Hopp til innhold

Hans-Erik Dyvik Husby blir hylla verda rundt: – Du var ein legende

Hans-Erik Dyvik Husby døydde fredag. Han blir minna av fans og vener langt utover Noreg sine grenser.

MGP: Han von Hell under Melodi Grand Prix i 2019.

MGP: Han von Hell under Melodi Grand Prix i 2019.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Fredag kveld bekrefta manager Boye Nytun til NRK at Hans-Erik Dyvik Husby er død.

Både vener og fans i inn- og utland sørgjer over at Husby er død. Fleire viser si medkjensle og minnest Husby på sosiale medium.

Fanklubben i sorg

Hans-Erik Dyvik Husby blei kjent som frontfiguren Hank von Helvete, seinare Hank von Hell, i bandet Turbonegro (tidlegare Turboneger).

Bandet har gjort suksess både i inn- og utland. Husby forlèt bandet i 2010.

– Han var eit varm og storhjarta menneske, ein spirituell og intellektuelt søkande person som elska å samtala med kven som helst, skriv bandet i minneordet på Facebook.

Kommentar fra Turbonegro på Facebook

Minneord frå Turbonegro på Facebook.

Foto: Skjermdump tatt 19.11.21

Tidlegare bandkollega Thomas Seltzer, skriv på Facebook at bandet planla gjenforeining med Hank von Helvete.

Cato André Beachpunk er leiar for Turbojugend Oslo, fanklubben til Turbonegro.

– Fanklubben er i tårer. Det er utruleg trist. Det er ein fanklubb som verkeleg sørgjer akkurat no, seier han til NRK.

Turbojugend har spreidd seg over heile verda med rundt 2500 avdelingar. Husby har betydd veldig mykje for veldig mange i fanklubbane rundt om, opplyser Beachpunk.

Cato André Beachpunk. Turbojugend Oslo.

Leiar for Turbojugend Oslo, Cato André Beachpunk.

Foto: Privat

– Det er gravøl i diverse byar i verda akkurat no, hevdar fanklubb-leiaren.

Beachpunk meiner Husby vil bli hugsa som ein av verdas beste showmenn.

– Då han kom på scena, tok han all merksemda i rommet. Han var ein showmann utan like.

Turboneger-konsert med vokalist Hank von Helvete på scena under Norwegian Wood-festivalen i Oslo.

Turboneger-konsert med vokalist Hank von Helvete på scena under Norwegian Wood-festivalen i Oslo.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Hylla av utanlandske stjerner

Den amerikanske skodespelaren og artisten Julietta Lewis er også blant dei som har delt kondolanse på sosiale medium.

Instagram skriv ho at det var med stor sorg ho tok imot beskjeden om at Husby hadde gått bort. Ho skriv at bandet hennar Juliette and The Licks har vore oppvarmingsband for Turbonegro.

Juliette Lewis kommentar Instagram

Minneord frå Juliette Lewis på Instagram.

Foto: Skjermdump tatt 20.11.21

– Hank var ein av dei beste frontfigurane eg nokon gong har vore vitne til, skriv ho.

Lewis beskriv Husby som ein utfordrar og provokatør, men at han var driven av kjærleik og nysgjerrigheit.

Også Stephen Gilchrist Glover, kjent som Steve-O frå MTV-programmet «Jackass» sørgjer over Husby.

– Du var ein legende, skriv han.

Minneord frå Steve-O

Minneord frå Steve-O.

Foto: Skjermdump tatt 20.11.21

Omtalt verda over

Ei rekkje internasjonale rockemagasin som Loudersound, Popculture, Brooklyn Vegan, Kerrang!, Blabbermouth, Hevy Cosequence og Metal Hammer har omtalt dødsfallet

Husby sin bortgang også blitt fanga opp av anna utanlandsk media. Særskilt har svenske mediehus via stor merksemd til Hans-Erik Dyvik Husby.

Store mediehus som SVT, Aftonbladet, Expressen og TV4 melde om bortgangen.

Hans-Erik Dyvik Husby (th) sammen med komponist Jack Vreeswijk (sønnen til Cornelis Vreeswijk) før premieren til filmen om Cornelis Vreeswijk.

Hans-Erik Dyvik Husby saman med komponist Jack Vreeswijk (sonen til Cornelis Vreeswijk) før filmpremieren.

Foto: Heiko Junge / NTB

Som skodespelar portretterte Husby den svenske Cornelis Vreeswijk i filmen «Cornelis» i 2010. Same år spelte han inn albumet «I ljuset av Cornelis» sammen med Jack Vreeswijk og turnerte i Skandinavia.

– Bandet har mange fans utanfor Noregs grenser, ikkje minst i Tyskland og Sverige, skriv SVT.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.