Hopp til innhold

«Krympflasjon» er årets ord

Krig, økonomi og straum er tema som går igjen på lista til Språkrådet. Som å bla igjennom ei verbal minnebok, seier språkforskar Helene Uri.

Lefser

Lefsepakka frå Baxt krympa med éi lefse i år, men likevel er prisen den same som før.

Foto: Sofia Storhaug / NRK

Om ein skal prøva å summera opp 2022 kort, kan Språkrådet si liste over årets ord vera ein stad å starta.

Kvart år leiter Språkrådet etter årets ord. Dei tek for seg databasar med ord som har vorte brukt i media i løpet av året, og samanliknar desse med funn frå tidlegare år.

– Me ser etter ord som peiker seg ut for kvart år. Det kan anten vera heilt nye ord eller ord som kanskje har vore litt i bruk frå før av, men som har stige mykje i bruk eller fått ei ny tyding, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås til NRK.

I år har Språkrådet kåra «krympflasjon» til årets ord.

– Krympflasjon samanfattar 2022 på ein slåande måte. Det er mange som opplever vanskelege tider på grunn av prisutviklinga me har sett, seier Wetås.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås i blå blazer

Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier at bruken av ordet krympflasjon har eksplodert dette halvåret.

Foto: Oda Hveem

– Gammalt fenomen, nytt ord

I haust har NRK vist fram fleire døme på matvarer som har krympa i innhald, utan at prisen vert sett ned.

Det er dette krympflasjon handlar om, sett saman av orda «krymping» og «inflasjon».

Lefser

Plutselig ble det én færre lefse å by på. Produsenten Baxt viser til dyrere råvarer og emballasje som årsak.

Soft Flora

Soft Flora endret pakken med margarin, og med dét forsvant 60 gram. Mills sier lokkene på de tidligere begrene satt løst, noe som skapte problemer i produksjonen. Dette skal spare samfunnet for plast.

Kavring

En annen vare fra Baxt har også krympet- Kavringene fikk nytt design, noe produsenten har merket, men den nye pakken sier ingenting om at kundene får 160 gram mindre kavring.

Grønnsåpen til Rema har krympet fra 1,5 liter til 750 ml.

En flaske grønnsåpe fra Rema ble endret i likhet med hos konkurrentene, og prisen økte samtidig. Prisen er satt ned igjen.

Wetås peiker på at fenomenet er gammalt, men ordet er nytt, i alle fall i norsk offentlegheit.

Økonomikommentator i NRK Cecilie Langum Becker skreiv også om krympflasjon i haust då ho skulle skildra prisstigingane dette halvåret.

Årets ord treffer jo tidsanden så til dei gradar, der folk føler dei får mindre og mindre igjen for pengane sine. Det er noko folk er skikkeleg opptekne av, seier Becker.

Språkforskar Helene Uri seier krympflasjon er eit døme på det ho kallar «brilleord».

Helene Uri

Språkforskar Helene Uri tykkjer krympflasjon er eit godt ord, både formmessig og leksikalsk.

Foto: Christine Calvert

– Utstyrt med brilleord kan ein sjå ting klarare. I dømet med matvareprisane ser me korleis produsentane skjuler prisstiginga. Krympflasjon bidreg til at me får auge på kva matprodusentane gjer, at dei eigentleg lurer oss litt, seier Uri.

– Triste ord på årets liste

Lista for i år er prega av tema som krig, økonomi og straum.

På femteplass finn ein ordet «Kyiv», namnet på hovudstaden i krigsramma Ukraina. I år gjekk Språkrådet og Utanriksdepartementet saman om å råda folk til å skriva «Kyiv» framfor den skrivemåten som har vore vanlegast i Noreg, «Kiev».

Årsaka er at «Kyiv» ligg nærare den ukrainske skrivemåten, medan «Kiev» ligg nærare den russiske.

– Å sjå kandidatane til årets ord er som å bla igjennom ei verbal minnebok, seier Uri.

Uri legg til at det stort sett berre er triste ord på årets ordliste.

– Men verda ser ut som ho gjer, og språket og nyheitssakene speglar den situasjonen verda står i, understrekar Uri.

President Joe Biden trykker knyttneven sin leitt mot knyttneven til den saudi-arabiske kronprinsen Mohamad bin Salman. Dette under eit besøk i Saudi-Arabia i februar i år.

Joe Biden valde å knokehelsa på den saudiarabiske prinsen Mohamad bin Salman då han besøkte kongeriket i juli.

Foto: Bandar Aljaloud / NTB

Ser ein på listene frå 2020 og 2021, var det eit vell av koronaord som tok plass, fortel direktør Wetås i Språkrådet. Men éin siste rest frå koronaen heng igjen på årets fjerdeplass: «knokehelsing».

Ordet vart nemleg mykje brukt i media då Joe Biden møtte kronprinsen av Saudi-Arabia Mohamad bin Salman.

– Forhåpentlegvis er knokehelsing ei siste språkleg helsing frå pandemien, seier Wetås.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.