Hopp til innhold

Jim Morrison forutsåg Kygo?

The Doors-vokalist Jim Morrison spådde i 1969 at det i framtida ville kome ein musikksjanger laga av einmannsband som spelte på elektroniske instrument.

The Doors

Vokalist i The Doors, Jim Morrison (t.h.), kom i 1969 med spådommar om at musikksjangeren EDM skulle oppstå.

Foto: NTB Scanpix / Ap

Som vokalist i The Doors sette Jim Morrison merke etter seg i musikkhistoria. Han blir hugsa både som ein stor songar, tekstforfattar og sexsymbol. Men no må kanskje også legge spåmann til i lista, skal vi tru Rolling Stone.

Ein av journalistane til musikkmagasinet følgde Morrison ei veke i 1969. Dei snakkar blant anna om den populariteten han og bandet har oppnådd, om ting han skriv på, og at han også syslar med tanken om å prøve seg på film.

Spådde EDM

Men dei snakkar også om kva slags musikk han trur vil kome i framtida. Og då føreser han det vi i dag kjenner som elektronisk dansemusikk, EDM:

USA-ENTERTAINMENT/ DJ David Guetta performs during the first night of the 2015 iHeartRadio Music Festival at the MGM Grand Garden Arena in Las Vegas

David Guetta er ei av dei store superstjernene innan EDM.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

– Det som truleg kjem til å skje, er at det kjem ein briljant fyr og blir populær. Eg ser for meg ein einsleg artist med ein masse lydband og eit elektrisk tangentinstrument som har den same kompleksiteten og rikdomen som eit heilt orkester. Det er nokon der ute som jobbar i kjellaren med å finne opp ein heilt ny musikksjanger.

Han seier også at han trur det vil ta nokre år før dette skjer, men at han trur denne artisten blir veldig populær, og at han kan spele store konsertar og dansetilstellingar, ikkje berre på plate.

Ein leiande sjanger

Kygo i P3-intervju

Kygo har oppnådd stor suksess både innanlands og utanlands det siste året.

Foto: NRK P3

Og i dag, 47 år seinare, kan det sjå ut til at visjonen til Morrison har slått til for fullt. Dei første spora av denne sjangeren, såg vi allereie eit tiår etter intervjuet med diskoen. Men i dag er EDM, som omfattar fleire dansesjangrar, dominerande på hitlistene.

​ Artistar som vår eigen Kygo, svenske Avicii og franske David Guetta fyller både dansegolva på nattklubbane og store konsertarenaer, og toppar store festivalar rundt om i verda. Så dominerande har sjangeren blitt, at enkelte har hevda at musikken er med på å truge mangfaldet.

For Kygo har dei siste månadane vore ein lang opptur. Han har blant anna spelt på Nobelpriskonserten, gjesta dei amerikanske talkshowa til Jimmy Fallon og Ellen DeGeneres, blitt kåra til «Årets spellemann», og pryda framsida til det amerikanske musikkmagasinet Billboard. Og over påske skal han spele på fleire store konsertarenaer i Europa.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.