Hopp til innhold

MGP-vinnaren om sigeren: – Eg skal gjere dykk stolte!

Blant ni finalistar var det Alessandra som trakk det lengste strået i årets Melodi Grand Prix.

Alessandra tok sigeren i Melodi Grand Prix 2023
Foto: Celina Øier / Celina Øier

Det vart liv i Trondheim Spektrum i kveld da Alessandra gjekk sigrande ut av Melodi Grand Prix-finalen.

Norsk-italienaren får dermed æra av å representere Eurovision Song Contest i Liverpool i mai.

– Dette er ei stor ære. Eg skal gjere dykk stolte! sa Alessandra rett etter at sigeren var eit faktum.

– Dette skal feirast med ein skikkeleg fest. Og ikkje ein god natts søvn, seier Alessandra til NRK etter finalesendinga.

Ho seier ho skal nyte denne kvelden, mens smilet nesten går rundt.

– Alle er så flinke, og det har vore ei berg- og dalbane fram til nå. Det var vanskeleg å seie på førehand kven som skulle vinne, fortel ho vidare.

Alessandra på scena i MGP-finalen.

Sjå framføringane frå alle finalistane her.

Skal forbetre antrekket

Alessandra har sjarmert sjåarane og den internasjonale juryen med låten «Queen of Kings».

NRKs kritikar skriv dette om vinnaren: «Alessandra har også en veldig sjarmerende utstråling og energi, så dette er uansett intet katastrofalt bidrag fra Norge i finalen».

På scena har ho på seg ein svart bodysuit med ein kappe som flagrar i vindmaskin-vinden.

På spørsmål om korleis ho skal overgå antrekket ho har nå svarer ho:

– Eg vil vise alle saman POWER i Eurovision i Liverpool!

Alessandra Mele på scena i MGP

Alessandra på scena i MGP-finalen.

Foto: Ulrik Kramer

Nummer 1 på den globale lista på Spotify

20-åringen har budd mesteparten av livet i Italia, men etter ho var ferdig med vidaregåande bestemte ho seg for å flytte til Noreg.

I dag bur ho på Lillehammer og studerer på musikkskulen LIMPI. Låten «Queen of Kings» handlar om å tore og vere seg sjølv, og det å kome sterkare ut av vanskelege periodar i livet.

– Eg hadde aldri trudd dette for eitt år sidan. Ein draum har gått i oppfylling. Det handlar om å ha trua på seg sjølv og ikkje gi opp, konstaterer ho etter finalen.

Låten har 5, 7 millionar avspelingar på Spotify, og har toppa dei internasjonale listene i Europa den siste tida.

Les også: Sanninga som faren ikkje veit om er blitt ein global hit

 Alessandra Mele i forbindelse med MGP
 Alessandra Mele i forbindelse med MGP

I skrivande stund er «Queen of Kings» på fyrsteplass på Spotifys globale liste.

Tekst og melodi er av Henning Olerud, Stanley Ferdinandez, Alessandra Mele og Linda Dale

Internasjonal jury

Rett før finalen låg Alessandra på andreplass på oddslista til Eurovisionworld. Det er ein nettstad som samlar inn odds frå fleire tippeselskap. Men det norske folk ville det annleis enn det tippeselskapa trudde.

Ho fekk flest stemmer frå både det norske folk, og den internasjonale juryen.

I år var det gjort fleire endringar i Melodi Grand Prix. Ei av endringane var gjeninnføring av internasjonal jury. Juryen bestod av bransjefolk frå eit utval land og telte 50 % i finalen. Publikumsstemmene telte andre halvparten.

Kulturstrøm

  • Torkil Damhaug får Rivertonprisen 2022

    Torkil Damhaug får Rivertonprisen for 2022. Han er dermed den første forfatteren som har fått prisen tre ganger.

    Torkil Damhaug har tidligere fått Rivertonprisen for «Ildmannen» (2011) og «En femte årstid» (2016).

    Damhaug er utdannet lege med spesialisering innenfor psykiatri. Han debuterte med «Flykt, måne» i 1996, og har til sammen gitt ut elleve bøker.

    – Jeg kjenner meg lettet og glad, kanskje enda mer enn sist. Når Riverton-juryen nå gir meg en tredje revolver, velger jeg å forstå det slik at de ser en utvikling i forfatterskapet mitt, og ikke bare en gjentakelse av noe jeg har skrevet tidligere, sier Damhaug.

    «Ulike fortellinger konkurrerer i denne kriminalromanen som i kraft av personskildringer, skiftende miljøbeskrivelser, intrikate og troverdige konflikter, og en mesterlig håndtering av alle skiftende fortellemåter, utvilsomt også kan kalles en samtidsroman av uvanlig litterær kvalitet,» heter det blant annet i juryens begrunnelse.

    «Jeg hadde håpet at det skulle være mulig, i alle fall innenfor min tid i juryen for Riverton-prisen, å unngå å gi prisen til samme forfatter for tredje gang. «Hund uten grav» gjorde ethvert slikt håp til skamme», skriver juryleder Hans H. Skei i begrunnelsen.

    Rivertonprisen, «Den gylne revolver», deles ut årlig av Rivertonklubben for det beste arbeidet innen norsk kriminallitteratur. Prisen er et samarbeid mellom Rivertonklubben, Den norske Forleggerforening og Bokhandlerforeningen. Prisen ble delt ut for første gang i 1973.

    Prisvinneren ble overrakt sin tredje gylne revolver under en seremoni på Litteraturhuset i Oslo torsdag formiddag.

    (NTB)

  • Naturhistorisk museum UiO kåret til årets museum

    Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, ble kåret til årets museum 2023, melder museumsforbundet i en pressemelding.

    I nominasjonen skriver blant annet juryen at Naturhistorisk museum er ett av landets største, eldste og best besøkte museer og museumsområder. Et velvoksent museum med ansvar for å forske på og formidle betydningen av klima, mangfold og bærekraft for livet på jorda.

    Prisen ble delt ut av statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet Odin Adelsten Bohmann og sametingsråd Maja Kristine Jåma i Stavanger.