Fyodor Mikhaylovich Dostoyevsky
Illustrasjon: Glazunov, Ilya Sergeyevich / NTB

Den russiske gudfaren

Denne triste typen har påverka verda di meir enn du anar.

Få forfattarar har prega litteraturen og kulturen meir enn den russiske giganten Fjodor Dostojevskij.

Internasjonale meganamn som Knut Hamsun, Friedrich Nietzsche, Sigmund Freud og Ernest Hemingway var alle djupt inspirert av russaren.

Utan Dostojevskij ville heller ikkje storfilmar som «Taxi Driver», «Joker» og «Forrest Gump» blitt laga.

I år er det 200 år sidan Fjodor kom ut av mors mage. På denne tida har orda og tankane hans sildra gjennom tonnevis med hjernemasse, og er i dag til stades i mykje av det vi skapar, les, ser og kanskje til og med tenkjer.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at mange framleis er opptekne av denne mannen. Men kven var han eigentleg, og korleis blei han så stor?

I denne saka får du nokre svar + kyndige tips til kvar du kan starte, om du (som mange andre) tenkjer at: «Eg burde kanskje ha lese ei Dostojevskij-bok ein gong. Ja, eg burde nok det.»

Ver ærleg: Har du lese Dostojevskij?

Kulturbord (marco vaglieri)

Kven var han?

To dagar før jul i 1849 viste gradestokken 22 minusgrader i St. Petersburg. Midt på Semjonof-plassen stod 28 år gamle Fjodor Dostojevskij i berre undertøyet og venta på å bli avretta.

Saman med ei gruppe andre unge menn var han dømt til døden for å delta i ei regimekritisk gruppe. Bødlane stod med geværa retta mot dei dødsdømte, klar til å fyre av dei første skota, då ein mann plutseleg vifta med eit kvitt tørkle.

Det viste seg at geværa var lada med lauskrut, og at heile episoden berre var ein spøk frå myndigheitene si side. Dostojevskij fekk behalde livet, og blei i staden send til Sibir, der han måtte sone fire år på tukthus og fire år som straffesoldat.

Christian Kjelstrup er redaktør for tidsskriftet Samtiden og sjef for Dostojevskijfestivalen i Oslo. Han fortel at tida i Sibir forandra den russiske forfattaren.

– I tukthuset var det lågt under taket, dritkaldt, lus, lopper, djevlig mat, fotlenker og drapsmenn ... Det er her Dostojevskij blei Dostojevskij. Han blei kristen, interessert i forbrytarpsykologi og dei menneska som resten av samfunnet ikkje ville ha noko med, forklarar Kjelstrup.

Dostojevskij vende tilbake til samfunnet som ein annan mann. Få år seinare skreiv han fleire bøker som vi i dag kjenner som nokre av dei mest kjente og kritikarroste romanane i verda.

Fjodor Michailovitj Dostojevskij

FORFATTAR MED STOR F: Fjodor Dostojevskij

Foto: PRESSENS BILD / TT NYHETSBYRÅN
Kulturbord (Marco Vaglieri)

Kva skreiv han?

Fjodor Dostojevskij var 23 år gammal då han debuterte som romanforfattar, men slo ikkje ordentleg igjennom før nokre år etter han kom heim frå Sibir, med romanen «Forbrytelse og straff» i 1866.

Å lyve sin egen løgn er bedre enn å tale en annens sannhet; i det første tilfellet er du et menneske, i det annet bare en papegøye!

Fjodor Dostojevskij, «Forbrytelse og straff»

Boka handlar om ein ung mann som tar livet av ein pantelånar. Romanen tar opp store eksistensielle spørsmål som etikk, moral, skuld og straff. Som lesar kjem vi tett på forbrytaren sine tankar og kjensler.

Sidan kom den eine udødelege klassikaren etter den andre: «Idioten», «De Besatte» og til slutt «Brødrene Karamasov».

Jeg har for lengst bestemt meg for ikke å forstå. Hvis jeg ønsker å forstå noe, begynner jeg straks å fordreie fakta, og jeg har bestemt meg for å bli stående ved fakta.

Fjodor Dostojevskij, «Brødrene Karamasov»

Christian Kjelstrup trur ikkje at bøkene kunne blitt like bra utan dei harde kåra i Russland på 1800-talet.

– Dostojevskij var så ekstrem. Han kom så langt inn i menneskesinnet. Vi kan fabulere om denne litteraturen har blitt til på grunn av den tøffe eksistensen. Kanskje norske forfattarar har vore for beskytta?

Gud er også eit gjennomgåande tema i forfattaren sine bøker. Han var sterk i trua, men ifølge Christian Kjelstrup langt ifrå forkynnande.

– Dostojevskij var den kristne forfattaren som førebudde grunnen for ateismen. Han er kjent for å vere ein som gav stemme til dei han var ueinige med. Her har mange av dagens forfattarar mykje å lære, meiner Kjelstrup.

Kulturbord (Marco Vaglieri)

Korleis har han påverka litteraturen?

