Hopp til innhold

Norsk artist står bak globalt kodespråk for skeive jenter

Den norske artisten Marie Ulven, betre kjent som Girl in red, har blitt eit forbilde for skeive personar. Nå heng Girl in red-plakatar i storbyar verda rundt.

Marie Ulev, Girl in Red, på scenen

GLOBALT FENOMEN: Musikken til Marie Ulven har fått fleire skeive jenter til å vere open om seg sjølv.

Foto: Lars Opstad / NRK

– Det er kjempekult at det har blitt så stort, seier Marie Ulven.

21-åringen frå Horten går under artistnamnet Girl in red, og har blitt populær både her heime og i utlandet. Fleire av songane handlar om det å falle for ei jente.

Med denne tematikken har ho klart å nå ut til skeive personar i heile verda, og mange ser på ho som eit forbilde fordi ho normaliserer homofili i kunst.

Det har vidare ført til at mange skeive jenter har brukt og framleis brukar låten «I Fell in Love in October» når dei vil uttrykke at dei liker jenter eller at dei har fått seg jentekjæraste.

Måten ein gjer det på er ved å laste opp ein film på Instagram eller TikTok, der ein er saman med kjærasten sin medan låten spelar i bakgrunnen.

@dakotaolave

So I officially have a #girlfriend 💕 Also, do girls like to be shown off? 👀(Read My Bio) #cute #relationship #couplegoals #boyfriend #foryou

♬ we fell in love in october - girl in red

«Do you listen to Girl in red?»

Men det har utvikla seg til meir enn berre ein song. Uttrykket «Do you listen to Girl in red?» blir nå brukt som spørsmål på om du er skeiv eller ikkje.

Viss du for eksempel skriv «Do you listen to Girl in red?» i kommentarfeltet på ein Instagrampost eller TikTok-post, så spør du eigentleg om personen er skeiv eller ikkje.

Svarer personen ja, så betyr det at han eller ho er skeiv.

Dette har blitt eit stort internettfenomen.

– Det kan vere 2020-måten å kome ut av skapet på. Det er ein fin måte å si «hei, eg liker deg» eller «hei, eg liker jenter», seier musikkprodusent i p3, Adiele Arukwe.

Ho har mykje kunnskap om TikTok-trendar.

– Å ha ein slik plattform, og eit slikt kodespråk, kan senke terskelen for unge å stå fram i yngre alder.

Politisk symbol

Nå har det også spreidd seg til den verkelege, fysiske verda også.

I London, Moskva, São Paulo, New York og fleire andre storbyar har det i løpet av det siste døgnet dukka opp digre raude plakatar med skrifta «Do you listen to girl in red?».

Girl in red fekk ideen til plakaten då ho la merke til at spørsmålet blei populært. Ho ønska å gje det ei fysisk tilstedeværing over heile verda for å styrke og koble fansen vidare. Managaren og distributøren hennar har hjulpe til med å realisere plakat-prosjektet.

Desse plakatane kan tolkast som eit symbol på den skeive bevegelsen – og for å vise solidaritet med LHBTQ-samfunnet.

girl in red instagram - plakat 1
girl in red instagram - plakat 1
girl in red - insta skjermdump
girl in red insta -
girl in red - polen - skjermdump

Desse bileta sirkulerer nå på Instagram, og Marie Ulven har sjølv delt på sin instagramprofil.

Mange av dei som tar bilete legg også til tekst som opplyser om rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

– Det er flott å sjå dei ulike reaksjonane på plakatane, spesielt i land som fører ein mindre LHBTQ+-venleg politikk, seier Ulven til NRK.

– Viktig for publikum, mangfaldet og bransjen

– Girl in red er fyst og fremst ein dyktig musikar, uavhengig av kva slags legning ho har. Ho lager låtar om å like same kjønn, som treff folk.

– Det er viktig for publikum, mangfaldet og bransjen. Forhåpentlegvis har ho gjort ein stor skilnad for mange unge menneske der ute, seier Adiele Arukwe.

Ho trur grunnen til at Marie Ulven har klart å nå ut til så mange er fordi ho representerer andre ting enn mange andre artistar.

Adiele Helen Krüger Arukwe

VIKTIG: – Det girl in red representerer er nok viktig for mange unge i dag, seier musikkprodusent i p3, Adiele Arukwe.

Foto: Madeleine Delp Bergsjø

– Jo fleire ulike skeive forbilder vi har jo betre. Det girl in red representerer er nok viktig for mange unge i dag. Ho er ein del av eit mangfald.

Det same meiner Ingvild Endestad, leiar i FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold:

– Marie Ulven viser kor viktig det er å tore å vere open. Mange unge skeive jenter har ikkje så mange forbilde eller forteljingar som speglar livet deira, og difor trur eg også Ulvens musikk blir så viktig, seier ho.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.