Hopp til innhold

Kygo skal spele for 31.000 på Ullevaal

Bergensaren inviterer til storkonsert i Oslo neste sommar. – Kjem til å bli det største showet eg har gjort, seier Kygo.

Kygo på Ullevaal

STØRSTE: Kygo har eit enormt namn verda over. Neste sommar kjem han heim til Noreg og spelar sin største konsert i karrieren på Ullevaal.

Foto: JOHANNES LOVUND

Kyrre Gørvell-Dahll, aller mest kjend som Kygo, tek over Ullevaal stadion 2. juli neste sommar.

Publikumskapasiteten på konserten blir heile 31.000. Det blir difor den største konserten verdsstjerna har gjort nokon gong i Noreg.

Det vil også bli den største konserten ein norsk artist har gjennomført her til lands nokon gong, ifølge BT.

– Eg gler meg veldig. Eg er veldig klar for å kome tilbake, og eg trur mange andre er klar for å gå på konsert igjen, seier bergensaren til NRK.

Skal ikkje spare på krutet

Kygo har byrja å røre på seg igjen etter ein lang konsertpause grunna pandemien.

EDM-yndlingen seier at det siste året har vore kjedeleg.

– Eg har fått ein pause frå turnélivet, og det var deilig i ein viss periode, men no merkar eg at eg byrjar å bli rastlaus igjen, seier han.

Kygo varslar at han vil ta med seg fleire gjesteartistar til stadionkonserten om eit år. Men han vil ikkje røpe kven.

– På festivalar kjem folk for å sjå andre artistar, men på Ullevaal vil jo alle ha kjøpt billett for å sjå meg spele. Då vil eg lage den beste showet eg kan, og ta med alle mogelege gjestar eg kan. Vi skal ikkje spare på noko krut på Ullevål, seier han.

Tilbake på scena

Nyleg spelte Kygo for eit svært så konserthungrig publikum i Red Rocks amfiteater i Colorado, USA. Han har også gjort fleire konsertar i Las Vegas dei siste vekene.

Konserten på Ullevaal i juli neste år blir ein eksklusiv noregskonsert.

Difor må heimepublikummet i Bergen vente til 2023 før dei får sett EDM-stjerna live igjen.

31.000 billettar

Allereie i 2015 vart Kygo den artisten som raskast har nådd 1 milliard strøymingar på Spotify. Han har sidan gjennombrotet i 2013 spelt utselde arenashow og store festivalar over heile verda.

I 2016 arrangerte han sin egen festival i heimbyen Bergen. 23.000 billettar vart seld til showet på Koengen.

Billettsalet til konserten i Oslo opnar 9. juli og kapasiteten blir altså på 31.000 publikummarar, opplyser arrangøren Sky Agency.