Hopp til innhold

Hans-Erik Dyvik Husby blir bisett: Hylla av venner og kollegaer

Hans-Erik Dyvik Husby døydde 49 år gammal. No er han bisett frå Lillestrøm kyrkje. – Kanskje siste av sitt slag, seier bandkollega i Turboneger.

Begravelse for Hans-Erik Dyvik Husby

Hans-Erik Dyvik Husby fekk fleire kransar og helsingar frå Turboneger-fansen verda rundt.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Hank von Helvete, Hank von Hell, Herr Tugen, Hertis.

Han var kjent under mange namn. I dag skal Hans-Erik Dyvik Husby ut på si siste reise.

NRK møtte Knut Schreiner, som spelte i Turboneger med Husby, på veg inn til bisetjinga. Han fortel at det er ein spesiell og trist dag.

– I dag hugsar eg først og fremst personlegdommen hans, hans karakter. Ein varm, morosam person, som også på mange område hadde mykje kunnskap. Han var fin å vere rundt, seier Schreiner.

Knut Scheiner i Turboneger

Knut Schreiner, også kjent som Euroboy, var mangeårig bandkollega med Husby i Turboneger.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

Knut Schreiner, også kjent som Euroboy, var mangeårig bandkollega med Husby i Turboneger.

Foto: Thorvald Aschim / NRK

Bandkollegaen meiner Husby har blitt ein rockelegende.

– Eg trur han representerer ei tid der outsiderar og ekte bohemar kunne velje musikk og artistlivet som ein slags veg ut. Det er kanskje ikkje vanleg i dag, seier Schreiner, som meiner artistar i dag må vere usedvanleg ressurssterke.

– Hans-Erik var kanskje siste av sitt slag, legg han til.

Begravelse for Hans-Erik Dyvik Husby

Sjå bisetjinga til Hans-Erik Dyvik Husby frå Lillestrøm kyrkje.

– Turboneger har ein fanbase over heile verda, Turbojugend. Kva har du høyrt frå dei etter at Hans-Erik gjekk bort?

– Det har vore ei oppleving av eit veldig fint og sterkt fan-fellesskap. Det har jo utvikla seg ein kultur rundt bandet vårt som lever sitt eige liv, fortel Schreiner.

– Kjem aldri til å gløyme deg

Gitarist Philip Obuskovic, «Phillie», seier Husby var som ein storebror og mentor for han.

– Du tok meg med overalt som di høgre hand, veslebror og gitarist. Du tok meg under vengene dine, du rettleia meg om eg var på villspor, du såg på meg som eg alltid var av ditt eige kjøt og blod, sa Obuskovic i sitt minneord i bisetjinga.

– Kjære Hans-Erik, kjære broren min, eg kjem aldri til å gløyme deg. Du har ein av dei største plassane i hjartet mitt, avslutta han.

Gitarist Philip Schou Nilsen Obuskovic taler under Hans-Erik Dyvik Husby begravelse i Lillestrøm kirke torsdag.

Gitarist og nær venn, Philip Obuskovic, seier Husby blei ein av hans viktigaste støttespelarar gjennom åra.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Ein kultfigur

Prest i Lillestrøm kyrkje, Anne Dalen, fortel at livet til Husby var fullt med kontrastar.

– Han var snill mot andre, men ikkje alltid mot seg sjølv, sa ho under bisetjinga.

Musikksjef i NRK, Mats Borch Bugge, seier Husby nærmast var ein landsfader for rockemusikken i Noreg.

– Han gjekk så hardt inn i dei rollene, og blei ein kultfigur i si samtid. Han hadde ein samlande effekt i rockemiljøet i Noreg og i verda, men også blant dei som ikkje var ihuga rockefans, seier Bugge.

Begravelse for Hans-Erik Dyvik Husby

På midten av kista er det plassert ein mikrofon. – Stemma hans har stilna, men vil alltid vere med oss, sa prest Anne Dalen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det var planlagt eit minnesamvær på Majorstua i Oslo etter bisetjinga. Det skulle vere 100 gjestar på arrangementet, men på grunn av koronasituasjonen blir det avlyst, stadfestar arrangøren til VG.

Kjent for sminke og baris

Hans-Erik Dyvik Husby gjorde seg først kjent som vokalist og frontfigur i bandet Turboneger på byrjinga av 90-talet. Bandet mellom anna var kjent for sin storslegne stil på scena, der Husby ofte blei sett med mykje ansiktssminke og bar overkropp.

– Det var deilig å berre kunne ta på seg ein heilt tøvete rolledrakt og gi gass, sa Husby då han blei intervjua i NRK-serien «Punx».

hank von helvete jesus christ superstar

Hans-Erik Dyvik Husby utmerka seg i musikalen «Jesus Christ Superstar» på Det norske teater.

Foto: P3

Hans-Erik Dyvik Husby utmerka seg i musikalen «Jesus Christ Superstar» på Det norske teater.

Foto: P3

Det var ikkje berre som rockestjerne Husby utmerka seg. Han hausta god kritikk i rolla som Jesus i musikalen «Jesus Christ Superstar» i 2009 og 2010.

Han var og å sjå i rolla som Cornelis Vreeswijk i den svenske dramafilmen «Cornelis» frå 2010.

Eit turbulent liv

Livet har ikkje alltid vore lett for Hans-Erik Dyvik Husby. Store delar av det var fylt med rusproblem, som mellom anna førte til at Turboneger blei oppløyst i 1998.

Hans-Erik Dyvik Husby

Husby deltok i Melodi Grand Prix i 2013 og 2019.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Men på ei scene i Sverige i 2002 oppstår Turboneger på nytt. Bandet held det gåande i nokre år, før Turboneger og Husby går kvar til sitt i 2009. Han etablerar seg som soloartist, men rusproblema slepp aldri heilt taket.

19. november 2021 sa kroppen stopp etter eit hardt liv, sa bestevenn og manager Boye Nythun til Se og Hør.

– Dei siste månadene har vore ekstra harde for han, og diverre blei summen av eit hardt levd liv for mykje for han. Kroppen til Hans-Erik tolte ikkje meir, sa Nythun.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.