Hopp til innhold

Yalo

- Den libanesiske forfattaren Elias Khoury har skrive ein grusom og fascinerande roman frå borgarkrigens Beirut.

 

Den libanesiske forfatteren Elias Khoury. Foto: Morten Holm/Scanpix
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

”Yalo” er historia om Yalo, ein ung mann som prøver å leve eittslags liv i den urolege og bortimot lovlause byen Beirut. Det går ikkje særleg bra. Det kunne kanskje gått bra, men det går altså svært dårleg. Og eitt av spørsmåla både lesaren og Yalo stiller seg er: Kvifor går det så dårleg med han?

Elias Khoury: Yalo. Aschehoug 2007

Elias Khoury: Yalo. Omsett til norsk av Anne Aabakken. Aschehoug forlag 2007

Foto: Aschehoug

Eg røpar ingenting når eg seier dette, for allereie på første side er Yalo til forhøyr på politistasjonen med lenka hender. Han er sikta for valdtekter, væpna ran og ulovleg oppbevaring av sprengstoff.

Uendelege sanningar

Med forhøyret som ramme kjem sanninga gradvis for ein dag. Eller nei. Så enkelt er det ikkje. Forhøyrsleiaren har nemleg mykje kriminalitet han skal ha gjerningsmenn til, og skuldar Yalo for meir enn han faktisk har gjort. Og Yalo tilstår kva det skal vere under torturen for å sleppe unna pinslene. Sanninga er det uråd å få tak på her, og verre blir det når Yalo skal til å tolke hendingane: Kva betyr det når kvinner skrik: betyr det at dei er redde, eller at dei vil ha meir sex?

Både Yalo og politiet og lesaren er på gyngande grunn frå første stund i denne romanen, som stadig kjem tilbake til dei same historiene, og kvar gong med nye, men lite oppklarande detaljar. Det som synest sikkert, er at Yalo har vore vaktmann med ansvar for familien til ein våpenimportør. Med revolver og lommelykt går han ute om natta for å sjå etter mistenkelege personar.

”Jeg vil si sannheten for å lette på samvittigheten min. Til å begynne med hadde jeg ikke lyst til å rane og å voldta kvinner. Ting startet da jeg tilfeldigvis oppdaget bilene som parkerte ved skogholtet. Jeg overvåket dem for å beskytte villaen. Kanskje foregår det noe mistenkelig her, sa jeg til meg selv, og som vaktmann er det min plikt å vite alt. Men det var bare snakk om sex og hor. På avstand kunne jeg ikke se så godt, men det jeg så – skygger av menn over skygger av kvinner – satte fantasien i sving, min herre. ” (s 199)

Og når fantasien først er i sving, kjem Yalo på at han kan tenne lommelykta for å sjå betre. Dette har ein veldig effekt; mennene leverer frå seg pengar og verdisaker og er meir enn villige til å la jentene bli att, berre dei sjølve får forsvinne i all diskresjon. Det går nesten av seg sjølv. Yalo treng knapt nok vifte med våpenet eingong. Og det er heilt trygt. Ingen er interessert i å melde han og dermed risikere eige namn og rykte. Heilt til ein vakker dag….

Svimlande fortelling

I fengselet blir Yalo oppfordra til å skrive ned historia si. Det blir fleire versjonar, og desse versjonane utgjer ein stor del av romanen. Og etterkvart som han skriv, er det vesentleg meir enn synderegisteret som vert uklart: til slutt er han usikker på kven som er far hans, når han er fødd og kva for etnisitet han har. Livet er fullt av ulike versjonar og tolkingar som ikkje utan vidare let seg harmonisere.

”Yalo” er ein roman til å bli svimmel av. Ikkje berre fordi han stadig undergrev sine eigne sanningar, men fordi han skriv fram eit samfunn og eit menneskesinn med eit språk som er poetisk og rått og uvanleg treffsikkert.

 

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.