Hopp til innhold

Frå gamingyndling til ny Wall street-favoritt

Nvidia-sjef «Jensen» Huang blir hylla som ei rockestjerne i tech-verda. No knivar selskapet hans mot Microsoft og Apple om å vere verdas mest verdifulle

MoNaqGeiznA

Nvidia-sjef «Jensen» Huang poserer for ein «selfie» med ei gruppe journalistar i Taiwan.

Foto: Ann Wang / Reuters

Nyleg klatra Nvidia til topps på lista over selskapa den amerikanske Nasdaq-børsen reknar som verdas mest verdifulle.

Den eventyrlege verdiauken skyldast at selskapet for nokre år tilbake valte å satse på databrikker som kan minne om grafikk-kortet i ein typisk dataspel-PC, men som er mykje kraftigare og tiltenkt maskinene bak Ki-program som Chat gpt.

– Mange andre kan lage brikkene, men ingen lager så bra brikker som Nvidia i dag, og alle som prøver å lage dei mest spanande applikasjonane innan kunstig intelligens bruker derfor Nvidia, seier investeringsdirektør i Nordea, Robert Næss.

Les også Kappløpet om KI: Forskere bekymret

Nvidias grafikkort er tech-verdens heteste potet.

– Held meg langt unna

Sidan Nvidia vart verdas mest verdifulle selskap, tok det få dagar før Microsoft og Apple igjen tok dei att.

Investeringsdirektøren i Nordea seier selskapa ligg så tett i verdi at det ikkje er overraskande at Nvidia mista førsteplassen så raskt.

– Kvart av desse selskapa er aleine verdt meir enn det dobbelte av Oljefondet.

Fredag betalte dei som satsa på Nvidia-aksjen rundt 50 gangar det ein trudde selskapet kom til å tene dei neste tolv månadane, fortel investeringsdirektøren i Nordea.

– Normalt tenkjer ein at verdien av eit selskap er mellom 10 og 15 gongar løpande inntening. Så dette er uvanleg, seier han.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

Foto: Nordea

Og spesielt uvanleg når det gjeld verdas største selskap.

Næss har berre sett dette skje ein gong dei siste tiåra – med Microsoft i 1999 – før den såkalla IT-bobla (også kjent som Dot com-bobla) sprakk i 2001.

– Det enda jo ganske trist, ikkje for selskapet, men for aksjonærane. Kjøpte du Microsoft på slutten av 1999 ville du dei neste ti åra samla tapt to – tredelar av verdiane, før det igjen snudde, seier Næss.

– Så du kjøper ikkje Nvidia-aksjar på vegner av Nordea i dag?

– Nei eg tør ikkje det. Eg trur verdsetting har noko å seie. Eg held meg langt unna, svarar Næss.

Men andre investorar har trua på at aksjen vil halde fram å auke i pris.

– Andre er med på festen, så lenge han varer. Det kan godt hende at Nvidia kan selje det dei vil av databrikker til kunstig intelligens i ei god stund, og då vil innteninga halde fram å auke.

Frå gamer-selskap til kunstig intelligens

Det er ikkje berre på børsen folk har sperrar opp auga over Nvidia sin enorme vekst dei siste åra.

– Det er jo heilt sjukt. Det var jo eit gamingselskap. Plutseleg er dei eit firma som kan ta over verda. Utruleg rart, seier Henrik Steinshamn til NRK.

Han har bygd sine eigne datamaskiner og spelt mykje sidan barneskulen.

Steinshamn hukar under pulten på soverommet sitt, drar fram datakabinettet, opnar lokket og peiker på det grønlysande Geforce-grafikk-kortet laga av Nvidia.

Henrik Morsund Steinshamn viser fram Nvidia sitt broadcast-program sin ai-genererte blurring.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK
Henrik Morsund Steinshamn viser fram skjermkortet sitt fra Nvidia.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Som den brølande løva før filmar av Lions gate, har logoen til Nvidia vore noko av det første som møtte gamarar i «boot screenen» til fleire kjente dataspel sidan nittitalet. For eksempel i fjorårets kritikaryndling Baldur’s Gate 3.

Sjølv om Steinshamn har spelt med grafikk-kort frå Nvidia i ei årrekke, har han ikkje høyrt om mannen bak selskapet.

Så han søker opp nokre fotografi av han på nettet.

– Ser ut som ein luring!

HVyDimWhkEE

Jensen Huang møter kronprins Haakon utfor kontoret til Nvidia i Santa Clara, California i april.

Foto: Jeff Chiu / AP
hyft-FFls9Q

Huang kastar ein baseball under ein kamp mellom CTBC Brothers og Wei Dragons Tapei Dome i Taiwan i juni.

Foto: Sam Yeh / AFP
IR6R81P-0aM

Huang viser fram nokre duppedittar på eit Nvidia-arrangement i mars.

Foto: JOSH EDELSON / AFP

Mannen bak

Suksessen med Ai-brikkene har gjort Nvidia-sjefen Jen-Hsun Huang til ei rockestjerne i tech-verda, skriv BBC.

Som regel blir han berre kalla «Jensen» Huang.

Når Huang har inntatt diverse scener for å presentere ny Nvidia-teknologi og snakke om KI det siste året, har det kunne minne om kultstemninga rundt no avdøde Apple-sjef Steve Jobs sine presentasjonar av nye pc-ar, mp3-spelarar og telefonar.

Kanskje er det derfor Facebook-grunnleggar Mark Zuckerberg har kalla han «bransjens Taylor Swift»?

Taiwan-amerikanaren har definitivt pukka opp fleire triks frå Steve Jobs, Zuckerberg og andre tech-mogular når det kjem til merkevarebygging av seg sjølv og selskapet.

For eksempel på klesfronten.

Jobs var kjent for å gå med Turtleneck, jeans og joggesko frå dei same merka.

Ifølgje BBC har Huang nytta skinnjakker som sitt signaturplagg sidan rundt tusenårsskiftet.

– Skinnjakker kan signalisere ein «edge», altså vilje til å bryte reglar, gjere ting annleis og utfordre «status quo», seier motestylist Sera Murphy til kanalen.

Det er ikkje nødvendigvis «noko ein plukkar opp», men som Jobs, er Huang perfeksjonist. I eit intervju med 60 minutes innrømmer han (med eit flir!) at han er svært krevjande å jobbe med – noko Jobs definitivt også var.

zfOdmt1y4HQ

Ein mindre gråhåra «Jensen» i skinnjakke under ein konferanse i Taiwan i 2017.

Foto: Chiang Ying-ying / AP

Men i motsetning til Jobs, som var kjent for å fokusere på design og brukarvenlege produkt, har Huang si store styrke ein annan stad, fortel investeringsdirektør i Nordea, Robert Næss.

I tillegg til at «Jensen» er kjent for å jobbe steinhardt og «kan alt i detalj», fortel Næss, at Huang berre uttalar seg om det han kan.

– Han er kanskje den som kan mest om databrikker og programvare i heile verda. I motsetning til Elon Musk har han ikkje meiningar om andre saker. Men om det han held på med, har han veldig mange meiningar, og blir også lytta til av veldig mange, seier Næss.

Les også «Silisiumskjold» kan redde Taiwan fra en kinesisk invasjon

Utsikt mot Taipei 101 fra Kuanyin-fjellet i Taiwan.

SISTE NYTT

Siste nytt