Hopp til innhold

Her er ein lovleg politisk reklame, enn så lenge

Etter eit halvt år har Medietilsynet enno ikkje konkludert i om Bevar Hardanger-reklamen var ein ulovleg politisk tv-reklame.

Folkeaksjonen Bevar Hardanger kjemper mot Statnetts ønskede kraftlinje

Folkeaksjonen Bevar Hardanger kjemper mot Statnetts ønskede kraftlinje

Foto: Folkeaksjonen Bevar Hardanger AS

Medietilsynet meldte raskt frå om at dei ville vurdere om Bevar Hardanger-reklamen som gjekk på TV 2 i fjor haust var eit brot på forbodet mot politisk tv-reklame . Seks månader seinare har tilsynet enno ikkje fatta eit vedtak.

– Det er ein del ulike moment som eg ikkje kan kome inn på. Men jussen er ikkje den aller enklaste, det er ein del vurderingar vi må ta, seier direktør for konsesjon og tilsyn i Medietilsynet, Gudbrand Guthus.

Politisk motiv

Gudbrand Guthus

Gudbrand Guthus håper å ha ein konklusjon klar i løpet av mai.

Foto: Medietilsynet/Sverre Jarild

Folkeaksjonen «Bevar Hardanger» innrømte at dei hadde eit klart politisk motiv med reklamen. Dei vil stoppe den planlagde kraftlinja langs Hardangerfjorden.

– Det er eit forbod mot reklame for politiske parti, men også for politisk bodskap. Det er hovudregelen slik han er i dag, sa Guthus til NRK i desember.

Likevel har Medietilsynet ikkje klart å kome fram til ein konklusjon i denne saka enno.

Førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen Jens Kjeldsen meiner det kjem klart fram at dette er ein politisk reklame, sjølv om han ikkje vil vurdere det frå eit juridisk perspektiv.

– Ut ifrå eit kommunikasjonssynspunkt er det ikkje spor vanskeleg å sjå at dette er ei politisk reklame, seier Kjeldsen.

Set standarden

Kjeldsen meiner at dersom ein skal tillèt denne reklamen, eller forbyr den, så har ein samstundes skrive retningslinjene for korleis dette skal tolkast i framtida.

– Og der er problemet, viss ein tillèt denne reklamen må ein nesten også tillate partipolitisk reklame, seier Jens Kjeldsen.

Sjå reklamen for Bevar Hardanger som vart vist på TV 2 her.

Debatten rundt politisk reklame har gått sidan menneskerettsdomstolen i Strasbourg i 2003 avgjorde at TV Vest ikkje braut det norske forbodet mot politisk reklame på fjernsyn, då dei sendte reklame for Pensjonistpartiet. Tolkinga av denne dommen er omstridd.

- Dommen i Strasbourg seier at Noreg ikkje med lov fasthalde eit forbod mot politisk reklame. Då er det ikkje nokon gråsone, då er i prinsippet alt tillate. Om ein sel vaskepulver eller vil opplyse folk om ei politisk sak, så har ein lov til å gjere det, meiner Kjeldsen.

– Strid mot ytringsfridomen

Også Kyrre Eggen, som var advokat for TV Vest i 2003, meiner at dommen seier politisk tv-reklame er lov.

- Etter mitt syn er det klart at dommen inneber at det ikkje er akseptabelt med forbod mot politisk reklame. Det som er akseptabelt er at ein kan setje avgrensingar i forhold kor mykje pengar ein aktør kan bruke, seier Eggen.

– Meiner du at Kulturdepartementet burde gå inn og regulere dette?

– Dei burde regulere det på ein måte som er i samsvar med ytringsfridomen, ikkje som no, på ein måte som er i strid med ytringsfridomen.

Uoversiktleg og uklart

Medietilsynet innrømmer langt på veg at det norske lovverket rundt politisk tv-reklame er uoversiktleg og uklart.

– Vi må sjå på praksisen og regelverket. Både praksis frå Noreg og frå Europa, det er mykje regelverk vi må ta omsyn til, seier Gudbrand Guthus i Medietilsynet.

Mediestilsynet håper at dei skal vere ferdig med saka i løpet av mai.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP