Hopp til innhold

Dei syng songar frå byen som er lagt i ruinar

Folkemusikar Svitlina Vedmid meiner det er farleg om folk sluttar å bry seg om det som skjer i Ukraina.

Ein ukrainsk gruppe.

FLUKT: Den ukrainske folkemusikkgruppa Dyvyna opptredde denne veka på Førdefestivalen.

Foto: Knut Utler/Førdefestivalen

For at folk ikkje skal gløyme det som skjer, syng Vedmid songar frå byar krigen har øydelagt.

For i Ukraina finst det songar som er knytt til ein bestemt stad.

Ein av desse er byen Volnovakha i Donbas.

Fram til februar ein by med 20 000 innbyggarar, men som i midten av mars var lagt i ruinar.

No syng Vedmid og gruppa hennar Dyvyna fleire songar frå nettopp Volnovakha.

– Etter konsertar har eg møtt folk som seier at det er først no dei har forstått lidingane våre, fortel Vedmid.

Ho er redd folk blir likegyldige til krigen om dei berre ser dei same bilda igjen og igjen.

TR83tYm-Z18

Slik såg delar av Volnovakha i Donbas ut 15. mars i år.

Foto: ALEXANDER ERMOCHENKO / Reuters

Er allereie i bruk

Arve Hansen i Den norske Helsingforskomiteen peiker på at musikk allereie er tatt mykje i bruk i Ukraina for å auke merksemda om krigen.

Ein treng ikkje gå lenger tilbake enn til mai månad for å sjå det.

Då vann den ukrainske gruppa Kalush finalen i Eurovision med ei song som blanda element av tradisjonell folkemusikk og rapp.

Og tidlegare på våren dukka president Zelenskyj opp under Grammy-utdelinga.

– Dessutan, ved å høyre på ukrainsk musikk blir vi emosjonelt knytt til eit land som er under angrep, seier Hansen.

– Vil kunne gi ei heilt anna oppleving

– Sjølv om ein ikkje forstår kva som blir sunge, kan songen likevel røre ved oss.

Det seier Tove Oppegård Flæsen ved Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa.

Ho peiker på at song og musikk er noko som blir universelt forstått.

Denne våren har senteret hatt eit kursopplegg der skuleelevar har fått høyre ein tradisjonell folketone som har blitt mykje spelt under krigen.

– Song og musikk vil kunne gi ei heilt anna oppleving av krigen i Ukraina enn berre å lese om han, seier Flæsen.

Ukraina etter første semifinale

Folkemusikk blanda med populærmusikk gjer at tradisjonelle songar framleis er relevante i Ukraina.

Foto: SARAH LOUISE BENNETT / EBU

– Spelt ei viktig rolle

Denne veka opptredde Svitlina Vedmid og resten av Dyvyna på Førdefestivalen.

I år har festivalen «Musikk i kriser» som slagord.

Eit slagord som fort blei veldig relevant då Russland gjekk inn i Ukraina.

Men arrangementssjef Sølvi Lien seier at bruken av musikk i tider med uro ikkje er berre spesielt for Ukraina.

– Rundt om i heile verda har musikken spelt ei viktig rolle i kriser, seier ho.

Vedmid slår ut med armane der ho står utanfor festivalhuset til Førdefestivalen.

Ho kan ikkje sjølv forklare korleis orda ho syng når ut til folk.

– Så mange byar og landsbyar er no borte, men vi held dei i live med songane som blei laga av dei som budde der.