Hopp til innhold

Opium og folket

Den indiske forfattaren Amitav Ghosh har skrive ein roman som har alt.

Amitav Ghosh

Ghosh er ute med ny roman - 'Et hav av valmuer'

Foto: ALASTAIR GRANT / AP

Et hav av valmuer

'Et hav av valmuer' er omsett til norsk av Kari og Kjell Risvik.

Foto: Pax forlag

Vi er inne i ei indisk bølgje som har skylt mykje dramatikk og eksotisme inn i norske bokhyller, så mykje at eg av og til har hatt kjensla av at indiske forfattarar skrur opp safran- og sari-faktoren til glede for vestlege lesarar som meg sjølv, mens dei sper på med kastesystem og enkebrenning for å få fram gyset på våre vinterbleike ryggar. Ein ny, indisk roman vekkjer dermed litt motstridande kjensler må eg innrømme.

Begeistrar

Men etter å ha lese Et hav av valmuer er eg begeistra -eller forført- igjen, trass i full mobilisering av det kritiske apparatet. Dette er rett og slett ein pageturner til å bli klok av, og kva meir kan ein kreve?

Handlinga er lagt til 1830-talet, det vil seie til tida like før opiumskrigen mellom Kina og det britiske imperiet, der India som kjent var juvelen i krona og ei gullgruve for britiske opuimsfabrikkeigarar. Krisa nærmar seg, kinesarane vil ikkje lenger kjøpe varene i same mengd og til same pris som før, og dei vanskelege tidene får den britiske kapitalismen og det indiske kastesystemet til å gnisse mot kvarandre og male sund gamle tradisjonar og nye alliansar, for ikkje å snakke om enkeltpersonar som kjem i klemma.

I dette ureine farvatnet sjøset Ghosh det ombygde slaveskipet Ibis, som no skal frakte kontraktarbeidarar til plantasjar på Mauritius. Dette skipet blir ein verden i miniatyr, med britar, amerikanarar, ein kinesisk opiumsslave, ein fallen opiumsplantasjeeigar, ein religiøs fantast, ein tidlegare sjørøvar og naturlegvis folk frå diverse kastar og samfunnsgrupper.

Gjer litt for mykje av jobben

Ghosh overtyder som historieforteljar og intrigemakar, her er det underlege samantreff og elleville kjedereaksjonar i rikt mon. Men renninga i denne fargerike veven er heile tida den store historia: britisk imperialisme, overgangen frå jordbruk til opiumsdyrking, kastesystemet får utfalde seg med all sin rasjonalitet og absurditet, ulike folkegrupper får spele ut fordommar og overlevingsmekanismar.

Dette er ein forfattar som vil meir enn berre å fortelje ei god historie. Han kastar utrivelege handlingar og tenkemåtar rett i fleisen på både indiske og vestlege lesarar.

Skal eg kome med to små innvendingar, må den første vere at vi blir kjent med dei vi skal like frå innsida, og dei vi skal mislike berre frå utsida. Dermed blir det litt for enkelt å ta parti. Forfattaren gjer rett og slett for mykje av jobben før vi lesarar får sleppe til.

Indiske gloser

Den andre er ei overflod av indiske gloser og kaudervelsk språk som omsetjarane har gjenskapt med ord frå svært ulike norske dialektar. Eg er usikker på kor godt dette fungerer, og eg er likeeins usikker på kor nødvendig det er med alle dei indiske orda.

Dette er likevel små innvendingar mot eit på alle måtar stort verk, som skal bli endå større ettersom dette er første bok i ein trilogi. Eg gler meg allereie til bok nummer to.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters