Conchita Wurst

Thomas Neuwirth, her som Conchita Wurst, vann «Eurovision Song Contest» i 2014.

Foto: SCANPIX DENMARK / Reuters

Korleis vart «MGP» ei homohappening?

Drag-queens, eit lesbisk kyss og ein transkjønna vinnar er ein del av historia til «Melodi Grand Prix». Kvifor er «MGP» så elska av dei skeive?

– For meg handlar det om eit univers med ein mentalitet der alt er lov. Det er ekstremt høgt under taket, og lite dømmande, seier programleiar Silje Nordnes.

Ho har aldri lagt skjul på sin elsk for «Melodi Grand Prix».

I fleire år sørga ho for «hæla i taket»-stemning da ho saman med kollegaene Ronny Brede Aase og Markus Neby leia «P3morgens store Eurovision-fest» på NRK.

– Eg har alltid vore glad i fest, glam og show. I tillegg er det eit element av verkelegheitsflukt. Det er deilig å ha ei veke i mai der det berre er fest og moro, legg ho til.

Silje Nordnes

Silje Nordnes var å sjå som programeiar i Maskorama i haust. Nå er det fullt fokus på MGP.

Skeiv symbolikk

Drag-queens, lesbiske kyss, sterk skeiv symbolikk og ein transkjønna vinnar har vore viktige augeblikk i «Melodi Grand Prix»-historia.

Korleis vart Europas store musikk-konkurranse ein kjærleiksfylt frisone for det skeive samfunnet?

Det var noko Nasjonalbiblioteket ville ta opp i forbindelse med Skeivt kulturår – der dei markerer at det er 50 år sidan homofili vart avkriminalisert.

Torsdag kveld inviterte dei derfor til samtale med det sentrale spørsmålet:

Korleis vart MGP ei homo-happening?

«The Gay Olympics»

Det mest lengstlevande TV-programmet i verda har nemleg vore omfamna av dei skeive i lang tid.

– Mange av våre mest dedikerte fans er frå LGBTQ+-miljøet. Dette faktumet har ikkje gått upåakta hen, sa Sieste Bakker, sjefsarrangør i «Eurovision», til den franske avisa France 24 for nokre år sidan.

Publikum

Publikum frå «Eurovision Song Contest» i 2010.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Det er ikkje utan grunn at konkurransen blir kalla «The Gay Olympics». Bakker var likevel rask til å understreke at den breie tilhengarskaren i «Eurovision» ikkje kan definerast ut frå seksuell legning.

– Vi ønsker å produsere flotte TV-seriar som appellerer til flest mogleg menneske. Uansett kvar dei kjem frå, uansett om dei er menn eller kvinner, unge eller gamle, i Europa eller utanfor, kvite eller svarte, homofile eller hetero, insisterte Bakker.

Balladar og divaer

Det er i tråd med det «Eurovision» alltid har handla om.

Etter andre verdskrig var Europa lagt i grus, og ein trengde noko som kunne vere samlande for kontinentet.

Løysinga vart Eurovision Song Contest. Det skulle foreine Europa og fremje verdiar som toleranse, respekt og likeverd.

Verdiar som har gitt sterk gjenklang i det skeive miljøet – og som har kome til uttrykk lenge før Conchita Wurst reiste seg som ein føniks i 2014.

Conchita Wurst og Østerrike vant Eurovision Song Contest 2014

Conchita Wurst og Østerrike vant Eurovision Song Contest 2014

– Heilt frå byrjinga bestod Eurovision av svulstige balladar. Det var stort og overdådig med divaer på scena. Og fantastisk musikk. Dette var noko som tiltrekte seg det skeive publikummet allereie da, humrar Dag Øistein Endsjø.

Han er professor i religionsvitskap og har skrive mykje om MGP. Han er absolutt meir enn middels interessert i arrangementet og deltok sjølv i 1994 med gruppa Sub Diva med låten «Ui-ui-uimotståelig»

Forboden kjærleik på 60-talet

Det mange ikkje er klar over er at det vart sunge om homofil kjærleik allereie i 1961 i Eurovision.

Det var Jean Claude Pascal frå Luxembourg som framførte låten «Nous, les amoreux» – på norsk «vi, de elskede».

Songen handlar om forbode kjærleik, der eg-personen lengtar etter å vere saman med den han elskar på tross av at menneska rundt dei ikkje vil at dei skal vere saman og truar med jern, eld og helvete.

