Hopp til innhold

Politi­mannen som drap George Floyd angripen med kniv i fengselet

Den tidlegare politimannen Derek Chauvin, som er dømd for drapet på George Floyd, vart knivstukken i eit fengsel i Arizona.

Derek Chauvin

Derek Chauvin vart i juni 2021 dømd for drapet på George Floyd.

Foto: AP

Det skal ha vore ein annan innsett som knivstakk Chauvin, skriv fleire medium. Fengselsvesenet har stadfesta at ein person vart angripen fredag, men ikkje at det er Chauvin.

Dei seier også at ingen fleire vart skadde. New York Times skriv at Chauvin ikkje vart drepen.

Chauvin skal vere alvorleg skadd og frakta til sjukehus.

Derek Chauvin vart dømd til 22,5 år fengsel i 2021 for drapet på George Floyd.

Advokaten til eks-politimannen har lenge frykta at Chauvin skulle bli ramma av vald, og han har bede om at han blir halden unna andre innsette.

«I can't breathe»

Afrikansk-amerikanske George Floyd døydde under ein arrestasjon i mai 2020. Den kvite politimannen Derek Chauvin presset kneet mot halsen hans i over ni minutt.

George Floyd demonstrasjon i Oslo i 2020

George Floyd demonstrasjon i Oslo i 2020.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Det heile vart filma, og ein kan høyre Floyd seie at han ikkje får puste.

Fleire andre afrikansk-amerikanarar har også sagt dei orda ved liknande hendingar.

«I can't breathe» vart eit av slagorda til Black Lives Matters-rørsla i USA.

Etter at Floyd vart drepen spreidde videoen seg i sosiale medium, og det braut ut store demonstrasjonar mot rasisme og politivald både i USA og andre delar av verda.

George Floyds kiste

George Floyds gravferd i juni 2020

Foto: AP

Fleire dømde for medverknad til drap

Den tidlegare politimannen Tou Thao vart i august i år dømd til over fire års fengsel for medverknad til drapet. Han var den fjerde og siste, som var tiltalt for rolla si i saka.

Han var den einaste av dei fire tidlegare politimennene som erklærte seg ikkje skuldig.

J. Alexander Kueng, Thomas Lane and Tou Thao

J. Alexander Kueng, Thomas Lane og Tou Thao er også dømd for drapet.

Foto: AP

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger