Hopp til innhold

Her vil historielaget bytte namn på sentrum av bygda

I dag heiter det «Krossen», både på folkemunne og i Google Maps. Nå vil det lokale historielaget at det offisielle namnet blir Rauland sentrum.

Rauland sentrum som noen kaller Krossen og noen kaller Rauland sentrum

ENDRE NAMN: Der bensinstasjonen, matbutikken, trelasta og skulen ligg ønske no Rauland historielag å endre namnet.

Foto: Nils F. Skumsvoll / NRK

Sentrum eller «Krossen»? Potatoe, potatoe, vil nokon meine.

Men det gjer ikkje Rauland historielag.

Kva skal staden heite?

Om du seier «Krossen» til ein fastbuande eller hytteeigar i Rauland, vil dei fleste forstå kva for eit område du snakkar om. Nøyaktig same reaksjon vil du nok få om du omtaler det som sentrum.

Søker du opp «Krossen» i nynorsk ordliste, skildrast det også som «sentrum på ein liten stad».

Det er der bensinstasjonen ligg. Matbutikkane. Puben, trelasten og skulen.

På sitt møte i januar, vart det samrøystes vedtatt av historielaget at namnesaka måtte avgjerast ein gang for alle. Dei vil kalla staden for Rauland sentrum.

Leiar av historielaget, Toril Nicolaisen fortel at dei ønskjer å endre namnet fordi det er Rauland sentrum som blir mest brukt.

– Krossen er eit namn som har vore lite i bruk, kvart fall blant mange. Det har vore eit namn som har vore framandt for mange som har vakse opp her.

– Er dette så viktig?

– Viss det er det vi bruker mest, så er det viktig. Det er mykje meir presist og då veit alle kor det er.

Grunngjevinga er at namnet Rauland blir bruka om eit større geografisk område.

– Derfor vil Rauland sentrum vera eit stadnamn som er sjølvforklarande, i og med at det er sentrum i bygda. Dette blir også bruka av mange i dag, både fastbuande, hyttefolk og andre, skriv dei i vedtaket.

Som sagt så gjort.

Dei har nyleg bedt kommunen starte ein såkalla namnesak, og administrasjonen har tatt saka på alvor.

Vinje kommune ber nå om innspel frå innbyggjarane gjennom ein høyring, med frist den 2. juni.

Delte meiningar

I dag vert Krossen bruka som namn på tettstaden i Sentralt stadnamnregister (SSR).

Svein Kostveit, innfødt raulending og mangeårig direktør for rehabiliteringssenteret AIR i Rauland, opplever at folk bruker ulike stadnamn om «midten» av bygda.

Han har høyrt både «Krossen», «Krysset», «Kryssi», «Libru», sentrum og «Midtbygdi» bli brukt for å beskrive staden, og synest det høyrast fornuftig ut om man kan bli samd om eitt namn.

Svein Kostveit, AIR

Svein Kostveit, innfødt raulending.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– I gamle dagar var det nokon som sa Midtbygdi. Men det seier kanskje ikkje så mykje. Sjølv seier eg faktisk krysset. Krossen følast litt konstruert? Krossen lyder meir religiøst, meiner han.

– Kvifor kallar mange det da for Krossen?

– Eg veit ikkje. Krossen betyr jo kryss eller kors. Men det er i det minste meir høgtideleg med Krossen, meiner Kostveit, som også er leder for mållaget i Vinje.

– Det kan nok hende at dette må bli et tema på neste vekes møte, ler han.

Les også Færre unge kjenner til ordtak: «Høgt heng dei og ... svingar?»

Elevar på Stord folkehøgskule

– Ganske veletablert

Eirik Holte er rett nok innflyttar til bygda, men som butikksjef ved daglegvarebutikken Spar i Rauland, er det likevel på sin plass med ein kommentar frå det lokale næringslivet.

– Eg skal vel vere litt forsiktig med å meine for mykje om dette, men sjølv kallar eg det Krossen. Det opplever eg at folk som er lokale her også gjør, seier han.

Eirik Holte, butikksjef Spar Rauland

Eirik Holte, innflyttar og butikksjef ved Spar Rauland.

Foto: Tor Mølster Byggland

– Det verkar ganske veletablert, men det blir spennande å sjå kva man ender opp med, meiner butikksjefen.

Etter at høyringsperioden er ute, vil innspela bli samordna og sendt til Språkrådet for tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing.

Deretter blir det skrive politisk sak til plan- og miljøutvalet, som gjer vedtak om namna.