– Om ein les teksten nærmare er det heilt openbert at songen handlar om ein mann. Den forbode kjærleiken er ikkje mellom ein mann og ei kvinne, men mellom to menn, presiserer Endsjø.

– At ein eurovisjonstekst skulle handle om noko anna enn heterokjærleik, var ganske enkelt ikkje mogleg for publikum i 1961 å fatte. Sjølv få i dag er klar over dette.

Nasjonalbiblioteket

Dag Øistein Endsjø er professor i religionsvitskap og har skrive mykje om MGP, og deltatt sjølv i 1994.

Foto: Ulrik Kramer / Ulrik Kramer

Eit vindauge mot verda

På 60- og 70-talet – ei tid der europearar flest var isolerte frå kvarandre – fungerte Eurovision som eit vindauge mot verda. Slik var det også for Daisy Sælen Hafstad. Som lita jente kom ho med familien frå São Paulo i Brasil til ei lita bygd på vestlandet.

Frå å vere vand med mange TV-kanalar i heimlandet måtte ho nå ta til takke med Barne-TV klokka 18:00 på NRK.

– Eg var som ein brun flekk på eit kvitt laken. Men med Eurovision fekk eg sjansen til å sjå andre som var meir lik meg, og eg fekk sjansen til å oppleve andre kulturar, språk og veremåte. Det var show, glede og musikk, seier ho.

Skeive MGP-fans gjekk etter kvart saman og danna MGP-fanklubbar rundt omkring i Europa.

I Noreg, meir spesifikt i Bergen, var det Daisy som var primus motor for det som nå er velkjente showet «Melodi Kvasi Grand Prix».

Daisy Sælen Hafstad

Daisy Sælen Hafstad er blant dei som har stått på for å lage skeive MGP-klubbar i Noreg.

Foto: Ulrik Kramer

Sjølv om desse klubbane ikkje nødvendigvis var så synlege for folk flest på den tida, fekk dei likevel stor betyding for den skeive tilhøyrsla.

– Det handla om identitet og aksept. MGP-showa eg arrangerte gav ein push for min karriere, og det skapte ein større akseptert for ulike legningar. Det var ein viktig siger, fortel Sælen.

Artistane står fram

Mange av artistane som deltok i Eurovision var også skeive, men sjølv om «alle» visste det, var ikkje det noko ein snakka høgt om.

Vendepunktet kom derimot i 1997 da songaren Paul Oscar frå Island vart Eurovisions fyrste opne homofile deltakar.

– Det var da artistane byrja å stå fram at det vart fokus på dette her, fortel Endsjø.

Men det var ikkje berre på scena det endra seg. Også måten programmet etter kvart vart produsert på skulle bli ein LGBTQ+-magnet. Etter kvart starta ein med å filme publikum også, og på den måten fekk TV-sjåarane eit svært tydeleg bilde på fansen.

Åse Kleveland er blant dei som har opplevd musikk-konkurransen på kloss hald. Som både deltakar og vertinne for «Eurovision» har ho sett korleis den med tida har utvikla seg til å omfamne LGBTQ+-miljøet.

Åse Kleveland

Åse Kleveland deltok og kom på tredjeplass i «Eurovision Song Contest» i 1966 og var også programleiar i Bergen i 1986.

Foto: Ulrik Kramer

– Det var framfor alt på 90-talet at den skeive innflytelsen vart veldig tydeleg. SVT og Sverige var blant dei som fokuserte på fansen, fortel ho.

– Dei mest fargerike og ihuga fansen var i stor grad folk frå det skeive samfunnet. Da det kom på skjermen forstod ein plutseleg det, legg Åse til.

Transkvinna Dana International

Det skulle toppe seg i 1998. Året etter at islendingen Paul Oscar stod fram som homofil vann transkvinna Dana International. Frå Israel. Songen hennar «Diva» var ein hit som hylla mytologiske og historiske kvinner.

Dette bidraget gjorde sterkt inntrykk og har betydd mykje for Daisy Sælen Hafstad som sjølv har transbakgrunn.

– Det å sjå ei transkvinne som Dana International synge rett inn i dei tusen heim i ei konkurranse som var del av eit større mangfald og maskineri, det gløymer ein ikkje så fort, fortel ho.

Dana International

Dana International frå Israel var den fyrste transkvinna som vann «Eurovision Song Contest». Her frå finalen i 1998.

