Hopp til innhold

Canal Digital og Discovery samde om ny avtale

Canal Digital og Discovery er samde om ny avtale for distribusjon av TVNorge og ei rekke andre kanalar. 2,8 millionar nordmenn får med det tilbake kanalane.

Ny avtale mellom Canal Digital og Discovery

Ragnar Kårhus og Harald Strømme feira den nye avtalen mellom Canal Digital og Discovery med kake.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Sidan 1. februar har over 1 million husstandar vore utan Discovery-kanalane fordi forhandlingane mellom Canal Digital og Discovery om kor mykje tv-kanalane skulle koste, braut saman.

No har partane blitt samde om ein ny avtale. Og seier at dei no har lagt striden bak seg. Forhandlingane gjekk føre seg til det siste, og avtalen blei signert kvar på seks i dag tidleg. Den nye avtalen omfattar også Tippeligaen, som Discovery har kjøpt frå 2017.

Meir og billegare fotball

Petter Schjerven

Sesongpremieren på programmet til Petter Schjerven mista mange sjåarar denne veka.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Vi skal gjere norsk fotball tilgjengeleg for fleire. Når vi startar sesongen i mars 2017, skal fleire kampar enn i dag gå utanfor betalingsmuren, sa sjef for TVNorge og Discovery Networks, Harald Strømme, på ein pressekonferanse i dag.

Samtidig lovar Strømme at dei kampane som går på betalkanalar skal bli billegare enn dei er i dag.

– I tillegg til fotballen, vil denne avtalen også seie at vi kan halde fram med å investere i norsk innhald, seier Strømme.

Krevjande forhandlingar

Striden har vore krevjande for begge partar. Discovery har tapt både pengar og sjåarar medan striden har pågått. Og mange av kundane til Canal Digital har ønska å seie opp tv-avtalen, noko Forbrukarombodet oppmoda selskapet til å følge.

Positive politikarar – Folk bør sjølv få velje TV-kanalar

Canal Digital vedgår at dei har mista kundar som følge av striden. Men administrerande direktør Ragnar Kårhus håper å vinne desse tilbake:

Ragnar Kårhus

Ragnar Kårhus i Canal Digital trur kundane vil bli nøgde med den nye avtalen.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Vi har fått ein god avtale for våre kundar. Og vi vil ta tak i dei moglegheitene denne avtalen gir, og utvikle eit produkt som gjer at dei kan sjå programma kor og når dei vil.

Blir dyrare

Den nye avtalen vil også seie at kanalane til Discovery blir dyrare for kundane til Canal Digital. Men kor mykje dyrare, vil ikkje Kårhus seie noko om no.

– Det er for tidleg å seie noko om kor stor prisauken blir. Vi jobbar no med å setje saman eit nytt produkt. Når det er klart, håper og trur vi at kundane vil sjå at prisen er rett.

Avtalen mellom Discovery og Canal Digital er ein langsiktig avtale, men ingen av partane vil seie kor lang tid avtalen gjeld for.

Kulturstrøm

  • Også Nederland sier nei til TikTok

    Nederlandske embetsmenn vil snart ikke lenger få bruke den kinesiskeide appen TikTok på jobbtelefonene sine. Det opplyste det nederlandske innenriksdepartementet tirsdag, etter lignende avgjørelser fra andre europeiske land, deriblant Norge.

    TikTok
  • Justisdepartementet fraråder TikTok på tjenestetelefoner

    Justis- og beredskapsdepartementet fraråder Tiktok og Telegram på tjenestetelefoner i departementene etter en vurdering fra Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).

    – Jeg støtter NSMs vurdering. Derfor kommer Justis- og beredskapsdepartementet i dag til å sende brev til alle departementer der vi fraråder å ha Tiktok og Telegram på tjenesteenheter. Dersom det er tjenstlig behov for å ha disse appene, bør det være på en egen enhet som ikke er tilknyttet virksomhetens digitale systemer, sier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), i en pressemelding.

    Hun mottok NSMs vurdering mandag.

    Tiktok er kinesisk-eid. Meldingstjenesten Telegram var opprinnelig russisk, men har nå sitt hovedkontor i Dubai.

    TikTok
    Foto: LOIC VENANCE / AFP