Hopp til innhold

Her tek Jon Fosse imot beviset på at han er nobelprisvinnar

Kong Carl Gustaf overrekte medalje, diplom og gratulasjonar til Fosse under den høgtidelege seremonien.

– Å tre inn i Jon Fosse si verd, er som å kome til eit lende prega av største uro. Hans rike forfattarskap kretsar rundt det mennesket sine vanskar med å finne ein veg i livet.

Slik opna professor Anders Olsson sin presentasjon av den norske forfattaren då det var Fosse sin tur på podiet.

Jon Fosse får nobelprisen i Litteratur

Jon Fosse smilte då han fekk gratulasjon, medalje og diplom av Kong Carl Gustaf.

Foto: Claudio Bresciani/TT / NTB

Til tonar av Mozart trødde Fosse og dei ni andre prismottakarane inn på det tradisjonsrike blå teppet som dekker podiet i konserthuset under utdelinga av nobelprisane.

Dette er den delen av nobelhelga sjølve beviset på nobelprisen vert overrekt av den svenske kongen. Utdelinga vert sett på som svært høgtideleg.

Jon Fosse

Jon Fosse venta nesten ein time før det var hans tur. Rundt halsen ber han beviset på at han er kommandør av den kongelege norske St. Olavs Orden, som han vart utnemnd til i 2005.

Foto: Silje Robertsen

– På høgde med Grieg og Ibsen

Litteraturkritikar i NRK, Anne Cathrine Straume, følgde seremonien tett og var tydeleg rørt når det heile var over.

– Det var ein nydeleg tale, og det var så tydeleg at professor Anders Olsson personleg har eit forhold til Fosse sin forfattarskap, og samanfatta så mykje av Fosse sine kvalitetar.

Under seremonien vart Fosse hylla med musikk av Grieg og til tekst av Ibsen. Straume meiner Fosse no kan føye seg i rekka med slike namn.

– No er Fosse oppe på høgde med våre to store internasjonale kunstnarar, sa Straume om hyllesta.

NRK har ikkje fått ein kommentar frå Fosse om korleis han opplevde seremonien. Forfattaren har vore open om at han har grua seg til nobelhelga, men sa til NRK fredag at han kjende seg vareteken av svenskane.

Jon Fosse i eit eksklusivt intervju med NRK etter han hadde halde sitt nobelforedrag.

Fosse er heidersgjest på «festenes fest»

Sjølv om utdelingsseremonien no er overstått, er kvelden i Stockholm enno ung.

Klokka 19 skal prisvinnarane heidrast på det som blir kalla «festenes fest» – den store nobelbanketten til ære for årets vinnarar.

Inne i den gylne salen i Stockholms statshus er det 1300 inviterte gjestar.

STOCKHOLM, SVERIGE 20141210.Medicinpristagaren May-Britt Moser och kung Carl Gustaf vid Nobelbanketten i Stadshuset i Stockholm på onsdagen. Foto: Claudio Bresciani / NTB scanpi

ARKIV: Hjerneforskar May-Britt Moser fekk tildelt nobelprisen i medisin saman med ektemannen Edvard Moser i 2014. Under banketten vart ho plassert mellom Kong Carl Gustaf og prins Daniel.

Foto: Claudio Bresciani / NTB scanpix

I tillegg til prisvinnarane og den svenske kongefamilien, skal også medlemmer av Svenska Akademien, regjeringa og forskarar frå heile verda delta på banketten.

Kulturminister Lubna Jaffery og Samlaget (Fosse sitt forlag) er blant dei inviterte.

Det er ein streng kleskode på banketten. Alle dei 1300 på gjestelista har i forkant motteke ein konvolutt som inneheld ei nøyaktig skildring av kleskoden.

Kulturministeren skal bruke Hardangerbunaden sin på banketten, medan Fosse (og alle menn) må halde seg til kjole og kvitt, slik han også gjekk kledd under utdelingsseremonien.

Les også Alt du lurer på om nobel­prisen i litteratur: Så mykje pengar får Fosse

Medaljen for Nobels litteraturpris.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift