Hopp til innhold

Norske storfilmar i kø før kinohausten

Denne hausten skal fleire norske storfilmar lokke nordmenn inn i kinomørket. Vi kan blant anna vente oss ein konge på flukt, ei hårete kvinne og besøk av dyra frå Hakkebakkeskogen.

Storfilmen har premiere 23. september.

Denne hausten er det premiere på 15 norske kinofilmar. Ein av filmane det er knytt seg stor spenning til er «Kongens nei» av Erik Poppe som har premiere 23. september. Filmen handlar om flukta til kongefamilien og regjeringa då nazistane invaderte Norge under andre verdskrigen.

– Kan få eit stort publikum

Fra filmen "Kongens nei"

Filmen «Kongens nei» kan bli ein av publikumsvinnarane denne hausten.

Foto: Agnete Brun / Paradox/Nordisk Film

Danske Jesper Christensen spelar kong Haakon, medan Anders Baasmo Christiansen spelar kronprins Olav. Filmmeldar i NRK, Birger Vestmo, trur dette er ein film som kan trekke mange nordmenn til kinosalane:

– Vi kjenner resultatet av det som skjedde desse aprildagane, men gangen er kanskje ikkje like kjent. Det er god grunn til å tru at eit stort publikum vil oppsøke kinoane når filmen har premiere. Blant anna fleire av den eldre garde, som kanskje ikkje er på kino så ofte.

Hårete

Vestmo trekker også fram filmen «Løvekvinnen», som er regissert av Vibeke Idsøe, som ein av filmane mange ventar seg mykje av denne hausten. Dette er ei filmatisering av Erik Fosnes Hansen sin bestseljande roman med same namn. Filmen og boka handlar om Eva Actander som blir født med ein sjukdom som gjer at ho er dekt med hår på heile kroppen.

Regi: Vibeke Idsøe/Filmkameratene

Den vaksne Eva blir spelt av Ida Ursin-Holm, medan svenske Rolf Lassgård spelar faren hennar. «Løvekvinnen» er ein samproduksjon mellom Norge, Sverige, Danmark og Tyskland, og blir opningsfilmen under filmfestivalen i Haugesund. Filmen er seld til fleire land allereie før premieren.

«Rosemari»

Rosemari

Tuva Novotny og Ruby Dagnall spelar i «Rosemari»

Foto: Norsk Filmdistribusjon / 4 1/2

Denne hausten kjem også den fjerde langfilmen til Sara Johnsen på kino. «Rosemari» handlar om ein jentebaby som blir forlaten på eit toalett under eit bryllaup. 16 år seinare oppsøker jenta bruda som fann henne. Saman prøver dei å finne ut kven dei biologiske foreldra hennar er. Rolla som Rosemari blir spelt av debutanten Ruby Dagnall, og ho har alle reie fått mykje skryt for rolletolkinga.

Johnsen har tidlegare hausta gode kritikkar for filmar som «Vinterkyss» og «Upperdog». I tillegg har ho skrive to romanar.

Familiejul

Snekker Andersen og Julenissen

Trond Espen Seim og Anders Baasmo Christiansen spelar i årets julefilm «Snekker Andersen og Julenissen».

Foto: Fantefilm

Dei siste åra har barne- og familiefilmar vore ein sikker vinnar for norske filmskaparar. Og ved juletider kjem to filmar som bygger på kjente univers for barnefamiliar. 11. november er det premiere på «Snekker Andersen og Julenissen» med Trond Espen Seim og Anders Baasmo Christiansen på rollelista.

Og 1. juledag er det premiere på animasjonsfilmen «Dyrene i Hakkebakkeskogen», basert på barneboka til Thorbjørn Egner. Her gir mellom andre Steinar Sagen, Wenche Myhre og Stig Henrik Hoff stemmer til dei kjente figurane. Og musikken er spelt inn på nytt av gruppa Katzenjammer.

Katzenjammer lager filmmusikk fra Hakkebakkeskogen.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters