Hopp til innhold

Linda Eide sluttar i NRK når «språksjovet» blir lagt ned: – Alt ho tar i, blir gull

Tv-suksessen «Eides språksjov» blir lagt ned, og programleiar Linda Eide sluttar i NRK.

Linda Eide i Eides språksjov

LEGG NED DENNE PENNEN: NRK legg ned det populære tv-programmet Eides språksjov, og programleiar Linda Eide sluttar i NRK.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

– Eg er jo ikkje død. Eg har berre sagt opp ein fast jobb.

Det seier Linda Eide, etter å ha lese «krigstypane» som dukka opp i norske nettaviser måndag ettermiddag:

«Slutt for Eides språksjov». «Linda Eide forlèt Statskanalen».

– Det er ikkje nokon dramatikk eller nokon affekt i dette. Eg har tenkt ei stund på det.

– Men du høyrest litt sørgmodig ut?

– Det høyrest vel ut som eg har gråte heile dagen. Men eg er altså sørpe forkjølt.

Linda Eide og språkprofessor Gunnstein Akselberg

No er kommaet plassert riktig, Eides språksjov er slått av, og programleiar Linda Eide sluttar i NRK. Til høgre: den faste makkeren Gunnstein Akselberg.

Ein floskel om alt

55-åringen har vore NRK-journalist i 35 år.

Ho utelukkar ikkje at ho kjem til å jobba for NRK på enkeltprosjekt i framtida.

BT omtalte saka først.

Men kvifor sluttar Eide, og kvifor avsluttar NRK talkshowet hennar – orsak: snakkesjovet?

– Det er ei tid for alt, seier ho håst.

– Den floskelen brukar folk som ikkje vil forklara?

–Ja, sånne uttrykk finst, fordi ein treng dei når ein liksom ikkje har andre ord for det, seier språknerden som i nesten hundre program har leika med og forklart finurlegheitene i språket.

Linda Eide (foran) sluttar i NRK, og kollega Øyvor Bakke viser med Oddvars Torsheim sitt bilete korleis nyheita blir møtt med "sjokk og vantru".

Linda Eide sluttar i NRK, og kollega Øyvor Bakke viser med Oddvar Torsheim sitt bilete korleis nyheita blir møtt med «sjokk og vantru».

Foto: Leif Rune Løland / NRK

TV-suksessen tapte strøymekampen

«Eides Språksjov» gjekk i beste sendetid på NRK1 på laurdagskvelden. Programserien har hatt høge sjåartal heilt sidan starten i 2017 og fram til siste program i romjula 2023.

– Det har vore ein sjåarsuksess for det lineære publikummet på NRK1, men det er ei tid for alt, seier programsjef Kristin Ytre-Arne i NRK Vest.

Der kom jammensanten det uttrykket igjen.

For å få til noko nytt, må me nokon gonger slutta med noko. Sjåarvanane er endra. Stadig fleire vel å sjå på TV når dei sjølv vil.

Kristin Ytre-Arne programsjef, NRK Vest

Ytre-Arne seier tala er tydelege: talk show passar for «klokkeslett-TV», altså lineære TV-sendingar.

– Der har språksjovet stått seg fantastisk sterkt og godt, men programmet har ikkje vunne kampen om strøymepublikum. Derfor har me utfordra Linda til å utvikla nye programidear for både NRK1 og strøymepublikummet i NRKTV.

Det aller siste programmet av Eides språksjov, sendt 16. desember 2023, med Åge Aleksandersen som gjest. Frå venstre: Linda Eide, Åge Aleksandersen, Gunnstein Akselberg, Halvor Folgerø og Sjur Hjeltnes.

Det aller siste programmet av Eides språksjov, sendt 16. desember 2023. Frå venstre: Linda Eide, Åge Aleksandersen, Gunnstein Akselberg, Halvor Folgerø og Sjur Hjeltnes.

Foto: Tore Zakariassen / NRK

For å gi henne tid til dette, stoppa NRK produksjonen av språksjovet.

– Då valde Linda å slutta, men døra er ikkje lukka. Me er framleis opne for idéane hennar.

Linda har ei unik formidlingsevne og potensiale til å vinna ein kvar strøymekrig. Alt ho tar i, blir gull.

Kristin Ytre-Arne programsjef, NRK Vest

– Det var ikkje noko problem med sjåartala, men eit slags problem kvar desse sjåarane er. At det ikkje er mange nok som ser språksjovet på strøyme-TV. Eg trur for så vidt språksjovet kunne ha levd vidare, men det er ikkje eg som bestemmer, seier Eide sjølv.

Maldon-salt i grauten

Framtidsplanane hennar er no omtrent slik:

– Litt ferie og sånn. Eg har rett og slett drøymt om litt meir fritid, viss eg skal vera heilt dønn ærleg. Eg har stått i litt spagat og gjort litt for mange ting.

– Så du skal feida ut, rett og slett?

– På ingen måte, men eg skal ikkje jobba 150 prosent. Men det skal nok utviklast nokre nye idear. Og eg vil halda fram eigne prosjekt eg har gjort ved sida av NRK: Driva formidling, laga sceneframsyningar om tema eg er interessert i. Snakka om klart språk. Skriva meir. Og ikkje minst: sykla meir.

– Skal du starta eige firma og tena meir pengar på frilansing, slik mange kjempegode, populære NRK-folk gjer?

– Dette handlar i alle fall ikkje om pengar. Men eg håpar eg skal ha til salt i grauten. Maldon-salt, helst.

– Siste ord er aldri sagt

Blant alt det sprelske Linda Eide har gjort som journalist i allmennkringkastarens teneste – og vunne prisar for – meiner ho Eides språksjov var den beste idéen.

– Det er veldig pinleg å seia det, sidan mitt namn er med i tittelen, for æra for det programmet tar eg på ingen måte aleine.

Og så legg vossingen i veg som om ho hadde fått Oscar- eller Spellemannprisen:

– Takk til professor Gunnstein Akselberg, pianist Sjur Hjeltnes og kollega Halvor Folgerø, og sjefane mine, og alle som var med i teamet, som det heiter.

Linda Eide

I sine 35 år i NRK har Linda Eide blant mykje anna skapt TV-suksessar som Norsk attraksjon, Smæsj og Eides Språksjov.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Korleis byrja du i journalistikken?

– Nei, no må du gi deg. Er dette eit slikt «dette var ditt liv»-intervju? Eg er som sagt ikkje død endå.

– Ok. Men me skulle hatt ein punch line her?

– Det skal du få: Siste ord er aldri sagt.

Eg har tenkt at når eg ikkje får gjera det eg brenn aller mest for, så gjer eg heller noko eg brenn for sjølv.

Linda Eide