseminister i den raudgrøne regjeringa mellom 2005 og 2013. Han blei vald til partileiar i 2014, og gjorde eit betre lokalval enn mange hadde rekna med i 2015.
- Olaug Svarva
Olaug Svarva
Foto: Roald, Berit / NTB scanpixAdministrerande direktør i Folketrygdfondet. Ho rår over 200 milliardar kroner, og er med det ei av dei mektigaste kvinnene i Norge. Ho har leia det statlege selskapet sidan 2006. Ho har tidlegare vore blant anna leiar for bedriftsforsamlinga og valkomiteen i Statoil og nestleiar i bedriftsforsamlinga i Telenor.
- Hadia Tajik
Hadia Tajik
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixStortingsrepresentant og nestleiar i Arbeidarpartiet. Ho blir rekna som eit stort politisk talent, og har allereie, trass sin unge alder, blant anna vore kulturminister og leiar for justiskomiteen på Stortinget. I grunngjevinga står det blant anna at «som muslim og etterkommer av innvandrere er hun også en annerledes og omstridt politiker, som tidvis må tåle både flere livvakter og trusler enn andre politikere må».
- Olav Thon
Olav Thon
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixForretningsmann og ein av dei rikaste i Norge. Han eig hundrevis av sentrale nærings- og bustadeigedommar i Oslo og andre byar. Han eig også fleire store kjøpesenter og ein av dei største hotellkjedene i landet, Thon Hotels. Han har med det indirekte stor innverknad på dagleglivet for mange nordmenn.
- Sigrun Vågeng
Sigrun Vågeng
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpixArbeids- og velferdsdirektør, dvs. at ho leiar NAV. Før ho fekk jobben, leia ho ekspertutvalet som granska organisasjonen. Ho har tidlegare vore administrerande direktør i KS, leiar for fleire arbeidsgjevarorganisasjonar og dagleg leiar for Statens institutt for forbruksforsking.
- Lars Øy
Lars Øy
Foto: .Thomas Haugersveen / Statsministerens kontorStatssekretær ved Statsministerens kontor. Han var hovudsekretær under regjeringsforhandlingane på Sundvollen i 2013. Han driver også nettstaden PollofPolls saman med jusprofessor Johan Giertsen, og er ifølge de som har utarbeidd lista «truleg den viktigaste politikkutformeren ved Statsministerens kontor, og den som forsøker å ta seg tid til å tenke langsiktig og strategisk».