Hopp til innhold

Julehit med Mariah Carey inn på hitlistene etter 23 år

Det tok Mariah Carey 23 år å få julehiten «All I Want for Christmas» inn blant dei ti mest populære songane på den gjeve Billboard hot 100-lista.

«All I Want for Christmas» blei den store hiten på juleplata Mariah Carey gav ut i 1994.

Då juleplata til Mariah Carey kom ut i 1994, blei «All I Want for Christmas» ein stor hit, som har fått hyppig speling på radio i åra etter. I tillegg er låten med på mange av spelelistene til strøymetenestane no i jula. Berre i USA er «All I Want for Christmas» strøyma over 25 millionar gongar den siste veka.

Men populariteten har ikkje vist seg igjen på den amerikanske hitlista Billboard top 100. Men denne veka går songen inn på ein niandeplass, og er for første gong inn blant dei ti mest populære songane, melder Billboard.

Har aldri vore single

Grunnen til at det har teke så lang tid å få julehiten inn blant dei mest populære songane, er at «All I Want for Christmas» aldri blei gjeve ut som single. I 1994 var Billboard top 100 ei singleliste. I 1998 blei reglane endra slik at albumspor også kunne kome inn på lista. Og i 2012 blei også musikkstrøyming ein del av grunnlaget. Og sidan då har hiten vore inne på topp 100.

Carey seier til Billboard at ho er glad for at ein av hennar største hits endeleg kjem inn blant topp ti på den amerikanske hitlista.

– For å vere heilt ærleg, trudde eg aldri dette skulle skje, men eg vil berre takke alle som har gjort denne songen til ein del av juletradisjonen sin. Det varmar hjartet mitt. Og eg er stolt av denne songen som eg eigentleg skreiv då eg var liten på eit lite Casio keyboard.

Billboard skriv at det truleg er første gong det har gått 23 år frå ein song er gjeve ut, til han kjem inn på topp ti på lista.

I fjor framførte blant andre Mariah Carey, Adele og Lady Gaga «All I Want for Christmas» i Carpool Karaoke med James Corden.

Julesongar sjeldan på lista

Det er berre eit fåtal julesongar som har klart å kome inn på topp ti på Billboard-lista. I 1958 toppa «The Chipmunk Song» med The Chipmunks lista i fire veker. I februar 1981 nådde Dan Fogelberg niandeplassen med «Same Old Lang Syne». Medan New Kids on the Block nådde sjuandeplassen med «This One's for the Children» i jula 1989.

NEW-YEAR/

Niandeplassen på Billboardlista denne veka er historisk. Det er første gong det har tatt 23 år frå ein song er gjeve ut til han kjem inn på topp ti. I tillegg er det første gong ein song med ordet «Christmas» i tittelen. Biletet er frå nyttårskonserten Mariah Carey heldt på Times Square i New York i fjor.

Foto: STEPHANIE KEITH / Reuters

Og i januar 2000 kom nådde også Kenny G ein sjuandeplass med «Auld Lang Syne». Etter det er Justin Bieber den som har vore nærast ei topp ti plassering med ein julesong. Han nådde ellevteplassen med «Mistletoe» i 2011.

Mariah Carey er med det den første artisten som har kome inn blant topp ti med ein julesong som faktisk har ordet «Christmas» i tittelen, skriv Billboard.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters