Hopp til innhold
Anmeldelse

Står fram med veldig kraft

Viss du tenkjer at kombinasjonen bulimi og nyare estisk historie ikkje høyrest særleg fengande ut, så tenk om igjen. Denne er den sterkaste romandebuten på lang, lang tid.

Sofi Oksanen

Finske Sofi Oksanen er aktuell med boken 'Stalins kyr' er gitt ut på Oktober forlag.

Foto: Toni Härkönen

Hør: Marta Norheim om boken Stalins Kyr (fra litteraturfestivalen på Lillehammer)

Hør: Sofi Oksanen intervjuet av Arild Jonsjord.

"Stalins kyr"

Romanen 'Stalins kyr' er

Foto: Oktober forlag

Sofi Oksanen (f. 1977) kom som ein komet inn i finsk litteratur då ho debuterte med Stalins kyr for nokon år sidan.

Seinare har ho fått både Runebergprisen og Finlandiaprisen for ei nyare bok, som ikkje er omsett til norsk enno. Dessutan sel ho seg inn på bestlejarlistene. Kva er det med denne Oksanen?

To sterke historier

Lat oss ta Stalins kyr, som altså er den einaste boka av henne på norsk til no. Her har ho ein sterk historie, eller rettare to sterke historier som flettar seg i kvarandre: Vi følgjer tre generasjonar estiske kvinner: Bestemor Sofia, mor Katariina og Anna, som er halvt finsk ettersom Katariina gifte seg med ein finne. Ekteskapet er ikkje lukkeleg, og Katariina og Anna er stadig i Estland og besøker Sofia.

Barndommens turar til bestemor er prega av sterkt motstridande kjensler for Anna: På den eine sida finst idyllen, den gode maten, språket, bestemor. På den andre sida føler ho presset frå naboar og slekt om å ta med forbruksvarer frå Finland, og blandinga av misunning og forakt overfor henne som er ei fin finsk frøken.

Den kalde krigen


Heime i Finland gjeld det å skjule den estiske bakgrunnen av mange grunnar: Estiske kvinner er horer, dessutan skaper den kalde krigen skaper framleis store praktiske problem og ikkje minst kronisk angst.

Bakover i tid ligg historiene om bestemorgenerasjonens erfaringar frå krigen, dei handlar om tunge saker som matmangel, svik og deportasjon til Sibir. Det er mange ting ein ikkje skal snakke om, som for ein kvar pris må skjulast og som ein også må skamme seg over.

Anna tek kontrollen og blir ein suveren bulimikar på heiltid. Bestemor Sofia brukte all si tid i dei harde åra på å skaffe fram mat, om ikkje anna så nokre attgløymte poteter i ein frosen åker. Anna kjøper handlevogner fulle av delikatesser, og har einsame orgiar med påfølgjande oppkast.

Røskar i hjarterøtene

Historiene er sterke, og Oksanen går tett inn på det som skjer. Det er konkret inntil det brutale, det er usentimentalt men samstundes sanseleg, anten ho skildrar ein sommardag på landet eller ein vellykka oppkastrunde ved doskåla.

Det handlar om ein galskap som framstår som fullstendig rasjonell for Anna, som skjuler bulimien med større kløkt enn den alkoholiserte faren hennar greier å skjule flaskene. Det handlar om den nære historia frå eit nokså nærliggande men likevel temmeleg ukjent hjørne av Europa. Ikkje minst handlar det om den skamma som oppstår når ein må skjule vesentlege sider ved seg sjølv for å greie seg.

Kort sagt, Stalins kyr er ein roman som røskar skikkeleg både i hjarterøtene og mageregionen til lesaren, samstundes som han fyller ut bildet av europeisk historie ekstremismens hundreår. Med Sofi Oksanen har ikkje berre Finland, men også Norden fått ein stor, ny forfattar.

Kulturstrøm

  • The Gathering tilbake igjen

    Datafestivalen «The Gathering» ararangeres i Vikingskipet i Hamar for første gang på fire år. De siste årene har det vært arrangert online-versjoner av festivalen på grunn av pandemien. «The Gathering» finner sted fra 5. – til 9. april.

    The Gathering
    Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
  • 150 vektere kan miste jobben ved Nasjonalmuseet

    Nasjonalmuseet får krass kritikk fra tillitsvalgte. 150 Securitas-vektere kan miste museet som arbeidsplass.

    – En statlig institusjon som dette bør kjempe for et anstendig arbeidsliv, sier hovedtillitsvalgt Stian Tveitan i Securitas til Aftenposten.

    To selskaper har til nå hatt ansvar for vaktholdet i Nasjonalmuseet: Securitas og Protect Vakthold og Sikkerhet, men fra 1. mai skal Protect ta over hele vaktholdet etter at de vant en anbudskonkurranse.

    Nasjonalmuseet
    Foto: Annika Byrde / NTB