Hopp til innhold

Ulrikke Brandstorp er MGP-favoritt: – Skal aldri stole på oddsen

Ulrikke Brandstorp ligg øvst på oddslista til Eurovisionworld. Torbjörn Ek, journalist i Aftonbladet og MGP-ekspert, håpar at Ulrikke ikkje vinn.

Ulrikke Brandstorp på generalprøven for første delfinale i Melodi Grand Prix 2023.

– Alt kan skje på laurdag, så ein må berre gi jernet, seier Ulrikke. Her i den fyrste delfinalen.

Foto: Ulrik Kramer/NRK

På laurdag er det finale i Melodi Grand Prix.

9 artistar skal kjempe om å representere Noreg i Eurovision, som går av stabelen i Liverpool i mai.

Sjølv om Alessandra Mele er nummer to på Spotifys globale liste, med Jone hakk i hæl med 2,1 millionar avspelingar, er det Ulrikke Brandstorp som er oddsfavoritten til Eurovisionworld.

Eurovisionworld er ei nettside som samlar alt om Eurovision Song Contest.

Dei har samla inn odds frå fleire tippeselskap som held Ulrikke Brandstorp som favoritt. Dei spår at det er 39 % sjanse for at ho vinn.

Sarpingen tar likevel ikkje sigeren på forskot.

– Eg føler at ein aldri skal stole på betting, for det har skjedd fleire gongar at bettinglistene har slått heilt feil an, seier ho.

– Men det er så klart stas at nokon har trua på meg.

Ulrikke Brandstorp

Ulrikke Brandstorp gler seg til MGP-finalen, og skal gi alt og kose seg mens ho gjer det.

Foto: Alexander Vestrum / Alexander Vestrum

Berre ikkje send Ulrikke

Er det ein som har sterke meiningar om kven vi bør sende til den internasjonale finalen, så er det svenske Torbjörn Ek.

Han er journalist i Aftonbladet og ekspert på både den svenske Melodifestivalen og norske MGP:

– Eg synest det er vanskeleg å tippe, men eg redd for at det norske folk kjem til å stemme Ulrikke vidare til Europa som ein trøystepremie for at ho ikkje fekk deltatt under Eurovision under pandemi-året, seier han.

Ek trur at vi vil gjere oss sjølve ein bjørneteneste ved å sende Ulrikke.

– Honestly er ein generisk Eurovision-ballade som vi har høyrd hundrevis av gongar før.

– Hadde Ulrikke konkurrert med den norske versjonen, den med norsk tekst, hadde den truleg gått betre, konstaterer han.

torbjørn ek

Torbjörn Ek trur ikkje at «Honestly» av Ulrikke vil kome opp til øvre halvdel av tabellen l ein eventuell Eurovision-finale.

Foto: Tiril Mettesdatter Solvang / NRK

Det sikre kortet er Alessandra

MGP-eksperten håpar at det står mellom Jone og Alessandra i finalen.

– Eg hadde vorte kjempeglad om Jone vann, og at Noreg konkurrerte med ein norsk låt, og at de ikkje gjer som Tix og omsett låten, understrekar han.

Han peiker på at «Ekko inni meg» er ein stor hit i Noreg, og det er viktig at Noreg stiller seg bak.

Vidare meiner han at Noreg heller ikkje gjer seg bort om vi sender Alessandra til Eurovision.

– Ho har gått viralt, og det er ein snakkis allereie. Det sikre kortet for Noreg er å sende Alessandra. Om de er modige så sender de Jone. Og om de skal vere kjedelege så sender de Ulrikke, seier Ek.

  • Alessandra Mele på scena i MGP

    Alessandra under fyrste delfinale. Ho er nummer to på oddslista til Eurovision World.

  • Jone opptrer i delfinale to av Melodi Grand Prix.

    Jone under andre delfinale. Han er nummer tre på oddslista til Eurovision World.

Ulrikke Brandstorp er uansett bestemt på kva som er styrkane hennar i ein eventuell Eurovision-finale.

– Eg trur at eg og min manager er så svoltne på å representere Noreg at vi vil setje av livet til Eurovision. Vi skal gå heilhjarta inn, vere der fansen er og forhåpentlegvis synge fint, avsluttar ho.

Kulturstrøm

  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.

  •  Regjeringa føreslår å auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner

    Regjeringa føreslår å auke kulturbudsjettet med 1,2 milliardar kroner frå 2025, til 27 milliardar kroner.

    Kulturminister Lubna Jaffery meiner det er viktig med meir kunst og kultur i ein utrygg tid, der ein i mange andre land ser autoritære krefter på frammarsj.

    – Vi meiner det er viktigare enn nokon gong å legge til rette for eit ope ordskifte, kunstnarisk friheit, frivilligheit og inkluderande fellesskap både i kulturen og idretten, seier kultur- og likestillingsministeren.

    Dans, musikk- og scenekunstinstitusjonar, museum, frivilligheit, ytringsfridom og utvikling av KI er nokre av felta regjeringa har valt å prioritere.

    Lubna Jaffery med langt svart hår
    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.