Hopp til innhold

Klimaforskar trur vi får nye vanar etter koronakrisa

Fleire digitale møte, færre jobbreiser med fly. Klimaforskar meiner mange av tilpassingane vi no gjer, vil bli med oss også etter koronakrisa.

Carlo Aall

ENDRA VANAR: – At det blir eit anna mobilitetsmønster i verda etter koronakrisa, er eg overtydd om, seier klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Den kuren som vi ufrivillig går gjennom no, er så dramatisk og blir kanskje så langvarig, at eg trur endringane vi no blir tvinga gjennom i mykje større grad vil sitte, seier Carlo Aall, klimaforskar ved Vestlandsforsking.

Koronakrisa gjer at Noreg blir digitalisert i rekordfart. Forskaren trur mange av dei nye vanane våre vil bli med oss i tida etter koronakrisa. Særleg i arbeidslivet.

– Eg trur vi opplever at vi vil spare mykje tid, pengar og utslepp når vi ikkje tar eit fysisk møte kvar gong ein vil snakke med nokon, seier Aall.

Ein revolusjon

I Stad kommune har videomøte blitt del av den nye kvardagen, fortel ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Dette har vore ein revolusjon i omfang og bruk av videomøte. Både mellom tre-fire personar på heimekontor, politiske møte og møte med folk som sit langt vekke, fortel Bjørlo.

Han er overtydd om at dei vil ta med seg nye digitale arbeidsvanar vidare. Bjørlo trur resultatet kan bli færre jobbreiser, klimagevinst, og eit enklare liv for mange.

Møte i finansutvalet i Stad kommune

DIGITALE MØTE: Etter litt innkøyringsutfordringar, fungerer no videomøta som ei kule, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo. Her er det finansutvalet i Stad kommune som har videomøte.

Foto: Janne Endal Andersson / Stad kommune

– Eg trur mange har fått ei aha-oppleving på kor mykje dette effektiviserer arbeidskvardagen. Det kuttar også i behovet for reising og kuttar kostnader, seier Bjørlo.

– Der du før sløste vekk ein dag eller to på å reise til Bergen eller Oslo for eit kort møte, er mange blitt trygge på at ein kan gjere det same digitalt og med fullgodt resultat.

Spår redusert flytilbod

Aall viser til forsking som seier at vanar kan endrast, men at særleg reise- og flyvanar sit langt inne å endre. Men han trur likevel det kan skje.

– Den teknologiske kapasiteten for og kompetansen om nettmøte aukar dramatisk, noko som høgst sannsynleg vil redusere forretningsreiser også med fly, seier Aall.

Mange flyselskap slit no som følge av nedskjeringar i flytrafikken. Aall trur konsekvensen kan bli at enkelte selskap går konkurs og at flytilbodet difor blir redusert.

Om talet feriereiser med fly vil gå ned, er han meir usikker på.

– Då trur eg det er meir at redusert tilbod og dermed auka flyprisar vil føre til ein nedgang, enn at folk i stor grad frivillig vil velje vekk feriereiser med fly.

Vil ha fysiske treff

Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv er også sikker på at ein vil sjå nytten av dei digitale arbeidsmåtane også etter koronakrisa.

Om det betyr færre jobbreiser, er ho ikkje like sikker på.

Wenche Salthella NHO

VIL FRAMLEIS MØTEST: Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv trur folk vil møtest igjen på konferansar og yrkesreiser når koronakrisa er over: – Eg trur ikkje vi skal verre bekymra for reduksjon, men sjå det positive i at vi har fått ei digital utvikling.

Foto: Renold Tennyson Christopher / NRK

– Det er vanskeleg å seie. Når denne krisa er over og vi føler det er trygt igjen, trur eg behovet for å reise vil vere større enn nokon gong, seier Salthella.

Yrkesreiser og konferanseverksemd utgjer ein viktig del av reiselivet i Noreg.

– Skulle det blir reduksjon grunna digitale løysingar, vil det sjølvsagt gå utover reiselivet totalt sett. Men eg trur framleis folk vil møtest.

Vanskeleg å spå

Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, meiner det er for tidleg å seie om folk vil endre vanane sine.

– Men dersom arbeidstakarar og verksemder opplever at videokonferansar fungerer, blir det kanskje ikkje lenger sett på som verken lønnsamt eller effektivt å bruke arbeidstimar og pengar på reise for å gjennomføre interne eller enkelte eksterne møte.

Om det same gjeld feriereiser, står att å sjå, seier Riise. For mange kan det blir kortreiste feriar til sommaren, ho håpar fleire då får auga opp for reiser i nærområdet og rundt om i Noreg.

Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

VANSKELEG Å SPÅ: Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender seier det er vanskeleg å spå om tida etter koronakrisa, men håpar mange vil velje både videokonferansar og kortreiste feriar.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK