Hopp til innhold

Spenning i sommaren

Treng du litt spenning i dei late sommardagane? Da kan forfattar Tom Egeland sine krimanbefalingar hjelpe deg.

Ulvenatten

Fra filmen 'Ulvenatten', basert på Tom Egelands roman med samme tittel

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

sommeranbefalinger
Foto: NRK

Forfattar Tom Egeland anbefaler sine fem på topp spenningsromanar frå i år, i tillegg til nokre eldre favorittar.

Første tips er eit par nye norske krimbøker. Torkil Damhaug sin roman ”Døden ved vann” gjev ei imponerande psykologisk innsikt. Dette er ein klassisk krim og psykologisk thriller på same tid.

Torkil Damhaug, "Døden ved vann"

Torkil Damhaug, 'Døden ved vann'

Foto: Cappelen Damm

I Roar Sørensens ”Magellans kors” må ein norsk eks-politimann avverge eit attentat mot presidenten av Filippinane.

- Tøff, velskriven og spennande bok med snert og macho trøkk.

LES OGSÅ: NRKs bokmeldar Marta Nordheims sommaranbefalingar

Tek vi ein tur over til nabolanda våre finn ein også god krim, tykkjer Tom Egeland.

Svenske Johan Theorin sin roman ”Nattfokk” handlar om eit ektepar som kjøper ein idyllisk gard på ei fredeleg øy. Men ingenting ved garden eller idyllen er heilt som vi trur.

- Skummelt, spennande! seier Egeland.

Passasjeren
Foto: Aschehoug

I danske ”Passasjeren” av Steffen Jacobsen er det store spørsmålet kven som etterlét ei døyande kvinne på Bjørnøya. Og kven som er ute etter hemn.

- Intenst spennande og kløktig krim skrive med en infam humor.

I følgje Egeland er amerikanske Harlan Coben meisteren av forviklingskrimmen. I romanen ”I den skogen” er ikkje noko som du trur, og ingen er den du trur. Det er ei bok full av overraskingar og tverrvendingar.

Skumle spenningsklassikarar

Ein del spenningsromanar slepp aldri taket, og fem klassiske bøker forfattar Tom Egeland framleis synest held mål finn du her.

J. Dickson Carrs ”Sort messe” smeltar saman alt frå mysterium bak stengde dører, giftmord til overnaturleg gys, med ein frydefullt overraskande slutt.

Kanskje verdas beste klassiske krim.

Tom Egeland / om "Sort messe"

Umberto Eco sin roman ”Rosens navn” vart utgjeven i 1980. Ein storslagen historisk-intellektuell krim, full av festlege fotnotar, klokskap og kunnskap;

- Ein frodig roman for elskarar av Boka med stor B.

”Frøken Smillas fornemmelse for snø” av danske Peter Høeg vart ein stor suksess då den kom i 1992.

- Mellom denne snurrige romanen sine permar finn du ikkje berre ein ganske så annleis thriller, men også ein djuptfølt og inderleg sivilisasjonskritikk.

"Hendelser ved vann"
Foto: Aschehoug

”Hendelser ved vann” av Kerstin Ekman er ein lavmælt og mørk kriminalroman om eit grufullt dobbeltdrap i dei svensknorske grensetraktene. Dette er poetisk litteratur, psykologi og krim i skjønn forening.


Siste anbefaling frå Tom Egeland er boka "Sjakalen" av britiske Frederick Forsyth. Det er ein intens thriller om jakta på ein leigemordar som flyktar frå politiet samtidig som han planlegger et attentant mot Frankrikes president.

  • Del dine krim- og spenningsfavorittar med andre!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.