Hopp til innhold

Tilbyr partia gratisreklame

TVNorge vil trasse forbod, og gje gratis reklametid til politiske parti.

TVNorge-logo
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Striden om politisk tv-reklame er ikkje over, trass i regjeringa sitt forsøk på å kanalisere all politisk reklame til Frikanalen.

Forrige veke konkluderte TV2 med at dei ikkje vil syne politisk reklame i løpet av haustens valkamp, etter å ha vurdert korleis reklamedommen frå Strasbourg blei handsama politisk.

Men i dag bestemte TVNorge seg for å tilby gratis reklametid til 13 politiske parti fram mot valet 14. september.

- Lovverket må endrast

Harald Strømme

Harald Strømme, adm. dir. og sjefredaktør i TVNorge.

Foto: TOM HANSEN / TOM HANSEN

Kvart parti vil få disponere reklametid på tv-kanalen for 100.000 kroner mellom 24. august og 9. september.

Administrerande direktør og sjefsredaktør i TVNorge, Harald Strømme, meiner det norske forbodet mot politisk reklame er ulovleg, og at regjeringa i lys av dommen i Strasbourg må endre lovverket.

- Vi meiner at totalforbodet som eksisterer mot politisk tv-reklame i dag er ulovleg. Det har menneskerettsdomstolen i Strasbourg slått fast. Den norske regjeringa har ikkje retta seg etter dette, men Strasbourg står over norsk rett.

Kritisk til sensur

Sjefredaktør Strømme meiner både parti og sjåarar gjennom tilbodet vil få erfare kva politisk reklame er i praksis, utan at det skjer gjennom favorisering av enkeltparti, medan dagens forbod er konkurransevridande.

- Slik det er no verkar lova konkurransevridande. Politiske ytringar i eit demokrati burde ha det aller sterkaste vernet mot sensur. Det er eit paradoks at det er lov å påverke folk til å ete pizza, men ikkje til å engasjere seg politisk, seier Strømme.

Å selje reklameplass fram mot årets val er derimot ikkje aktuelt for kanalen, fordi tilbodet kjem så tett opptil valkampen at det ville gje skeive utslag.

KrF endrar ikkje haldning

Politisk TV-reklame

Bilete frå Høgre si tv-reklame, som har blitt sendt på TV Aftenbladet.

KrF har tidlegare sagt at dei ikkje ønskjer å sende politisk tv-reklame, og vil ikkje endre standpunktet i lys av tilbodet frå TVNorge.

- Slik vi ser det er dette i strid med dei reglane politikarane sjølv har vedteke, og då meiner vi det vil vere feil å nytte oss av dette tilbodet, seier informasjonssjef Erik Lunde i KrF til NRK.

Han trur ikkje på kanalens argument om at dette vil komme dei små aktørane til gode.

- Dette er eit stunt frå TVNorge for å få gjort om regelverket slik at dei i framtida kan tene store pengar. Dette er ein kamp dei store partia med mykje pengar på bok vil tene på, ikkje dei små.

Dette er ikkje Strømme i TVNorge einig i.

- Veldig mange av partia lagar reklamefilm allereie, og syner dei på kino og internett. Vårt gratistilbod vil ikkje gjere konkurransen mellom partia skeivare.

Partileiar Torstein Dahle i Raudt skriv på Twitter at heller ikkje dei ønskjer å nytte seg av tilbodet frå TVNorge, av di det kun ligg økonomiske interesser bak.

Høgre takkar ja

Trond Reidar Hole

Trond Reidar Hole, generalsekretær i Høgre.

Foto: hoyre.no

Men hjå Høgre, som har vore på kollisjonskurs med regjeringa i reklamespørsmålet, blir tilbodet frå TVNorge møtt positivt.

- Vi kjem sjølvsagt til å nytte oss av dette, fordi vi ønskjer å få ut vår bodskap om helsekøer, og det har vi ein utmerka seksti sekunds tv-reklame til å belyse, seier Trond Reidar Hole, generalsekretær i Høgre.

- Men er ikkje dette i strid med regjeringa sitt forbod mot reklame?

- Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har sett til side norsk lov på dette området, fordi den er i strid med menneskerettane. Giske sitt krumpsring for å komme unna dette, er ikkje truverdig i det heile tatt, så det er lov med politisk tv-reklame i Noreg.

Giske er positiv

Trond Giske

Kulturminister Trond Giske.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Kulturminister Trond Giske, som har vore kritisk til politisk tv-reklame, møter dagens utspel frå TVNorge positivt, og seier til NRK at dette ikkje er i strid med regjeringa sin politikk på området.

- Dagens forbod gjeld det å ta seg betalt for å sende politsk tv-reklame. Ingen kan nekte ein tv-kanal å gje bort sendetid, og det er flott at TVNorge slepp til partia.

Giske vil ikkje utelukke at Arbeiderpartiet også kan vere interessert i å sende gratis reklame, og seier vidare at ordninga TVNorge tilbyr partia har vore diskutert politisk.

- Det er pengekarusellen som tv-reklame kan føre til vi har frykta. Å få tv-kanalane til å gjere plass for gratis tv-reklame var noko av det vi vurderte i samband med dommen i Strasbourg.

- Vinglande argumentasjon

Nestleiar i Venstre, Trine Skei Grande, ønskjer også å nytte seg av tilbodet frå TVNorge - dersom partiet har råd til det. Men ho kritiserer Giske for å syne ein særs inkonsekvent argumentasjon i debatten kring politisk tv-reklame.

- Giskes argumentasjon i dag syner at det ikkje er prinsipp bak standpunktet til statsråden, men berre ei pragmatisk haldning til kva som gagnar eiga regjering.

Anine Kierulf

Anine Kierulf.

Foto: UiO

Anine Kierulf, advokat og stipendiat ved juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo, meiner Giske har endra standpunkt.

- Eit tidlegare kronargument har vore at ein ikkje skal fordumme den offentlege debatten med politiske bodskap i reklameform. No er det full forvirring om korleis totalforbodet av politisk reklame skal oppmjukast - noko TVNorge no prøvar å tvinge fram ei avgjerd på.

Kierulf meiner dette opnar for å ta debatten vidare til å gjelde andre medier.

- Dersom pengesterke aktørar ikkje skal få dominere den offentlege debatten, kva tid får til dømes Miljøpartiet De Grønne statsstøtte til å få like store avisannonser som Arbeiderpartiet har? Det er ikkje like muligheiter for alle parti før Kulturdepartementet regulerer lova for alle medier.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh