Hopp til innhold

Kunsten å erobre verda

Romanen "Din nestes eiendom" er ein studie i framveksten av kapitalismen. Næss har heller ikkje gløymt den gamle regelen om å ha med ei vakker kvinne og ein revolver - dei to figurerer rettnok i kvar sin verdsdel.

Atle Næss

Atle Næss er aktuell med 'Din nestes eiendom' på Gyldendal.

Foto: Gyldendal

"Din nestes eiendom" av Atle Næss

'Din nestes eiendom' av Atle Næss.

Foto: Gyldendal

"Din nestes eiendom" er ein svært raus roman på alle vis: Han strekkjer seg over fire hundre sider og over tre kontinent, han går grundig til verks både når det gjeld den materielle og den økonomiske historia, for ikkje å gløyme mentalitetshistoria. Og, som eg allereie så vidt har hinta om: her får vi også kjærleik og komplikasjonar i den store ekteskapskabalen. Vi er såleis både på det heilt konkrete og individuelle nivået og på den store historiske utviklinga. Spørsmålet om det går an å stappe alt dette inn i ein roman og likevel få han til å flyte, er høgst relevant, og svaret er ja. Men det må leggast til at det episke drivet her og der blir i slappaste laget, når reiskapar og arbeidsmetodar og skikk og bruk og tenkje- og talemåtar skal flettast inn mellom handlingstrådane. Forfattaren maktar likevel å halde lesaren fast, og det til aller siste side. Det teksten misser på flyt og eleganse tek han att på interessant kunnskap i det korte løpet og spenning i det lange.

Startar i Vestby

Det heile startar i Vestby, og året er 1595: Ein gard, ein dreng som forelskar seg i dottera på den store nabogarden, ein smart trelasthandlar frå Holland og ei frodig enke. Legg så til at drengen som har draget på to kvinner er lausunge med ukjent far og ei klok kone til mor, og vi er i gang. Men ganske snart utviklar og utvidar den velkjente bygderomanen seg. Bondedottera, Solvår, rømmer til Nederland med skipper Jan. Dermed har romanen ein observatør og etterkvart ein aktør i det særs dynamiske handels- og sjøfartsmiljøet i Nederland på tidleg 1600-tal: nye båtmodellar, nye handelsruter, eit imperium er i emning, krydderøyane er ikkje berre eit laust rykte, portugisarane har vore der, og Luther har gjort det lettare for kristne menneske å handle med heidningane. Den nye tida vert så og seie skapt ved bordet i huset der Solvår er tenestejente:

De snakket om at portugiserne var gode sjøfolk, men dårlige handelsmenn. Profeten Muhammads vranglære hadde bredt seg til disse fjerne traktene, og portugiserne mente at det gav dem som gode katolske kristne lov til å fare fram som de ville. De hadde kanoner på skipene, de både plyndret og drepte på sin vei. Derfor var det mange som nektet å handle med dem, og de små handelsstasjonene som fantes underveis for å hjelpe skipene på den lange ruta, hadde mer enn nok med å forsvare seg; særlig mye handel ble det ikke. Ja, selv i det rike Malakka holdt portugiserne seg mest inne i festningen sin der veggene var seks fot tykke. Nå kunne Muhammad og paven i og for seg være like ille, vranglærere var de begge to. Men slikt skulle da ikke ødelegge en god handel. De som hadde noe å selge eller kjøpe, måtte få lov til det – og så fikk hver og en sørge for sin sjels frelse.

S. 140 i "Din nestes eiendom" av Atle Næss

Slik tenkjer ein ekte nederlandsk kapitalist rundt år 1600 ifølgje Næss, og det verkar overtydande. Dermed er fase tre i denne rause romanen i gang; nemleg turen til krydderøyane som skal vere ein stad nær Terra Incognita Australis. Forteljinga endrar seg til sjøroman av det ramsalte slaget med kjølhaling og skjørbuk og stormar som herjar med båt og mannskap, men heile vegen er den raude tråden også her korleis den nye tida bryt fram og korleis grunnlaget blir lagt for kapitalismen, i denne delen gjennom gryande utvikling av koloniar.

Ein kritisk biklang

Tittelen "Din nestes eiendom" gjev den ivrige erobringa ein kritisk biklang. Det var nett eigendomen til nesten ein ikkje skulle trå etter, ifølgje bibelsk lære. Men både Anders og Jan og alle dei andre gjer nett det, og i denne brytningsfasen ligg sjansen der også for dei som i det gamle standssamfunnet var nøydde til å bli på den plassen i samfunnshierarkiet som Gud Herren hadde sett dei på.

"Din nestes eiendom" er den gode gamle romanen om to frå ulik stand i bondesamfunnet som elskar kvarandre. Men i dette tilfellet er historia rundt dei ikkje berre ei kulisse som skaper den rette setmninga. Her er det historia sjølv som spelar hovudrolla, og som formar våre folk, gjev dei uventa sjansar ein stad, og stengjer døra for dei ein annan. Dermed er dette ein historisk roman i ordets beste forstand.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP