Hopp til innhold

Droppar politiserie etter protestar

Den amerikanske TV-kanalen Paramount Network droppar reality-serien «Cops» på grunn av protestar. Også andre kanalar og strøymetenester fjernar program etter påstandar om rasisme.

Demonstrasjoner i New York

Over heile verda har folk dei siste vekene demonstrert mot politivald og rasisme. No har protestane ført til at mange TV-kanalar og strøymetenester har fjerna innhald heilt eller delvis.

Foto: SPENCER PLATT / AFP

Politiserien «Cops» starta på TV-kanalen Fox i 1989, før Spike TV, som seinare blei Paramonunt Network, tok over serien i 2013. Serien har også vore vist på norske skjermar.

Dokumentarserien følger det amerikanske politiet på jobb, blant anna ved bruk av kameraet alle politifolk i USA har på uniforma.

Serien har vore kontroversiell, og har blitt skulda for å glorifisere politiet. I kjølvatnet av protestane etter George Floyds død, blei programmet teke midlertidig ut av sendeplanen til Paramount.

No seier kanalen at serien blir droppa permanent:

– «Cops» er ikkje ein del av Paramount Network, og vi har ingen planar for at det skal bli det i framtida heller, seier ein talsperson til Deadline.

Nettstaden melder at TV-kanalen A & E også vurderer framtida til dokumentarserien «Live PD», som er bygd over same lest.

Gav etter for press

Då Fox droppa serien i 2013, skjedde det etter press frå blant andre borgarrettsorganisasjonen Color of Change, som meinte programmet gav eit feil bilde av korleis politiet arbeidde, og at svarte amerikanarar blei framstilte som skurkar.

No er organisasjonen glade for at også Paramount har droppa serien.

– Politiseriane glorifiserer politiet, men dei viser aldri kor vanleg politivald er. Seriane fungerer som PR for politiet, som ikkje treng PR, seier dagleg leiar i Color of Change, Rashad Robinson, til The New York Times.

Ifølge ein rapport frå 2005 meinte mange amerikanske politidistrikt at serien fungerte som eit rekrutteringsverktøy.

Tek av «Tatt av vinden»

Dei siste dagane har fleire TV-kanalar og strøymetenester fjerna innhald som kan verke støytande på publikum, etter at fokuset på rasisme og korleis farga personar blir framstilt i media.

Den amerikanske strøymetenesta HBO Max har fjerna klassikaren «Tatt av vinden» frå 1939 frå filmbiblioteket sitt inntil vidare, skriv Variety. Det skjer etter at manusforfattaren John Ridley kritiserte filmen for å romantisere tida med slaveri i USA.

Tatt av vinden

«Tatt av vinden» med Clarke Gable og Vivienne Leigh sette besøksrekordar då filmen kom i 1939, og fekk åtte Oscar-prisar.

Foto: AP

Filmen fekk åtte Oscar-prisar, blant anna for beste kvinnelege birolle, som gjekk til Hattie McDaniel, som var den første svarte personen som fekk prisen.

BBC varsla måndag at dei ville fjerne humorserien «Little Britain» frå fleire strøymetenester fordi humoren var utdatert. Blant anna spelte skodespelarane rollefigurar som hadde eit anna etnisk opphav enn dei sjølve.

Netflix har også fjerna fleire show med den australske komikaren Chris Lilley etter skuldingar om rasisme, skriv Deadline.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters