Hopp til innhold

Girl in Red på Forbes-liste over 30 mest lovande i Europa

Norske Marie Ulven er nemnt som ei av dei unge lovande på den eksklusive lista til Forbes, «30 under 30».

Marie Ulev, Girl in Red, på scenen

LOVANDE: Marie Ulven, kjent under artistnamn Girl in Red, er på Forbes si liste over dei mest lovande talenta under 30 i Europa.

Foto: Lars Opstad / NRK

Det siste året har ho blitt hylla for musikken sin, og for å vera eit skeivt forbilde verda over.

No er Marie Ulven, kjend under artistnamnet Girl in Red, nemnt som eit av dei mest lovande, unge talenta i lista «Forbes 30 Under 30 Europe 2021 Entertainment List».

I 2018 slapp 22-åringen låten «i wanna be your girlfriend», som har over 150 millionar avspelingar på Spotify.

Hylla for openheit

Mykje av musikken til Ulven handlar om det å falla for ei jente. I haust fortalde NRK om at låten «I Fell in Love in October» etter kvart har blitt brukt som eit globalt kodespråk for å uttrykka at ein er skeiv.

Det amerikanske forretnings- og finanstidsskriftet Forbes skriv at artistane på lista deira banar veg for underrepresenterte grupper i europeisk musikk. Dei trekk mellom anna fram temaet mental helse, som er noko Ulven også er open om.

– Det var kult å høyra. Ho fortener absolutt den anerkjenninga. Sjølv om det kapitalistiske businessmagasinet Forbes kanskje ikkje er hennar drøyme-avsendar for ros og skryt, kan det neppe skada at fleire får auga opp for musikken hennar, seier musikkmeldar Espen Borge.

Ikkje utprega viktig for artistar

Borge trur ikkje at Forbes-lister er utprega viktige for artistar, men at det iallfall ikkje kan skada å bli nemnt i slike samanhengar.

– Ein får jo håpa at ho også er utvald med (iallfall delvis) bakgrunn i openheita si og engasjementet sitt for LHBTQ+-menneske. Sånn sett er det iallfall veldig gledeleg. Musikalsk synest eg Girl in Red har treft målgruppa si såpass bra på eiga hand at eg håpar og trur ho fortset som før sjølv om «corporate America» no også opnar armane sine for ho, avsluttar Borge.

Andre på lista er mellom andre den 25 år gamle skodespelaren Emma Corrin, som spelte Lady Diana Spencer i Netflix-serien The Crown.

Nordmann på lista over mest lovande idrettsutøvarar

Forbes listar også opp dei 30 mest lovande idrettsutøvarane under 30 år. Her er den norske handballspelaren, Stine Bredal Oftedal (29), nemnt. Oftedal er kaptein på det norske landslaget, og speler for handballklubben Györ i Ungarn.

Oftedal debuterte på det norske landslaget i 2010 og blei i 2019 kåra til verdas beste kvinnelege handballspelar for 2019.

Håndball VM kvinner Kumamoto Japan

Stine Bredal Oftedal

Foto: Vidar Ruud

ENDRING 08.04.21: Ved ein feil blei Christine Dancke sitert i denne saka. Rett kjelde er musikkmeldar Espen Borge.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters