Qvisten animasjon lagar Hakkebakkeskogen
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Lagar klassikaren på ny

Dei lagar Hakkebakkeskogen om til animasjonsfilm, og gjenskaper klassikaren. Kjem dei til å gjere det godt nok?

På døra til eit stort lagerlokale på Østerås i Bærum heng eit laminert A4-ark med teksten «Qvisten animation studio». Bak døra heng store svarte teppe ned frå taket og fungerer som veggar i ein labyrint av små og store rom.

Ein stad står nokre plastkasser, og oppi kassene ligg dei velkjente dokkene Solan og Ludvig frå Flåklypa. Dei er fint pakka ned i plastikk, for i dei små romma er fem animatørar nemleg i full sving med å med å flytte og ta bilete av nokre nye dokker.

– Me har akkurat pakka ned Flåklypa, og har fått inn Hakkebakkeskogen, seier regissør Rasmus A. Sivertsen på Qvisten Animasjon.

Regissør Rasmus A. Sivertsen framføre filmsettet på Hakkebakkeskogen

REGISSØR: Rasmus A. Sivertsen er regissør på Qvisten, og her står han framføre eitt av mange filmsett som blir ein del av animasjonsfilmen Hakkebakkeskogen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I eit anna rom har det blitt laga ein skog som er høgare enn animatøren som jobbar der, og i neste rom jobbar fire personar med å få klart eit nytt sett.

Regissør Rasmus går frå rom til rom, pratar med animatørane og blir einig om utsnitt og endringar. «Kva grep tar skogmusa på gitaren», lurer nokon på.

Då er det Rasmus som tar opp telefonen. Han ringer produsenten sin:

– Kan dei ikkje dei berre skrive ned akkordane og sende dei over?

Studiolokalet til Qvisten animasjon

LAGER: Det er lite som tilseier at det blir laga dokkefilm i dette bygget i Grini Næringspark på Østerås i Oslo, men her kjem klassikar etter klassikar til liv på film.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK
Gangen på Qvisten animasjon sitt Hakkebakkestudio

VEGGAR: Store svarte teppe har blitt veggar på Qvisten animasjon sitt studio, og bak teppa står animatørane og bevegar dokkene som skal komme til liv i animasjonsfilmen om Hakkebakkeskogen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Endrar lang tradisjon

Thorbjørn Egner (1912–1990) si karriere som illustratør tok til då han som 26-åring byrja å stå for ei fast side for barn i Ukebladet illustrert i 1939.

Etter krigen var Barnetimen for de minste ein viktig arena for Egner, og i 1953 vart historia om Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen sendt på radio, og vart gitt ut som bok. Deretter vart historia endra til dokketeater i 1959, og teaterversjonen hadde uroppføring i 1962.

Sidan den gong har fleirfaldige teateroppsetningar blitt gjort av historia, men ingen har laga film av Hakkebakkeskogen.

– Eg vart veldig glad då me fekk lov til å lage filmen. Me hadde vore i samtale med Egner-familien i mange år, så det var veldig hyggeleg at dei hadde lyst til å gi oss mogelegheita, seier Sivertsen.

Christian Hartmann var den som opphavleg komponerte melodiar til Egner sine tekstar i Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen, og Rasmus sjølv peikar ut Hakkebakkeskogen som ei av dei viktigaste platene. Han fortel entusiastisk om korleis han som liten gut sat heime i stova og høyrde på plata om og om igjen.

Likevel har Qvisten gjort nokre grep for å få alt til å passe på film.

– Me har gjort eit veldig spanande grep i forhold til låtane. Dei ligg jo der. Me skal jo bruke dei, men me har invitert gruppa Katzenjammer til å arrangere om låtane litt. For å gi dei ein litt annan sound, eller for å gi dei eit litt anna preg til filmen, seier Rasmus.

Rebus0406

MULTIKUNSTNAR: Det har blitt laga både radio, teater og bøker av historiene til forfattaren, teiknaren og visesongaren Thorbjørn Egner. Her er han framføre teikningar frå Folk og Røvere i Kardemomme by. Til høgre er ein modell av teaterkulissane for same stykke.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Ein nasjonalskatt

Marianne Sveen i Katzenjammer heime i studioet sitt

NASJONALSKATT: Mariann Sveen i Katzenjammer, her i heimestudioet sitt, ser på Hakkebakkeskogen som ein nasjonalskatt. Ho er stolt over å få lov til å sette sitt preg på låtane når Hakkebakkeskogen no blir film.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Heime hjå Marianne Sveen i Katzenjammer er eit av romma i rekkehuset innreia med gitarar, piano, og kontrabass. Det er studioet hennar, men det er ikkje der ho har gjort den største jobben med å arrangere om låtane til Egner.

