Hopp til innhold

Britney Spears har forlova seg

Den amerikanske popstjerna Britney Spears har forlova seg med kjærasten Sam Asghari. Ho delte sjølv nyheita på Instagram søndag

Britney Spears forlovet med Sam Asghari

Britney Spears viser fram den store diamantringen i videoen ho har lagt ut på Instagram.

Foto: Skjermdump Instagram

I ein video på Instagram viser 39-åringen fram ein stor diamantring.

Paret har vore saman i fem år. Ho møtte den 12 år yngre iranskfødde modellen og personlege trenaren i 2016 i samband med opptak til musikkvideoen sin «Slumber Party».

Britney Spears har vore gift to gonger før. I januar 2004 gifta ho seg med barndomsvennen Jason Allen Alexander i Las Vegas. 55 timar seinare vart ekteskapet annullert.

People Britney Spears

Britney Spears og Sam Asghari i Los Angeles under premieren "Once Upon a Time in Hollywood" i 2019.

Foto: Jordan Strauss / AP

I juli same år forlova ho seg med dansaren Kevin Federline, som ho møtte tre månader tidlegare. Seinare same år gifta dei seg. Etter knapt tre år var det slutt. Spears har to søner med Federline.

Britney Spears er for tida i ei oppsiktsvekkjande rettssak mot far sin Jamie Spears, som har hatt kontroll over formuen hennar i 13 år.

Ho krev at han blir rolla fråteken som verje, noko han no ser ut til å godta etter fleire rundar i rettssystemet.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.