Hopp til innhold

Framleis fare for svarte TV 2- skjermar

Fristen for å bli samde om ny avtale mellom Canal Digital og TV 2 er utsett til natt til laurdag. Endringar i mediemarknaden gjer at begge partane kjenner seg pressa, seier kommunikasjonsrådgjevar.

TV2-sjef foran TV2-logo

TV 2-sjef Olav Sandnes forhandlar på overtid med Canal Digital om ein ny distribusjonsavtale. Blir dei ikkje samde, mister om lag ein million husstandar TV 2-kanalane.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB scanpix

Telenor-eigde Canal Digital og TV 2 hadde frist til natt til fredag for å få i hamn ein ny avtale for kor mykje kanalane til TV 2 skal koste. Men i natt forlenga dei fristen med eitt døgn.

– TV 2 og Telenor er blitt samde om å halde fram forhandlingane på overtid. Canal Digital-kundane beheld tilgangen til TV2s kanalar i forhandlingsperioden, seier organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Sarah Willand i TV2 til VG.

Strid om pengar

Lasse Gimnes

Kommunikasjonsrådgjevar Lasse Gimnes i GimCom meiner den auka konkurransen frå internasjonale aktørar som Netflix og HBO er med på å presse både Canal Digital og TV 2 i forhandlingane.

Foto: Trond Topstad

Ifølge Kampanje var det stor avstand mellom partane, og forhandlingane skal ha vore svært intense. Det er pengar det først og fremst det står strid om. TV 2 skal ha kravd fleire hundre millionar kroner i året frå Canal Digital.

I tillegg er partane ikkje samde om kor mykje av programinnhaldet til TV 2 Canal Digital skal ha rett til å vise på TV og i strøymetenester.

– Når den største kommersielle TV-aktøren i Noreg møter den største distributøren, kan vi få ei potensielt storkonflikt med tanke på kor mange som kan bli ramma, seier dagleg leiar og kommunikasjonsrådgjevar Lasse Gimnes i GimCom.

Gimnes har selskap eigd av TV 2 og Telenor på kundelista, og har også hatt oppdrag for TV 2. Men han er ikkje involvert i forhandlingane som no er på overtid.

Pressa partar

På få år har mediemarknaden endra seg dramatisk. Strøymetenester som HBO, Netflix og Amazon Prime har forsynt seg av den norske sjåarmarknaden. På same tid har TV-selskapa tapt både sjåarar og sjåarminutt.

to jenter i sengen som ser på en ipad

I løpet av få år har vi endra medievanar. TV-seriar og filmar har blitt lettare tilgjengeleg på nettet. Samtidig ser stadig færre på TV tradisjonelt vis. TV-distributørane ønsker difor tilgang på meir av det eigenproduserte innhaldet til TV-kanalane.

Foto: Netflix

Tidlegare handla forhandlingane stort sett om kor mykje dei ulike kanalane skulle koste per månad. Men no har vi i tillegg fått ein kamp om næringskjeda, seier Gimnes.

– Norske TV-selskap har i dag direkte kontakt med publikum gjennom strøymetenester som Sumo, Dplay og NRK TV. Distributørane fryktar dette skal øydelegge for dei, og ønsker meir av dette innhaldet tilgjengeleg på sine plattformer.

Gimnes trur dette kjem til å bli eit stridstema for slike forhandlingar framover.

Begge taper på konflikt

I 2016 måtte kundane til Canal Digital klare seg utan kanalar som TVNorge og Eurosport i halvannan veke, då forhandlingane med Discovery braut saman. Den gongen meinte forbrukarstyresmaktene publikum skulle kunne seie opp avtalen med Canal Digital fordi ein vesentleg del av tilbodet var borte.

Ylvis på storskjerm

I 2016 braut forhandlingane mellom Discovery og Canal Digital saman, og kanalar som TVNorge, Max og Eurosport forsvann frå kanalpakkane i nesten to veker. Då viste Ylvis talkshowet sitt på storskjerm på Youngstorget i Oslo.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Skulle det ende med konflikt mellom TV 2 og Canal Digital, vil begge tape både omdømme og pengar på striden.

– TV 2 kan fort tape 3-3,5 millionar kroner per dag med svarte skjermar. Medan Telenor står i fare for å miste kundar dei har i dag. I tillegg kan dei tape potensielt nye kundar, seier Gimnes.

Fristen for å bli samde om ein avtale går ut ved midnatt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.