Hopp til innhold

Vil at publikum skal kunne seie opp tv-avtale

Forbrukarombodet ber Canal digital vurdere å la kundane seie opp tv-avtalen, men behalde breibandet. Etter ei veke med forhandlingar mellom Telenor og Discovery har halve Noreg mista signalet til blant anna TVNorge og Eurosport.

Ylvis

Talkshowet til Ylvis er eitt av programma som Canal Digital-kundar ikkje får sjå.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Forhandlingane mellom Telenor-eigde Canal Digital og Discovery om kor mykje Discovery-kanalane skal koste førte ikkje fram sist helg. Det førte til at over ein million husstandar mista 13 tv-kanalar over natta.

Men dersom kundane til Canal Digital vil skifte tv-leverandør, er ikkje det så enkelt. I dag er det slik at det er ei tvungen kopling mellom breibandabonnementet og tv-pakkane hos kabelselskapa. Det vil seie at det er eit krav at du kjøper begge produkta hos ein tilbydar.

Vil la kundane få velje

Forbrukerombud

Forbrukarombod Gry Nergård håper kundane til Canal Digital allereie no kan velje tv-tilbydar fritt.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Forbrukarombodet har i eitt år forhandla om å oppheve denne koplinga, og i løpet av året er det meininga at dette vilkåret skal falle bort. Forbrukarombod Gry Nergård meiner difor Canal Digital allereie no bør vurdere å la kundane sine velje bort tv-avtalen, om dei ønsker det.

– Denne konflikten viser kor urimeleg det er å krevje at folk skal kjøpe breiband og tv saman. Vi har no bede Canal Digital, når dei likevel skal avvikle denne tvungne koplinga, om å vurdere om kundane allereie no kan få seie opp tv-abonnementet.

– Ikkje gjort over natta

Tormod Sandstø

Informasjonssjef Tormod Sandstø i Telenor seier det ikkje er aktuelt å la kundane velje fritt no.

Foto: Pressebilde

Før helga tok Nergård dette opp med Canal Digital. Men dette er ifølge informasjonssjef i Telenor, Tormod Sandstø, teknisk komplisert å gjennomføre. Det er difor ikkje mogleg å tilby dette over natta

– Det er ein ganske stor jobb vi må gjere for å få dette til. Og den skal vi sjølvsagt gjere på ein skikkeleg og god måte. Og så skal vi vere klare med eit nytt oppsett på tv og breibandprodukta i løpet av året.

Kundane må difor vente til Telenor opphevar bindingane i løpet av året. I mellomtida er striden mellom Telenor og Discovery framleis fastlåst, og det er usikkert når kundane kan få tilbake kanalane dei har mista.

– Vi vel å ikkje kommentere forhandlingane. No lar vi dei gå på arenaene dei går føre seg, men vi jobbar for å få til ei løysing. Og vi håper det kan skje raskt, seier Sandstø.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.