Hopp til innhold

Endrer strøymereglar i Amanda: Uthaug kallar det «tullete»

No skal strøymefilmane med i Amandaprisen. Men ligg rettane til filmen i utlandet, vil den framleis ikkje kvalifisere. Troll-regissøren kallar det «tullete».

Troll

Troll vil framleis ikkje verte vurdert når Amanda endrar reglane.

Foto: Netflix

Amandakomiteen har møttest dei siste vekene for å diskutere det som sidan august har vore ein stor debatt i norsk filmbransje:

Spørsmålet om filmar som primært blir vist på strøymetenester også kan vinne den største filmprisen i Noreg, Amandaprisen.

No er det bestemt: Frå neste år kan strøymefilmar vinne Amanda.

Kategorien som før heitte «Beste norske kinofilm», skal no få namnet «Beste norske film».

Men: eigast rettane til filmen av produsentar eller distributørar i utlandet, vil den framleis ikkje kvalifisere, understrekar Amanda-komiteens leier, Tonje Hardersen.

Regissør Uthaug: – Tullete

Filmregissør Roar Uthaug, som blant anna står bak millionfilmen Troll på Netflix, sa kort tid etter avgjersla til NRK at endringa er ei «gledeleg overrasking».

– Eg trur det vil gjere at prisen blir mykje meir relevant både for publikum og for bransjen.

Roar Uthaug, filmregissør

Filmregissør Roar Uthaug seier til NRK at det er ein gledeleg nyheit at prisen no endres.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Han seier og at det gjer han glad på vegner av alle som jobbar framfor og bak kamera på strøymefilmane.

– Det gjer at dei blir anerkjende på lik linje med dei som gjer den same jobben for filmar på kino.

Men når han blir gjort oppmerksom på at rettane må liggje hos eit norsk selskap, er han ikkje like imponert:

– Det blir jo heilt tullete. Det forandrer ingenting, egentlig. Prisen holder stø kurs mot å bli irrelevant for både bransje og publikum.

Troll er framleis uaktuell

Hans film om dei segnomspunne trolla, blei betalt og er no eigd av Netflix. Det gjer han derfor framleis uaktuell for den norske filmprisen.

Amandakomiteen forklarar det slik:

«Amanda er innstifta for å auke kvaliteten på og fremje interessa for norske filmar, og for å hylle og støtte opp under ein uavhengig norsk filmbransje.»

Dei meiner det er vesentleg at ein prisvinnande film også skal vere tilgjengeleg for det allmenne publikum inn i framtida, slik at den norske filmarven er sikra.

FORSVARER PRISER FOR KINOFILMEN: Tonje Hardersen leder Filmfestivalen i Haugesund.

Tonje Hardersen er leiar av Amandakomiteen og er i tillegg festival- og programsjef for Den norske filmfestivalen i Haugesund.

Foto: Rosa Irén Villalobos / NRK

– Kan kjøpe retten i ein periode

Ein av grunnane til at dei vil ha det slik, handlar om at filmane ikkje må forsvinne, ifølgje leiar i Amanda-komiteen, Tonje Hardersen.

– Strøymetenestene kan kjøpe retten til å distribuere filmen for ein gitt periode. Men når den perioden er over, vil andre kunne formidle filmen og den vil også bli inkludert i den norske filmarven og vere tilgjengeleg for framtidige generasjonar.

Ho trekk fram Kampen om Narvik og Krigsseileren som eksempel på slike filmar.

– Det er altså ikkje distribusjonsrettane vi legg føringar for, men kven som eig sjølve filmrettane.

Dersom for eksempel Netflix også eig rettane, risikerer han å forsvinne heilt dersom dei fjernar han frå plattforma sin, avsluttar ho.

– Interessante signal

NFI, som trekte seg frå komiteen i haust, seier endringane frå Amandakomiteen for «interessante signal».

– Desse endringane kan føre til at vi kan feire kunstnarisk kvalitet og bidrag frå ein samla norsk filmbransje når prisane blir delt ut.

Oscar skal stramme inn regelverket

At prisen endrast her heime, gjer den meir inkluderande enn i fleire andre land.

I Sverige seier reglementet no at ein film kan bli nominert til landets største filmpris, Guldbaggen, dersom filmen har gått på kino i minst sju dagar.

Dette for å unngå at strøymefilmar blir sett opp til éi enkelt kinovisning, og dermed teknisk sett hadde vore innafor regelverket for å bli nominert, medan andre filmar har gått på kino i månadsvis.

Desse reglane skal også verdas største filmpris, Oscar, stramme inn framover. I ei pressemelding melde dei i sommar at kravet for å bli nominert inneber å ha kinovisningar minst éi veke til to veker frå 2024.

Dermed blir Noreg no eit av dei første landa som tek strøymefilmane inn i kategorien for kinofilmane.

Regelen gjeld for filmar som har blitt publisert på ein redaktørstyrt nett-teneste. Den må kvalifisere som norsk, og produsenten må eige rettigheitene til filmverket.

Killers of the Flower Moon

Den amerikanske storfilmen «Killers of the Flower Moon» går på kino i desse dagar, men ikkje lenge. Om få veker skal filmen over på strøyming. Men sidan filmen går over ei veke på kino, er filmen innanfor reglane til ein eventuell Oscar-nominasjon.

Foto: Apple Studios / Courtesy of Apple

Ikkje lenger «kvinneleg» eller «mannleg»

Amandakomiteen har også, «etter grundige diskusjonar» vedtatt eit nytt reglement for kategorien som gjeld beste skodespelar og beste birolle.

No skal kategoriane bli kjønnsnøytrale og fem skodespelarar kan bli nominert mot tidlegare tre i kvar kategori.

No skal kategoriane heite «Beste skodespelar i ein hovudrolle» og «Beste skodespelar i ei birolle».

En kvinne holder i en statuett i bronse som hun nettopp har vunnet. Hun smiler lett, har glatt, bakoverkjemmet hår og bak henne kastes lys oppover en lilla vegg.

Ine Marie Wilmann fekk Amandapris for «Beste kvinnelege birolle» for «Krigsseileren». Neste år blir prisen kjønnsnøytral.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Forbundsleiar i skodespelarforbundet, Per Emil Grimstad, seier til NRK at det har vore store diskusjonar føre endringa, men at dei meiner det er riktig å ikkje skilje på kjønn.

– Det viktigaste er å setje skodespelarprestasjonen i fokus.

Han seier det vil vere naturleg å jobbe vidare for eit mest mogleg representativt utval, variasjon og mangfald hos prismottakarane, også når det kjem til kjønn.

Kulturstrøm

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift