Hopp til innhold

Korona påverkar kva musikk vi høyrer på

Utbrotet har korona har ført til endra lyttevanar når vi strøymer musikk, viser statistikk. Dei siste vekene har songar til trøyst og barnemusikk fått eit kraftig oppsving.

Andreas "Tix" Haukeland

KARANTENE: Denne helga er «Karantene» med Tix den mest strøyma låten på Spotify i Noreg. Musikkvitar meiner dette er årets hit, og trur låten kan få klassikarstatus etter tida med korona.

Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

Dei siste vekene har det blitt meir heimetid med familien for mange. I forbindelse med dette er det mange som har laga seg personlege spelelister for anledninga. Og situasjonen set sitt preg på valet av musikk, viser statistikk.

Ei oversikt frå strøymetenesta Spotify viser at mange av brukarane vel seg meir akustiske og mindre dansbare låtar enn dei vanlegvis gjer. I tillegg har Spotifys eigne spelelister som er knytt opp mot matlaging og husarbeid fått eit oppsving.

Spotify ser også at mange av brukarane no deler dei personlege spelelistene sine på sosiale medium, enn det som er gjort tidlegare.

Hør den fine hyllesten av heltene i samfunnet som utsetter seg for smitte for å hjelpe andre. NRK fikk med seg Ingrid Olava som skrev en helt ny tekst til "Warrior Song" og gjorde en ny innspilling for å hylle hverdags-krigerne.

Hør den fine hyllesten av heltene i samfunnet som utsetter seg for smitte for å hjelpe andre. NRK fikk med seg Ingrid Olava som skrev en helt ny tekst til "Warrior Song" og gjorde en ny innspilling for å hylle hverdags-krigerne.

Songar til trøyst og glede

Official Charts Company, som utarbeider den offisielle singellista i Storbritannia, har også laga ei oversikt over kva låtar som har hatt den største auken i strøyming etter at det blei innført strenge tiltak mot korona i landet. Mange britar sit no heime og høyrer blant anna på musikk. Og fleire av desse ser ut til å ha laga seg eigne spelelister for anledninga.

Songen som har hatt den største auken er «You'll Never Walk Alone» med Gerry and the Pacemakers frå 1963, med ein auke på nesten 150 prosent.

Songen blei denne veka spelt samtidig på 180 radiostasjonar over heile Europa, skriv BBC.

I tillegg har optimistiske songar som «Move Your Feet» med Junior Senior, «Reach» med S Club 7 og «Music Sonds Better With You» med Stardust hatt kraftig auke i strøymetala.

Isolasjon og endetid

Fleire av songane som har fått sin renessanse blant britane har også eit isolasjonstema eller eit varsel om endringar i verda.

«Locked Up» med den amerikanske rapparen Akon har hatt ein auke på 140 prosent i Storbritannia den siste veka, medan oppmodinga frå the Police om å halde litt distanse i «Don't Stand So Close To Me», har auka med over 135 prosent på Spotify. I Storbritannia har auken vore 70 prosent.

REM er også ei gruppe mange søker trøyst i for tida. Dei har to songar inne på topp ti med «Everybody Hurts» og «It's The End Of The World As We Know It».

For mange kan slik musikk vere til trøyst og noko som vi hentar energi frå, seier musikkvitar Audun Molde.

– Musikk er kjensler i form av lyd. Når det treff oss i hjartet eller magen, er det ingenting som er betre. Når vi treng ekstra energi, oppmuntring og trøyst, då kjem songene folk er glade i, og gjer ein jobb for oss.

Audun Molde

Mange bruker musikk for å samle ekstra energi og trøyst i den tida vi er inne i, trur førstelektor Audun Molde ved Institutt for scenekunst, musikk og studio ved Høyskolen Kristiania.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Hits for Kids

Med stengde skular, er det også mange britiske barn som er heime no. Også det viser seg igjen på strøymetala. Spotify seier dei merkar at det er fleire som strøymer spelelister og podkastar for barn no.

Official Charts Company seier dei ser ein auke i avspelingar av songar frå Disney-filmar som «Den lille havfrue» og «Løvenes konge». I tillegg har teiknefilmartistar som Gummy Bear og Crazy Frog fått mange avspelingar i det siste.

Også norsk-danske Aqua gir trøyst til britar i karantene. Avspelingane av «Barbie Girl» har auka med 20 prosent den siste veka. Spotify

– Ny norsk klassikar

Det er ikkje berre gamle klassikarar som er populære i desse karantenetidene. Den ekstraordinære situasjonen kan også sjå ut til å bidra til å auke kreativiteten.

Denne helga er «Karantene» med Tix den mest strøyma låten på norske Spotify. Låten er også denne vekas norske debutant med ein niandeplass på den offisielle norske singellista, Topplista, denne veka.

– Eg laga denne låten på gøy for folket. I ein situasjon som den vi har no, blir kultur viktig for folk, seier Andreas «Tix» Haukeland til NRK.

Og musikkvitar Audun Molde kan godt forstå kvifor denne låten slår så godt an som han gjer.

– Dette er årets hit, spør du meg. Og det er årets afterski-låt den påska det ikkje var noko afterski.

Molde trur dette er ei låt som kjem til å stå att som ein klassikar etter tida med korona.

– Det kan verke enkelt det han gjer, men måten han balanserer humor og empati, og set ord på korleis mange har det no. Han treff folkesjela, og eg trur dette er ei låt som kjem til å bli ein klassikar.

På Topplista er det også fleire andre songar med titlar som tilfeldigvis kan tolkast inn i den situasjonen vi er i no, som «End of Time» med Alan Walker, K-391 og Ahrix og «Supalonely» med Benee og Gus Dapperton.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.