Hopp til innhold

MGP-vinnaren blir hylla i utlandet: – No satsar Noreg

Alessandra (20) skal representere Noreg i Eurovision. – Eit sterkt val, seier journalist og MGP-entusiast Ole Tøpholm.

Alessandra under generalprøven til MGP-finalen 2023

Alessandra vann årets Melodi Grand Prix med låten «Queen of Kings».

I går kveld stod ni norske artistar på scenen, men det var norsk-italienaren Alessandra som gjekk av med sigeren og sikra seg gullbilletten til den internasjonale finalen, Eurovision Song Contest.

Ole Tøpholm er ein dansk journalist, radiovert og Eurovision-ekspert. Han har blant anna vore Danmarks Radios kommentator ved Eurovision Song Contest.

– Alessandra er eit sterkt val av Noreg, med ein låt som truleg kjem til finalen på grunn av mykje energi, ein god melodi og element av orientalsk stemning, seier han.

– Det er ein moderne produksjon, legg dansken til.

Alessandra tok sigeren i Melodi Grand Prix 2023
Foto: Celina Øier / Celina Øier

– No satsar Noreg

Han peikar vidare på at Noreg kunne ha valt den tradisjonelle norske vegen med Ulrikke Brandstorp, som syng flott og leverer varene.

Dansken meiner Ulrikke også kunne ha gjort det bra, men:

– Det hadde vore «klassisk Noreg».

– No satsar Noreg. Kor langt den kan kome i Eurovision-finalen blir spennande å sjå, fortel Tøpholm.

Les også Subwoolfer kastet maskene – var ikke forberedt på suksessen

Hadde større tru på Jone

Svenske Torbjörn Ek, som er journalist og Eurovision-ekspert for Aftonbladet, såg også på den norske finalen.

Før finalen var han ganske nedslåande mot Ulrikkes låt som han meinte var kjedeleg, og beskreiv det som ein «generisk Eurovision-låt som ein har høyrd hundre gongar før».

Han meinte Alessandra var det sikraste kortet å sende til Eurovision, og det skulle vise seg at det norske folk høyrde på han.

– Noreg gjorde eit «trygt» val, understrekar han.

Ek meiner det hadde vore modigare å røyste fram den største hitten i Noreg, Jones «Ekko inni meg».

– Den trur eg hadde kunne gjere eit stort avtrykk i Eurovision, ettersom låtar på morsmålet har hatt stor framgang dei siste åra.

torbjørn ek

Torbjörn Ek trur Alessandra kan få mange publikumsstemmer.

Foto: Tiril Mettesdatter Solvang / NRK

Kan nå topp fem

Han synest ikkje Noreg har valt feil. Ifølgje Ek kjem Alessandra garantert til finalen.

– Ho kan til og med vere med å slost om ein topplassering, i alle fall når det kjem til publikumsstemmene.

– Alessandra burde også ha stor sjanse til å kome på topp fem, seier Ek og minner oss på at det vil forbetre Subwoolfers plassering frå i fjor som kom på ein 10.-plass, seier svensken.

Ek meiner at det sterke refrenget og det enkle feministiske bodskapet vil tiltrekke eit bredt publikum, spesielt yngre og bevisste kvinner kjem til å stemme på Alessandra.

Alessandras framføring under finalen i Melodi Grand Prix.

Svakheiter og skuldingar om plagiat

Når det kjem til svakheiter peikar han på risikoen ved at låten har vorte ein snakkis for tidleg.

– I den her verda kan det iblant gå veldig fort, og det som får mykje merksemd i februar kan kjennest ut som gamle nyheiter i mai, når det er dags for Eurovision, seier Ek.

Onde tunger vil ha det til at Alessandras «Queen of Kings» minner litt for mykje på Klara Hammarström og «Run To The Hills», som kom på 6.-plass i svenske Melodifestivalen i fjor.

Det er dansken Ole Tøpholm fullstendig ueinig i:

– Ofte minner nyskrive popmusikk om noko anna. Det er berre i Eurovision det blir ein debatt ut av det.

– Det er same stil, ja, men det er ikkje noko som på nokon måte overskrid reglane for plagiat. Det er ein fin låt, avsluttar Tøpholm.

Les også Alessandra vann Melodi Grand Prix

Kulturstrøm

  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.

  •  Regjeringa føreslår å auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner

    Regjeringa føreslår å auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner frå 2025, til 27 milliardar kroner.

    Kulturminister Lubna Jaffery meiner det er viktig med meir kunst og kultur i ein utrygg tid, der ein i mange andre land ser autoritære krefter på frammarsj.

    – Vi meiner det er viktigare enn nokon gong å legge til rette for eit ope ordskifte, kunstnarisk friheit, frivilligheit og inkluderande fellesskap både i kulturen og idretten, seier kultur- og likestillingsministeren.

    Dans, musikk- og scenekunstinstitusjonar, museum, frivilligheit, ytringsfridom og utvikling av KI er nokre av felta regjeringa har valt å prioritere.

    Lubna Jaffery med langt svart hår
    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.