Med tekoppen i handa fortel ho om korleis ho under sommarturneen plutseleg kunne bli inspirert og sette seg ned med datamaskin og instrument og klimpre seg fram til det uttrykket ho ville ha. Om det var på bussen, eller om det var midt under eit anna meir «heavy» rockeband sin festivalkonsert, så spelte ikkje det noko rolle. Var ho inspirert, så var ho inspirert.

Thorbjørn Egner er nokså inspirerande for bandet ho spelar i, det i tillegg film og bilete. Egner har påverka uttrykket deira, og no får dei sette sitt preg på verket hans.

– Det er jo ein nasjonalskatt dette. Me røyrer verkeleg borti ein del av sjela til barnehistoria. Thorbjørn Egner var jo ein slags far eller bestefar for alle, så då me vart spurt om å gjere dette så tenkte eg at me måtte vera veldig nøysame når me skulle byrje å ta i dette, seier Marianne.

– Men, det har vore kjempegøy, og Egner-familien har vore veldig positive til å tole litt endring, utan at me har endra for mykje heller. Akkurat som at musikken er annleis, så er jo også bileta annleis. Det er ein heilt anna karakter over heile greia, så det ville ikkje passa med den gamle musikken no, slik som uttrykket blir, seier ho.

Medan Gaute Storaas er komponist på score, altså på musikken som elles er i filmen, så har Katzenjammer fått nokså frie tøylar på å arrangere om låtane.

Du må jo vera litt stolt over at du får lov til å gjere dette?

– Eg er så stolt! Då me blei spurt om å gjere dette, så trudde eg nesten ikkje mine eigne øyre, seier ho.

Kjappare tempo på låtane

Anne Marit Bergheim i Katzenjammer

DRØYMEPROSJEKT: Anne Marit Bergheim i Katzenjammer synest det å jobbe med Egner sine låtar er eit drøymeprosjekt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bandkollega Anne Marit Bergheim kjem andpusten inn døra heime hjå Marianne. Ho snakkar ivrig om korleis dei har fordelt låtane seg imellom, om korleis dei alle har sine favorittar dei hadde lyst til å jobbe med.

Prestasjonsangsten er likevel på plass.

– Det er ein skrekkblanda fryd med dette. Alle har eit sterkt forhold til Egner, og til dei gamle arrangementa i låtane som er heilt fantastiske og geniale. Du tuklar med noko som folk har eit sterkt og nostalgisk forhold til, men samtidig er det drøymeprosjektet, seier ho.

– Me måtte berre takke ja til å gjere det. Så måtte me berre stole på at det var nok at me hadde respekt for det gamle, men at me putta våre personlegdommar i det, og at det er tilstrekkeleg, legg ho til.

Om to tre år syng kanskje ungane på dykkar versjon, kva tenkjer de om det?

– Det er litt vanskeleg å høyre om dei syng originalen eller vår versjon, for det er jo same melodi og tekst. Men, viss dei syng den litt fortare i tempo, så kanskje det er Katzenjammer sin versjon, legg ho til.

– Men, viss det skjer, så hadde det vore heilt fantastisk. Då hadde eg følt meg veldig heidra, då hadde eg følt at «no har me sett fotavtrykk», seier ho.

SJÅ FILM:

Under innspelinga av Egner si vise, Bamsens fødselsedag, i ny Katzenjammer-drakt, så vart det laga film. Sjå kva skodespelarar som er med i filmen over.

– Det blir film, liksom

Qvisten animasjon sine kulissar i Hakkebakkeskogen

JUSTERER: Medan nokre animerer, lagar andre klar kulissar. Her skal dei siste justeringane til før animatørane tar over.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Medan Qvisten Animasjon lagar dokkefilm på Østerås, så går det i dataanimasjon på det andre studioet deira, på St. Hanshaugen i Oslo. På merittlista si har Qvisten filmar som Knudsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin, Pelle Politibil, Kurt blir grusom, og Knerten.

På lageret på Østerås har dei har gitt nytt liv til Kjell Aukrust sitt Flåklypa-univers med filmen Solan og Ludvig–Jul i Flåklypa, filmen som hadde den beste opningshelga på kino i 2013.

Solan og Ludvig: Herfra til Flåklypa er å sjå på kino romjula 2015, og truleg blir ein tredje film om Flåklypa også. Men, først skal Dyrene i Hakkebakkeskogen på kino i romjula 2016, om alt går etter planen.

– Det kan fort hende at filmen blir ståande som den nye klassikaren, kva tenkjer du om det?

– Eit teaterstykke set ein opp, og så går det ned igjen. Filmen blir ståande lenger, og det er ei kjempeutfordring, og det er kjempespanande. Me prøver å gjere filmen så klassisk som mogeleg, men me ser også på kva me kan gjere i filmen som ein til dømes ikkje kan gjere på teater, seier Rasmus.

Han forklarer med heile kroppen korleis dei med filmen kan vera med inn, saman med karakterane. Korleis dei til dømes kan vera med Bestemor Skogmus i det ho flyg gjennom skogen, eller korleis dei kan vera med dyra når dei går saman inn på bondegarden for å redde Brumlemann.

– Det er viktig at me brukar filmmediet for det som det er, at det ikkje berre til ein teater- eller lydbokvariant, men det blir film, liksom, seier han.

Animatør Jens Jonathan Gulliksen i Qvisten animasjon

ANIMERER: Jens Jonathan Gulliksen er fullt konsentrert når han flyttar på dokkene og dermed animerer dyra i Hakkebakkeskogen. Korleis dokkene ser ut skal haldast hemmeleg, enn så lenge.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Effektiv produksjon

Skjelett til dokke på Qvisten

SKJELETT: Skjelettet til hunden i Hakkebakkeskogen har Håvard Karlsen brukt rundt 14 dagar på.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På fem forskjellige rom står animatørane åleine med datamaskin, filmsett, og flyttar på dokkene. Dei tar eit bilete, flyttar på dokkene, og tar eit nytt bilete.

Teknikken kallast stop-motion, og alle rørsler i biletet må dei ha kontroll på, om det er munnen eller armane til dokka som skal røre seg. Dei flyttar på dokka, tar eitt nytt bilete, flyttar igjen. Når dei har tatt 24 bilete har dei eitt sekund med film.

– Me har eit mål om at ein animatør lagar fire til fem sekund med film om dagen, så me produserer eit par minutt i veka. Det tar ofte eit år å «skyte» ein slik film, iallfall når filmen skal bli rundt 75 minutt lang, seier Rasmus.

Medan animatørane jobbar, så er andre i sving med å legge siste detalj på dokkene som skal med i neste scene. Berre skjelettet til hunden har stop-motion-riggar Håvard Karlsen brukt rundt 14 dagar på å skru saman. Med ei lupe på hovudet, og med godt lys på bordet, så innrømmer at han er ei tolmodig sjel.

Stop-motion-riggar Håvard Karlsen på Qvisten animasjon

TOLMODIG: Stop-motion-riggar Håvard Karlsen på Qvisten animasjon innrømmer at han er ei tolmodig sjel.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Til slutt skal dokkene få stemmer, og blant 22 namn på skodespelarar nemner Rasmus blant andre Wenche Myhre som Bestemor Skogmus, Egil Hegeberg frå Bare Egil som Petter Piggsvin, Steinar Sagen som Elgen og mannen på garden, Stig Henrik Hoff som Reven, med fleire. Qvisten har fått dei skodespelarane dei har hatt lyst på, for ingen har sagt nei til å bidra med si stemme til dei mange dokkene.

– Når det gjeld dokkene så må dei sjå ut slik som ein ventar at dei skal sjå ut. Fordelen er at me kan lage dei mykje meir som dyr, for det er ikkje menneske som er kledd ut på ei scene. Me lagar dei som dei dyra dei er. Me held oss til Egner sine teikningar, men me drar også litt på, seier Rasmus.

Og sjølv om dokkene skal likne på Thorbjørn Egner sine teikningar, så er Rasmus nøye på at noko bilete av dei ferdige dokkene ikkje skal visast fram ratt enno.

Dokker som brukast i Hakkebakkeskogen på Qvisten

DOKKEPRODUKSJON: Fleire dokker skal ferdigstillast, og med skjelettet i orden kan siste del monterast.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Blir dette ein ny klassikar?

– Det får me håpe, seier Rasmus og ler beskjedent.

– Me får berre håpe det, det hadde vore kjempegøy, legg han til.

HØYR SAKA FRÅ SPILLEROM:

(Trykk på høgtalarikonet for å høyre radiosaka.)

LES OGSÅ:

Del på Facebook Del på Twitter Del på Google+ Del på epost