Hopp til innhold

Harselerte med Weinstein under prisutdeling

MeToo-kampanjen sette sitt preg då dei dårlegaste filmane og skodespelarane i Hollywood blei kåra under utdelinga av nidprisen The Golden Raspberry.

Under kåringa av dei dårlegaste prestasjonane på filmlerretet det siste året, var det også plass til ein satirisk video om dei mange som er blitt skulda for seksuell trakassering i Hollywood.

I år blei dei gylne bringebæra, eller «The Razzie's», delt ut for 38. gong. Prisane blir delte ut dagen før Oscar-utdelinga, og ser på seg sjølv som eit motsvar til heideren som blir delt ut natt til måndag, norsk tid.

Medan dei på Oscar-gallaen minnast dei som har gått bort i amerikansk filmindustri det siste året, var det dei som har forsvunne etter skuldingar om seksuell trakassering som fekk ..., vel, ikkje heider akkurat.

Akkompagnert av trist pianomusikk blei det vist bilete av blant andre Harvey Weinstein, Woody Allen, Kevin Spacey og Bill Cosby. Til slutt kom ein plakat:

– Vi er lei for det, men vi kjem ikkje til å sakne dykk. Ellen nokon av dykkar slag.

Emojifilm blei verst

Under sjølve utdelinga var det animasjonsfilmen «Emojifilmen» som kom verst frå det. Filmen fekk fire prisar, blant anna for dårlegaste film og manus. Filmen blei sett av nesten 109 000 nordmenn i fjor, og var med det den 31. best besøkte filmen på norske kinoar i 2017.

«Emojifilmen» fekk fire prisar under utdelinga.

Tom Cruise, som var på besøk i Noreg i november i fjor for å spele inn nokre scener til den komande Mission Impossible-filmen, tok heim prisen for verste mannlege hovudrolle for rolla han spelte i actionfilmen «The Mummy».

Tom Cruise i The Mummy

I «The Mummy» spelar Tom Cruise ein militær som er uheldig og set i gang eit kaos når han forstyrrar ei gamal grav. Laurdag fekk han prisen for verste mannlege hovudrolle under utdelinga av The Golder Raspberry.

Foto: United International Pictures

Verste mannlege birolle gjekk til Mel Gibson for innsatsen han la ned i komedien «Daddy's Home 2», der han spelte mot blant andre John Lithgow, Will Ferrell og Mark Wahlberg.

Kvinnepris gjekk til mann

I klassen dårlegaste kvinnelege hovudrolle, gjekk prisen til Tyler Perry for dragrolla Medea i filmen «Boo 2: A Medea Halloween». Medan den Oscarvinnande skodespelaren Kim Basinger fekk pris for verste birolle i filmen «Fifty Shades Darker».

Fifty Shades Darker

Kim Basinger vann både Golden Globe og Oscar for innsatsen i filmen «L.A. Confidential» frå 1997. No har ho fått ein Razzie for verste birolle i filmen «Fifty Shades Darker».

Foto: Doane Gregory / United International Pictures

Då gjekk det kanskje litt betre for kinoversjonen av TV-serien «Baywatch». Fansen stemte filmen fram til vinnar i kategorien for «filmar som er så dårlege at du elska det!»

Fansen sørga for at Baywatch-filmen fekk prisen for å vere ein film som er så dårleg at det blir bra.

Prisane blir ifølge dei som arrangerer stemt fram av meir enn 1000 stemmegjevarar i over 26 land.

Kven som får Oscar-heider, blir avgjort natt til måndag, norsk tid. Du kan halde deg oppdatert på vinnarar på nrk.no.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters