Hopp til innhold

Henrik Asheim: – Eurovision hjelper på stemninga i Europa

Henrik Asheim, nestleiar i Høgre, trur Eurovision Song Contest kan ha ein funksjon i å samle Europa.

Ein mann med kort hår ikledd kvit t-skjorte og grå-beige blazer sitt inntil ein blå vegg. Han smiler lett til kamera.

Nestleiar i Høgre, Henrik Asheim, er stor Melodi Grand Prix-fan.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

Høgre-politikaren Henrik Asheim er ikkje berre oppteken av politikk. Han er også stor fan av Eurovision Song Contest (ESC).

Eg har vakse opp med Melodi Grand Prix-festar. Moren og faren min hadde som regel venar over, så eg har heldt på tradisjonen og sett på det kvart år, seier Asheim.

– Eurovision er ikkje berre underhaldning, men også djupt alvor med tanke på det tydelege konkurranseelementet. Det synest er veldig gøy, legg han til.

Les også Korleis vart «MGP» ei homohappening?

Krigen i Ukraina vil prege årets konkurranse

Det er også eit anna type alvor som ligg over årets konkurranse. Nemleg krigen i Ukraina.

Ukrainas bidrag fekk i utgangspunktet ikkje lov til å opptre i Eurovision sidan alle bandmedlemmene var menn. I starten av april kom kontrabeskjeden: Dei får lov til å dra til Torino likevel.

Kalush Orchestra

Ukrainske Kalush Orchestra blir å sjå på den store Eurovision-scena i Torino.

Foto: MAXIM FESENKO

– Krisen i Europa kjem til å prege korleis arrangørane legg opp finalen. Det kjem nok til å vere ein del alvor i innleiingane og innslaga, meiner Asheim.

Han får støtte av redaktør i Eurovision-nettstaden Wiwibloggs, William Lee Adams, som uttalte seg til NRK i starten av april:

– Produsentane har ikkje noko anna val enn å ta opp krigen. Det vil sjå dumt ut viss produsentane ignorerer den grufulle verkelegheita at krigen har returnert til Europa, understreka Adams.

William Lee Adams i Wiwibloggs (eurovision)

William Lee Adams i Wiwibloggs (Eurovision)

Foto: privat

Eurovision kan ha ein funksjon

Eurovision Song Contest var i utgangspunktet eit fredsprosjekt som skulle samle Europa etter andre verdskrig.

Arrangørane av verdas største musikk-konkurranse har heile tida sagt at det er eit ikkje-politisk arrangement.

Den nye nestleiaren i Høgre meiner at det ikkje er heilt riktig, men at det politiske også kan ha ein positiv effekt.

Det at land som ofte er ueinig i mange ting kan ha artistar som syng på tvers av landegrenser – og det faktum at ein stemmer på kvarandre det trur eg har ein funksjon.

Det hjelper på stemninga i Europa, legg han til.

Adresse Torino blir gjestet av Margaret Berger, Sandeep Singh, Trine Lise Olsen, og Henrik Asheim.

Adresse Torino blir gjesta av Margaret Berger, Sandeep Singh, Trine Lise Olsen, og Henrik Asheim.

– Håpar det blir song og fjas

Asheim er gjest i programmet «Adresse Torino», der programleiar Marte Stokstad og hennar faste panel går grundig gjennom årets Eurovision-deltakarar.

Panelet består av redaktør Ingeborg Heldal, artist Stian «Staysman» Thorbjørnsen og komikar Kevin Vågenes. Kvar veke får dei besøk av ein ny gjest, og saman diskuterer dei Noregs konkurrentar.

Asheims favoritt i år er Italia.

Men han trur også at Ukraina får ein del sympatistemmer.

Sjølv om den politiske situasjonen i Europa er spent, håpar Asheim at Eurovision framleis blir Eurovision.

– Eg håpar at det blir song og fjas. Vi har jo sendt bananulvar. Når det er mørkt er det viktig at Eurovision ikkje berre er alvor, men faktisk er gøy, avsluttar Asheim.

Fem personar i finstasen står framfor ein plakat det står Eurovision Song Contest på. Dei ser rett fram og smiler breitt til kamera.

I programmet adresse Torino kan du få ei gjennomgang av årets deltakarar i Eurovision Song Contest.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

«Adresse Torino» har premiere på NRK 1 og NRK TV fyrstkomande fredag.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters