Hopp til innhold

Han er den best betalte skodespelaren i verda

Mark Wahlberg toppar det amerikanske tidsskriftet Forbes si liste over dei best betalte skodespelarane i verda. Kåringa viser også eit stort lønsgap mellom kvinnelege og mannlege skodespelarar.

FILES-BRITAIN-ENTERTAINMENT-CINEMA-FILM-TRANSFORMERS

Mark Wahlberg toppar Forbes si liste over dei best betalte skodespelarane i verda i 2017. Her er han frå premieren på storfilmen «Transformers: The Last Knight».

Foto: NIKLAS HALLE'N / AFP

Takka vere filmane «Daddy's Home 2» og «Transformers: The Last Knight», toppar Mark Wahlberg Forbes si liste over dei best betalte skodespelarane i verda. Det amerikanske tidsskiftet har rekna ut inntekter, før skatt og managerhonorar, frå filmar, TV og reklamefilmar.

US-ENTERTAINMENT-BAYWATCH

Dwayne «The Rock» Johnson starta karrieren som fribrytar, men har dei siste åra tent gode pengar på å spele i filmar og TV-seriar.

Foto: RHONA WISE / AFP

Ifølgje Forbes har Wahlberg tent nesten 540 millionar kroner i 2017. Han klarte dermed å gå forbi skodespelaren som toppa lista i fjor, Dwayne «The Rock» Johnson som tente rundt 514 millionar kroner på filmar som «Baywatch» og «Fast & Furious 8» og HBO-serien «Ballers».

Vidare på lista finn vi skodespelarane Vin Diesel, Adam Sandler og Jackie Chan.

Forskjell på menn og kvinner

FILM-EMMASTONE/FORBES

Emma Stone fekk Oscar for innsatsen i musikalfilmen «La La Land». Ho er den best betalte kvinnelege skodespelaren i verda. Men løna hennar ligg langt bak dei best betalte mannlege skodespelarane.

Foto: Mario Anzuoni / Reuters

Men kåringa viser også eit stort lønsgap mellom dei best betalte mannlege og kvinnelege skodespelarane. Forbes kom med lista over dei best betalte kvinnelege skodespelarane i førre veke. Her toppar Oscar-vinnar Emma Stone lista med ei inntekt på 205 millionar kroner.

Samanliknar vi dei ti best betalte mannlege skodespelarane med dei ti best betalte kvinnelege skodespelarane, ser vi at mennene tener nesten tre gongar så mykje som kvinnene.

Ein av grunnane til at det er så store skilnader, kan ifølge Forbes vere at det er superheltfilmar og actionfilmar som tener mest pengar på kino. Og i desse filmane er det få kvinnelege hovudroller.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober