Hopp til innhold

Plagiat-saka: – Forfattarar hentar ikkje inspirasjon frå lause lufta

Den norske Forfatterforening meiner forlaga må vere det redaksjonelle ansvaret bevisst for å unngå plagiatsaker.

Bøkene står med ryggen mot veggen i IKEAs restauranter

Det kan vere vanskeleg å vite kvar skiljet mellom inspirasjon og plagiat går. Forlaga må difor vere bevisst på ansvaret sitt, seier Den norske Forfatterforening.

Foto: Petter Sommer / NRK

Forlaget Gyldendal trekte torsdag tilbake fleire diktsamlingar etter at dei skal ha blitt gjort merksame på at det var likskapar mellom tekstane i samlingane og tekstar skrivne av andre forfattarar.

Men det kan vere vanskeleg å vite kvar skiljet går mellom avskrift og inspirasjon. Forlaga har difor eit særleg ansvar, seier leiaren i Den norske Forfatterforening, Heidi Marie Kriznik:

– Forlaget har ansvaret redaksjonelt og for utgivinga av boka. Men eg veit kor fort slike ting skjer. Dette er noko også dei først blei klar over no. Ein kan ikkje vente at forlaga har oversikt over alt.

Er dette ein risiko ved alle utgivingar?

– For å seie det slik, det er nok av opplevingar der det er mistanke om plagiat, sjølv om det ikkje er det. Dette er veldig samansett, og eg vil difor ikkje generalisere.

Mange eksempel

Dei siste åra har det vore fleire saker der forfattarar har blitt skulda for å ha lånt frå andre. I 2003 blei Karsten Alnæs skulda for å ha brukt tekstar frå andre bøker i «Historien om Norge», og Vigdis Hjort blei i 2012 skulda for å ha plagiert W.G, Sebald i romanen «Tredje person entall».

Heidi Marie Kriznik, leder av Den norske Forfatterforening

Leiaren for Den norske Forleggerforening, Heidi Marie Kriznik, seier all litteratur blir til i møte med annan litteratur. – Ingen forfattar sit aleine ute i skogen og får inspirasjon frå ingenstad.

Foto: Petter Sommer / NRK

I fjor blei også Jørn Lier Horst avslørt då seks år gamle Kasper fann ut at krimforfattaren hadde brukt opp at tekst frå ei bok han gav ut i 2014.

Slike saker viser at det er viktig at forlaga er bevisst ansvaret sitt, seier Kriznik:

– Det redaksjonelle ansvaret er veldig viktig. Vi opplever at den største grunnen til at forfattarar byter forlag er at det redaksjonelle arbeidet ikkje er godt nok. At ein er skjerpa i det redaksjonelle arbeidet er heilt avgjerande.

Krevjande arbeid

Men sjølv om forlaga har rutinar for å avdekke plagiat og kopiering, er det nesten umogleg å heilt unngå at slike situasjonar oppstår, seier informasjonssjef Anne Iversen i forlaget Vigmostad og Bjørke.

– Det er umogleg å beskytte seg mot dette. Ein kan ikkje hugse alle tidlegare tekstar for å kunne samanlikne med nye tekstar. Men vi tek ein prat med alle nye forfattarar og spør om dei har latt seg inspirere av andre, men plagiat er ikkje lov.

Forlaget har sjølv vore oppe i ein situasjon der det kom skuldingar om plagiat i ei sakprosabok. Den gongen blei boka stoppa før utgivinga.

Men så lenge litteraturen ikkje blir til i eit vakuum, kjem det til å kome skuldingar om plagiat, seier Kriznik.

– Dette handlar om korleis litteratur blir til. Alt blir skapt i ein kontekst, i møte med annan litteratur. Ingen forfattar sit aleine ute i skogen og får inspirasjon frå ingenstad.

NRK har prøvd å kome i kontakt med Gyldendal for å få ein kommentar i dag, men dei har ikkje svart på førespurnadane.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober