– Dei skal bli registrerte og autentiserte. Det må dei gjere ved å sende inn identifikasjonsdokument, seier den norske Facebook-sjefen, Rune Paulseth.
No skal Facebook merke all politisk reklame som er kjøpt gjennom plattforma, fram mot stortingsvalet til hausten.
Dette gjer dei for å sikre at ingen skal kunne spreie desinformasjon og påverke valutfallet i Noreg.
Paulseth seier at dei stiller fleire krav til politiske annonsørar:
– Vi skal passe på at dette blir merka på ein slik måte at brukarane forstår kven avsendarane er, og at det er betalt informasjon.
Endra regelverket etter valpåverknad i USA
Under det amerikanske valet i 2016 brukte eksterne krefter Facebook for å spreie falsk informasjon og nyheiter. Det enda opp med påverke valutfallet.
Då det blei kjend måtte grunnleggjaren av Facebook, Mark Zuckerberg, beklage for plattforma si innblanding.
Den norske Facebook-sjefen seier at dei tek ansvaret for å forhindre desinformasjon med stort alvor, spesielt fram mot stortingsvalet.
– Vi arbeider proaktivt med korleis vi kan legge til rette for at plattforma er sikker og at informasjonen ein finn der er påliteleg og truverdig.
Ifølgje Paulseth har Facebook lært mykje av valet i 2016. Valet som gjorde Donald Trump til president i USA. No har dei betre rutinar for å hindre spreiing av falske nyheiter.
– No under det siste valet i USA, blei plattforma faktisk brukt på ein mykje meir positiv måte. Vi klarte å slå ned og fjerne mange falske kontoar. Vi har ikkje opplevd noko påverknad frå utlandet under det siste valet. Vi har endra oss ganske radikalt sidan 2016-valet i USA.
– Forsøk på å redde eige skinn
Medievitar Gunn Enli meiner at dette fyrst og fremst er ei symbolsk handling for å redde eige skinn.
– Denne kampanjen ber preg av å vere ein reparasjonskampanje etter ein ganske omfattande skandale i 2016.
Enli meiner at dette er ein PR-strategi.
– Facebook gjer ingenting som ikkje er bra for Facebook og vi må hugse på at dette er ei eiga regulering, som plattforma gjer frivillig. Sjølv om dei får press utanfrå, er dette ei legitimering og eit PR-framstøyt som skal møte kritikken.
Kommunal og moderniseringsdepartementet har mellom anna ansvaret for gjennomføring av valet. Statssekretær Paal Pedersen meiner det er fint at Facebook no tek grep.
–Så lenge dette kan bidra til at veljarane blir betre orienterte om det som skjer i offentlegheita, så tenker eg det er positivt.
– Samstundes er nok det Facebook gjer og deira vurderingar både noko vi har avgrensa ansvar og innflytelse over i vårt departement, seier Pedersen.
Han kallar valpåverknad eit globalt fenomen.
– Internasjonalt ser vi at dette er ei aukande utfordring, så det er klart at dette er noko vi har arbeida mykje med. Vi har utarbeida tiltak som skal sikre at vi unngår tilsvarande i Noreg.
Noregssjefen i Facebook er ueinig i at dette er ein PR-strategi.
– Umiddelbart etter at det vart klart kva som hadde skjedd under valet i USA i 2016, så satte vi i gang med å finne ut korleis vi kunne sikre at det ikkje skulle kunne skje igjen.
Han påpeiker at det er avgjerande å beskytte Stortingsvalet.
– Det er også svært viktig at vi tar dette på alvor, og ikkje reduserer samtalen til ein diskusjon om «PR-fremstøt». Utanlandsk påverknad er ein reell risiko, og vi tar ansvaret som ein stor og viktig sosial plattform på det største alvor.