Foto: LOUISA BULLER / AP

– Det å vere transperson vart avmystifisert. For fyrste gong vart vi synlege. Vi finst. Vi er her.

Politisk motstand

Sjølv om Eurovision står for mangfald og inkludering har det ikkje skorta på politisk motstand og reaksjonar.

– Eurovision skal eigentleg ikkje vere politisk. Men i kulturen er ein med på å flytte grenser. Og så er det ei hårfin grense, for med ein gong det blir for politisk blir det stoppa, men det er mykje som kan skje i det rommet som er lov, seier Silje Nordnes.

Av den grunn er konkurransen kjent for å ose av symbolikk og sterke undertonar. Eit eksempel på det er Serbias bidrag i 2007 – som også er favorittlåten til Silje:

– Det er ein heilt utruleg sterk låt med eit sterkt show, samtidig som det er eit enkelt show, understrekar ho.

På scena står artisten Marija Šerifović ei lita serbisk dame kledd i dress, omgitt av fem høge serbiske kvinner i dress som held hendene til kvarandre. Sjølv om Šerifović nekta for at ho var homofil, var symbolikken ikkje å ta feil av.

Marija Serifovic fra Serbia

Marija Serifovic frå Serbia med sterk symbolikk i låten «Molitva» som på norsk betyr bønn.

Foto: ROLAND MAGUNIA / AFP

– For meg som akkurat hadde kome ut av skapet var eg ikkje i tvil om kva dette var for noko. Dette var representasjon på laurdags-TV for ein heil nasjon og ei heil verd.

Serbiske Šerifović kom ut som lesbisk nokre år seinare.

Eit anna eksempel på politisk bodskap på scena er den finske framføringa i 2013 av songaren Krista Siegfrids. Ho toppa si tolking av songen «Marry Me» ved å kysse ein av dansarane sine. På den måten viste ho kva ho meinte i den pågåande politiske debatten i Europa om homofile ekteskap.

– Betyr mykje

Det er framleis stadar i Europa der rettane til skeive personar går feil veg. Slik som i Polen der dei innførte LGBTQ+-frie soner.

Eurovision har derfor blitt ein viktig kanal for fremje likestilling.

– Det har betydd utruleg mykje, spesielt for dei landa som ikkje har utvikla seg i tråd med oss i vesten, seier Åse Kleveland.

– Slik eg har oppfatta det så er det få som feirar det så stort som dei som lever i undertrykte land. Det er ei sjanse til å stå opp for noko, i tillegg får publikum oppleve noko som elles er pressa ned i golvet, legg artisten til.

Også professor Dag Øistein Endsjø understrekar at Eurovision har hatt politisk innflytelse på rettane til dei skeive, og trekker blant anna fram sigeren til austerrikske Conchita Wurst i 2014.

Ho sette fyr på dei kristenkonservative i Aust-Europa. Russlands visestatsminister Dmitrij Rogozin meinte sigeren viste kva som ville bli resultatet av europeisk integrasjon i framtida – ei skjeggate dame. Og Wurst fekk null stemmer frå både den russiske og den aserbajdsjanske fagjuryen.

«Er eg faktisk verdt noko?»

Men folket viste andre takter.

– Folket både i Russland og Aserbajdsjan stemte i tusentals og ga begge Conchita ein tredjeplass. Her får dei vist, trass i antihomolover, at dei er for homofile rettar ved å stemme på Conchita Wurst, påpeiker Endsjø.

Trass kritikken frå deler av det politiske miljøet i Russland, toppa også «Rise Like a Phoenix» nedlastingslista i Russland to dagar etter finalen.

Silje Nordnes understrekar kor stor betyding Eurovision har for mangfald og det å akseptere kven ein er. Og kvifor det er så viktig for mange. Både for skeive og ikkje-skeive.

Skårungen

– Som ung leitar ein etter eigen identitet, og lurer på kva som er lov og ikkje. Da er det veldig sterkt å sjå representantar frå ulike minoritetar få stemmer frå folket rundt om i Europa.

– «Er eg faktisk verdt noko»? Den festen får ei meining og ein underklang som gjer det til noko meir enn ein fest med tant og fjas – og det er det som gjer det så stort, avsluttar Nordnes.

På NRK 1 laurdag får vi sjå kven som blir årets vinnar av MGP og som dermed skal representere Noreg i den internasjonale finalen i Torino i mai.