Hopp til innhold

Fyll sommeren med gode bøker

Stikk nasen i ei god bok, i solsteiken på stranda eller inne i regnet.

Bok og sommer
Foto: Colourbox

sommeranbefalinger
Foto: NRK

Sommaren er høgsesong for late dagar, og gode bøker. Marta Norheim er bokmeldar i NRK, og deler sine beste bøker med deg her. Med dette lesestoffet i strandbagen, har du mykje å kose deg med.

Det beste frå i år

Marta Norheim

NRK sin bokmeldar Marta Norheim anbefaler god sommarlitteratur.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK

Har du ikkje fått tid til å lese så mange av bøkene som har kome ut i 2009, kan dei følgjande fem bøkene vere ein god plass å starte.

Den prislønte finsk-estiske forfattaren Sofi Oksanen sin første roman, «Står fram med veldig kraft» , kom ut på norsk i år. Dette er ein djupt original roman om estisk historie og anoreksi, med skam som ein raud tråd gjennom historia.

"Stalins kyr"
Foto: Oktober forlag

Om du heller vil drøyme deg vekk til andre verdsdelar og andre tidsepokar, kan du kaste deg over romanen Opium og folket av den indiske forfattaren Amitav Ghosh.

Marta Norheim er full av lovord om boka:

- Opiumskrigane vert sett frå indisk side, gjennom eit svært fargerikt persongalleri, fortel ho.

Atle Næss sin roman Kunsten å erobre verda er ein studie i framveksten av kapitalismen. Dette er ein kunnskapsmetta roman om krydder, kolonialisme og kjærleik

Om du kjenner for litt motstand, kan du finne fram Anne Oterholm sin nyaste roman - "Feelbad"-litteratur på sitt beste . Dette er ein svært ubehageleg roman, men slett ikkje dårleg. Ein tilsynelatande enkel roman om ein far og to søner, men her krevst aktiv lesing for å få fullt utbyte.

Dette er "feelbad"-litteratur på sitt beste.

Marta Norheim / om 'Toget frå Ajaccio'

Vert det for mykje med berre romanar, anbefaler Marta Norheim den vesle boka til Inghill Johansen. Lengda på tekstane i «Tekster som ikke forsvinner» varierer fra ei halv side til over ti sider. Dei lengste er små historier eller noveller, medan dei kortaste er nærmar seg poesi.

Ei særprega, lita bok som ein rett og slett berre skal unne seg.

Marta Norheim / om 'Forsvinne'


Fleire gode bøker

Om bøkene frå i år alle er utlånte frå biblioteket, finst det mange godbitar frå nokre år tilbake.

J.M. Coetzee sin roman Vanære er ei desillusjonert historie frå det nye Sør-Afrika. Romanen Vanære fekk Bookerprisen i 1999, og J.M. Coetzee fekk Nobelprisen i litteratur i 2003.

Anne Proulx er kanskje mest kjend for den filmatiserte novella Brokeback Mountain. I 2006 kom novellesamlinga Ville veier - Nye historier frå Wyoming.

Finst det nokon som skriv betre noveller enn Annie Proulx?

Marta Norheim
Elias Khoury: Yalo. Aschehoug 2007
Foto: Aschehoug

Forfattaren Pramoedya Ananta Toer sat mange år i fangenskap på Buru-øya. Notatane frå denne tida, skribla ned på sigarettpapir og lappar, vart til fire romanar kalla Buru-kvartetten. Dette er moderne indonesisk historie i romanform.

A.S.Byatt sin roman Besettelse (1990) gjev deg lidenskap og kjærleik på mange nivå, ikkje minst på det litterære.

Ein ung libanesisk mann spionerer på kjærastar i skogen, og som etterpå må ta konsekvensane . Finn ut korleis det går i Elias Khoury sin roman "Yalo"

  • Del dine gode leseopplevingar med fleire her!

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.