Den norske forfattaren Knut Hamsun blir av mange kreditert for å vere den psykologiske romanen sin far. Gjennom bøker som «Sult», «Mysterier» og «Pan» skreiv han fram romankarakterane sine kaotiske og irrasjonelle kjensleliv på ein ny og banebrytande måte.

Men kvar fekk han ideen til denne nyskapande forteljarstilen?

Av sitt store litterære forbilde, så klart: Fjodor Dostojevskij.

Hamsun og Dostojevskij.

TO STORE: Knut Hamsun og Fjodor Dostojevskij.

Foto: NTB / CREATIVE COMMONS

– Hamsun var heilt over seg av Dostojevskij, og blei faktisk skulda for å plagiere han med novella «Hazard», som likna mykje på romanen «Spilleren». Det er ingen tvil om at Hamsun står i gjeld til Dostojevskij, seier Kjelstrup.

Og Hamsun er langt ifrå den einaste som står i gjeld til russaren. Det finst knapt ein stor moderne forfattar frå 1900-talet som ikkje har vore fan. William Faulkner, Friedrich Nietzsche, Jean-Paul Sartre, Anton Tsjekhov, Ernest Hemingway, Virginia Woolf og Haruki Murakami har alle hatt Dostojevskij som inspirasjonskjelde.

Ingunn Lunde er professor i russisk språk og litteratur. Ho fortel at Dostojevskij var ein litterær pioner på fleire område. Her er tre døme:

Han skreiv ut kjenslelivet.

– Dostojevskij skildrar menneskets indre og korleis bevisstheita fungerer. Det er ei realistisk framstilling av det komplekse og psykologiske i oss, seier Lunde.

Han sprengde den klassiske forteljinga.

– Ja, altså han leika og testa mykje med forma på forteljingane sine og braut med konvensjonane. Den klassiske forteljinga har ein start, ein midtdel og ein slutt. Fjodor Dostojevskij var ikkje redd for å knuse den strukturen og finne nye måtar å fortelje på. Han var ein forløpar til modernismen i litteraturen.

Dialogen.

I Dostojevskijs romanar er det mykje dialog – det var ikkje så vanleg på den tida han skreiv.

– Og den fleirstemmigheita gjer at ulike perspektiv tumlar seg saman. Som lesar opplever du at du blir med i samtalen, at du blir dratt inn i diskusjonen. Dette grepet utvidar og nyanserer spørsmål og tema han behandlar.

Kulturbord (Marco Vaglieri)

Kvar ser vi Dostojevskij i kulturen?

Ein skikkelse som Dostojevskij har naturlegvis også påverka samfunnet langt utover dei litterære krinsar.

Filmen «Forrest Gump» frå 1994, med Tom Hanks i hovudrolla, er til dømes tydeleg inspirert av Dostojevskij-romanen «Idioten».

I begge historiene blir hovudpersonen sett på som ein «idiot» av samfunnet. Både når det gjeld fysikk (Forrest Gump har ei psykisk utviklingshemming, Fyrst Mysjkin i «Idioten» har epilepsi) og veremåte. Dei er også like i måten dei gong på gong vel godheit og kjærleik framfor å tenkje på seg sjølv i pressa situasjonar.

Forrest Gump

INGEN FORREST UTAN FJODOR: Både boka og filmen «Forrest Gump» er tydeleg inspirert av Dostojevskij-romanen «Idioten».

Foto: PARAMOUNT PICTURES / Album / Album

Begge hovudpersonane har også kvar si kvinne som dei vier livet sitt til å elske. Kvinnene ser ikkje på seg sjølv som verdig denne kjærleiken, og klarer verken å ta han imot eller å elske tilbake.

I boka «Forrest Gump» (som filmen er basert på) av Winston Groom kjem parallellen til «Idioten» enda tydelegare fram. Allereie på første side samanliknar Forrest seg sjølv med «Idioten» av Dostojevskij (eller Doy-chee-eveskie, som Forrest kallar han.) Seinare i boka deltar han til og med på ei førelesing på universitetet om idiotar i litteraturen.

Filmen «Taxi Driver» frå 1976, med Robert De Niro i hovudrolla, er inspirert av ei anna Dostojevskij-bok: «Opptegnelser fra et kjellerdyp».

Robert de Niro fra Taxi Driver

YOU TALKIN' TO ME? Ein ung Robert De Niro i filmen «Taxi Driver» frå 1976.

Foto: Columbia Pictures / Zuma Press

Begge historiene handlar om einsame menn som bur i slummen. Hovudpersonane ser på verda som ein falsk og utriveleg stad, og står i det paradoksale spennet mellom å avsky den «normale» verda, samtidig som dei ønskjer å vere ein del av ho.

Både «Taxi Driver» og «Opptegnelser fra et kjellerdyp» har også ein prostituert i ei sentral birolle, som hovudpersonen prøvar å redde, utan at det nødvendigvis går heilt etter planen.

«Taxi Driver» har gjennom åra fått status som kultfilm, og har igjen vore ei stor inspirasjonskjelde for filmen «Joker» frå 2019.

joker

JOKER: Joaquin Phoenix vann Oscar for beste mannlege skodespelar for rolla som Joker i 2020.

Foto: SF Studios

Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at vår eigen Edvard Munch var sterkt påverka av Dostojevskij.

Begge brukte mykje tid på å høvesvis måle og skrive ut dei store kjenslene. Ei av bøkene som påverka Munch mest skal ha vore kortromanen «Krotkaja» frå 1847, som handlar om ein fortvila mann som har mista kona si til sjølvmord.

Boka inspirerte Munchs måleri med same namn, som også er måla inn i eit av Munchs mest kjente sjølvportrett: «Mellom klokken og sengen».

Munchs bilder

MUNCH: Til venstre: «Mellom klokken og sengen» (1940-1943). Til høgre: «Krotkaja» (1927-1929).

Foto: Munch

Dostojevskij var ein følgesvein gjennom heile Munchs vaksne liv, heilt til aller siste slutt. Då kunstnaren blei funnen død i senga si på Ekely, 23. januar 1944, låg romanen «De besatte» på nattbordet.

Kulturbord (marco vaglieri)

Kvifor er han viktig i dag?

I 1987 var den norske forfattaren Tore Renberg 14 år gammal og lut lei av ungdomsromanar. I bokhylla heime på Madla i Stavanger fiska han fram den feitaste boka han fann: «Forbrytelse og straff» av Fjodor Dostojevskij.

Herre jemini. Den unge, brå-intellektuelle guten blei fullstendig blåst av bana:

– Det var eit makelaust trøkk. Alt kokte. Konstant. Du veit, sånn som tomatsuppe kokar, seier Renberg.

– Kvar kokte det?

– I språket, historiene, menneska, galskapen, tempoet. Det er ingen påhalden penn ute og går her, det er ikkje stilreint og forsiktig. Den mannen har ikkje bremser. Dostojevskijs romanar er litteraturen sitt svar på Formel 1.

Etter å ha fullført boka, skreiv guten frå Stavanger følgjande i dagboka si: «Eg skal bli forfattar». (Han skreiv også særemne om sin nye helt: – Blank seksar, seier Renberg. Nei, S heitte det på den tida. Blank S.)

Renberg er ingen gammal mann, men 1987 – det begynner å bli ei stund sidan? Jo da, men Dostojevskij blir framleis lest, seier Renberg overtydd. Han møtte faktisk nyleg nokre 18-åringar frå Katedralskolen i Stavanger som les den russiske giganten akkurat no. (Han fortel med litt misunning i stemma, høyrest det ut som.)

– Han er ein «levande» klassikar, altså. Forfattarar stiller seg aktivt til han, dermed blir han aktualisert gjennom vårt arbeid, lesarar gjer det same, forskarar òg.

Og ungdom.

– Det er farta og trøkket og temperamentet – og dei komplekse figurane som gjer han så bra for unge menneske. Ingen er berre edle og flotte eller vondskapsfulle og slemme.

Hovudbiblioteket i Oslo bekreftar: Dostojevskij blir framleis lest. Ikkje på høgde med dei mest lånte forfattarane, så klart, men ja; det kjem eit jamt sig med nysgjerrige innom og hentar ut ei Fjodor-bok.

Kulturbord (Marco Vaglieri)

Kva slags bok bør ein lese først?

Om ein aldri har opna ei Fjodor-bok, kvar skal ein eigentleg begynne?

– Altså ... ein anbefaler da ikkje Beatles si andre og tredje beste plate til nokon som aldri har høyrt dei, seier Tore Renberg.

– «Høyr desse to før du høyrer Sgt. Pepper», liksom? Nei, du må gå rett på – rett inn i galskapen. Les «Forbrytelse og Straff»!

Professor Lunde skjønar Tore Renbergs anbefaling.

– «Forbrytelse og Straff» er ei bok som mange likar. Ho er spennande og held lesaren i fast grep heilt frå starten av. Men om ein vil starte med ei som ikkje er tjukk (boka har 767 sider), så kan eg også anbefale «Dobbeltgjengeren». I den boka skildrar Dostojevskij gryande galskap, og ho er både morosam, spennande og interessant.

Om du framleis synest Dostojevskij verkar som ein vrien forfattar å bryne seg på, så finst det heldigvis nokon som vil halde deg i handa gjennom heile «Brødrene Karamasov» frå start til slutt.

NRK-journalistane Christine Lossius Thorin og Jørgen Strickert har nemleg spelt inn ein episode for kvar av dei 59 kapitla av boka. Desse kan du høyre her i «Salongens lesesirkel».

Ein liten quiz, heilt på tampen?

Er du ein av dei som rotar litt med Lev Tolstoj (1828–1910) og Fjodor Dostojevskij (1821–1881)?

Du er nok ikkje aleine. Begge er svære russiske forfattarar.

Klarer du å skilje seks av dei legendariske verka deira?

1/6 «Anna Karenina»?

2/6 «Opptegnelser fra et kjellerdyp»?

3/6 «Krig og fred»?

4/6 «Brødrene Karamasov»?

5/6 «Sevastopolfortellingene»?

6/6 «Forbrytelse og straff»?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Anbefalt vidare lesing: