Hopp til innhold

Slik blir NRK-hausten

Drama, dokumentarar og podkast er noko av det NRK satsar på denne hausten. – Vi vil leve opp til publikum sine forventingar, seier kringkastingssjefen.

«Lykkeland» har allereie vunne prisar i utlandet. NRK-serien har premiere til hausten.

Dan Børge Akerø og Selma Ibrahim var programleiarar under haustlanseringa. Dette vart Akerø si aller siste TV-sending.

– NRK sitt oppdrag er å samle og engasjere. Den globale konkurransen er sterk. Vi må få publikum til å velje dette innhaldet, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

For han er det viktig å skape innhald publikum ønskjer.

– Vi har fått to Emmy-prisar. Lykkelandet har allereie fått ein manuspris i Cannes. Vi vil leve opp til publikum sine forventingar, seier Eriksen.

Dette kjem til hausten

1. Lykkeland

NRK sin dramaserie om byrjinga på det norske oljeeventyret i Stavanger tek for seg tida mellom 1969 og 1972. Fire ungdommar blir kasta inn i ein virvelvind av endringar og nye moglegheiter når tidenes oljefunn blir gjort på norsk sokkel.

Serien har allereie fått manuspris i Cannes. «Lykkeland» kjem i åtte delar, og er produsert av Maipo film.

Sjå traileren til Lykkeland her.

2. Utan pappa

Komikar og P3-profil Mikkel Niva har aldri hatt noko forhold til far sin. På ein ekte, modig og humoristisk måte utforskar Mikkel si og faren si historie. NRK følgjer han gjennom prosessen med å finne ut om dei kan ha eit ekte far-son forhold.

– Det eg kan seie er at serien har blitt heilt annleis enn vi trudde før serien var under planlegging, seier Mikkel Niva.

Serien kjem i september.

Sjå traileren til Utan pappa her.

3. F-ordet

Med humor og personleg engasjement undersøker programleiar Ulrikke Falch haldningar til kjønn og kjønnsroller. I løpet av seks veker skal ho overtyde alle elevane på ein vanleg vidaregåande skule om at dei er feministar.

– I Noreg er vi likestilte, men det er framleis skilnader mellom kjønn. Vi må også hugse på at feminisme også angår gutar, seier Falch.

Undersøker holdningar til kjønn og kjønnsroller i «F-ordet».

Sjå Ulrikke Falch presentere sin nye serie.

4. 17

17 år gamle norsk-somaliske Abdi bur på Stovner i Oslo, og bruker fritida saman med kompisane sine. Dei festar, gjer det ok på skulen, flørtar med jenter og hamnar til tider i bråk. Det er snart sommarferie og tilsynelatande er alt som det pleier å vere. Men det Abdi ikkje veit, er at om 17 dagar kan livet hans bli snudd på hovudet.

Gjennom 17 episodar og 17 dagar tel vi ned. Men til kva?

Mahamed Aden Ali speler hovudrolla som Abdi.

Sjå traileren til 17 her.

5. Elefanten

Finst det ei hending eller ein periode då noko endra seg for alltid? Noko som er uløyst eller som du aldri har fått sagt til nokon? Er ikkje livet for kort til å ikkje få gjort noko med det?

Den femte og satsinga til NRK er podkastserien «Elefanten» av Kari Hesthamar og Hege Haug-Omre. Her møter vi folk med sterke historier, som finn motet til å gjere det som står ugjort og til å seie det dei aldri har sagt.

Sjå traileren til Elefanten her.

6. Gåten Orderud

Dokumentarserien skal syne alle sider ved ei av dei største krimgåtene i Noreg si historie. NRK og VG skal samarbeide om journalistisk oppfølging av serien.

Serien blir sendt i seks episodar og er produsert av Monster for NRK.

Du kan lese meir om serien her.

7. Monsen – minutt for minutt

Til sommaren tek Lars Monsen med seg Sommeråpent på tur over heile Noreg. Dette er eit samarbeid med Den Norske Turistforening (DNT).

Du kan lese meir om turen her.

Sommeren 2018 går programmet til fots med Lars Monsen.

Sjå traileren for Sommeråpent her.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)