Hopp til innhold

Håper å få 100.000 unge til å lese denne diktsamlinga

Tyr til Snapchat for å nå unge med diktsamlinga «Jenter på do».

Snapchat-illustrasjon av «Jenter på do»

Slik ser illustrasjonane av «Jenter på do» ut på Snapchat. Det er illustratør Nora Fikse som har laga det grafiske.

Illustrasjon: Nora Fikse

Ida Lórien Ringdal si diktsamling «Jenter på do», som kom i oktober, har vore såpass etterspurd at det nå kjem eit andre opplag. Noko som er uvanleg til ei diktsamling å vere. Samla opplag så langt er på 4300 bøker.

Det er eit enormt tal for ei diktsamling, seier redaktør i Tiden Norsk Forlag, Mattis Øybø.

Poet Ida Lórien Ringdal formidlar eit raseri mot det å vere fødd inn i ein kvinnekropp, og all urett ein risikerer å oppleve i kraft av å vere ung kvinne.

Les melding av boka her:

Målgruppa for diktsamlinga er unge folk under 26. Ei målgruppe som er vanskeleg å nå ut til, fordi så få i den alderen les litteratur frivillig.

Berre 14 prosent av dei mellom 16 og 24 les bøker for underhaldning, syner tal frå Norsk Mediebarometer for 2020.

Det uroar konsernsjef Tom Christian Gotschalksen ved tenester og vekst i forlaget Gyldendal, moderforlaget til Tiden.

– Vi er bekymra for unge folk si evne til å utvikle empati og kritisk tenking. Og at ein mister ein viktig del av unge si utvikling når dei ikkje les.

Avdelinga som Gotschalksen leiar i Gyldendal har som oppgåve å identifisere denne typen problem, og forsøke å gjere noko med dei.

Boka er ei viktig kjelde til fortellingar om kven vi er både som mennneske og samfunn. Den dekker eit viktig behov i landskapet mellom sosiale medium og store produksjonar for TV og Kino.

Forlaget vil dermed forsøke å finne alternative måtar å nå ut til unge med litteraturen.

For å nå breiare ut med «Jenter på do» lanserer Gyldendal og Tiden Norsk Forlag nå diktsamlinga på Snapchat.

Det er første gong dei gjer det med ei diktsamling.

I 2020 lanserte Gyldendal boka «Dette blir mellom oss» av Alexander Kielland Krag på Instagram.

Ifølge Gotschalksen var det ein suksess. Tal frå Gyldendal viser at nesten halvparten av dei som las boka på Instagram var under 26 år. 75 prosent av dei som las historia på Instagram las kvar einaste side, og i gjennomsnitt omlag fem minutt kvar dag i 45 dagar.

– Vi meiner desse tala er unike, seier Gotschalksen.

Les NRK si melding av «Dette blir mellom oss» her: «Feberhett om homofil forelskelse»

– Lett å bli fordomsfull

Forlaga ønskjer å vidareføre denne innovative prosessen som handlar om å nå ut til ei yngre målgruppe utanom den tradisjonelle litterære opplevinga. Og denne gongen fell valet på «Jenter på do».

– Ida Lórien Ringdal si diktsamling er sterk og formatet er leikent. Dette er ein perfekt måte å oppdage og erfare poesi på ein heilt ny måte, seier pr- og marknadsansvarleg i Tiden Norsk Forlag, Helene Spanthus.

Saman med sin redaktør valde Ringdal ut ti dikt til dette prosjektet, etter at boka var gitt ut.

– Når ein let nokre av dikta representer heilskapen er det viktig at dei fortel ei historie. Det er det vi har forsøkt å få til her, seier Ida Lórien Ringdal.

«Jenter på do»

Episodane vil vare i ca. to minutt og ta for seg eit eller fleire dikt som er henta frå diktsamlinga til Ringdal. Illustrasjon til Snapchat av Nora Fikse.

«Jenter på do»

Illustrasjon til Snapchat av Nora Fikse.

«Jenter på do»

Illustrasjon til Snapchat av Nora Fikse.

«Jenter på do»

Illustrasjon til Snapchat av Nora Fikse.

Dikta er integrert saman med illustrasjonane til Nora Fikse, komikar Sofie Frøysaa som les opp dikta, og R & B-artisten Farida sitt lydlandskap som bygg oppunder stemninga.

Eg har ikkje vore direkte involvert, utover at eg har skrevet dikta. Men eg synest det er veldig spanande å ha med dei andre jentene på laget, seier diktaren.

Det vil bli publisert åtte episodar, over åtte veker på Snapchat-plattforma «Jenter på do».

– Det er kanskje lett å bli litt fordomsfull og tenke at poesi ikkje har noko på Snapchat å gjere, men då gløymer ein at det ligg i poesiens vesen å dukke opp på uvande stader.

– Kva håper du å oppnå med å lansere diktsamlingen der, i tillegg til i bokform?

At folk les den.

Ikkje ei erstatning for boka

Ei som deler bekymringa for unges stadig dårlegare evne til å lese er Hege Austlid, administrerande direktør i Den norske Forleggerforening.

Når vi veit at barn og unge les mindre og dårlegare enn tidlegare, og at dei les fordi dei må og ikkje av lyst, så har vi ei stor samfunnsutfordring, seier Austlid.

At litteratur blir formidla i nye format og kanalar er bra, meiner Austlid, fordi det kan skape nyfikne og leselyst.

– Barn og unge er gode brukarar av digitale medium, og difor er dette eit smart grep for å nå ei gruppe som les lite. Dette vil aldri erstatte verdien av boka, men vere ein veg til auka lesing.

Forlaget har sett seg høge mål for kor mange dei ønskjer å nå med diktsamlinga til Ringdal.

– Målet er å nå hundretusenvis av unge gutar og jenter med ein viktig bodskap, levert på ein naturleg måte for dei. Og at det vil bidra til lesing av fleire bøker, seier Tom Christian Gotschalksen.

I lenkene under kan du lese og høyre meir om litteratur:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters