Hopp til innhold

Bilete avslørar Zuckerberg-notat: «Ikkje sei at vi følger dei europeiske personvernlovene»

Ifølge notata Mark Zuckerberg hadde med seg i høyringa i Kongressen tysdag, er Facebook framleis ikkje klare til å følge dei nye personvernlovene i Europa som trer i kraft i mai.

Facebook Privacy Scandal Congress

Mark Zuckerberg møtte til Senatshøyring tysdag for å svare på om Facebook er flinke nok til å passe på brukarinformasjonen dei passar på. Men i ei av pausane klarte han ikkje å passe på eigen informasjon då ein pressefotograf tok bilete av notata hans.

Foto: Andrew Harnik / AP

Under ein pause i den fem timar lange Facebook-høyringa i Senatet tysdag, tok fotografen Andrew Harnik frå nyheitsbyrået Associated Press eit bilete av notata til Mark Zuckerberg.

Grunnen til at Zuckerberg måtte forklare seg, var at informasjon om 87 millionar Facebook-brukarar blei misbrukt under den amerikanske presidentvalkampen.

I notata var det lista opp stikkord om ulike tema høyringa kunne kome inn på, som Cambridge Analytica, mangfald og personvern.

Under punktet om dei nye personvernlovene som trer i kraft i Europa i mai, blei det understreka at Zuckerberg ikkje måtte seie at dei allereie oppfylte krava til desse lovene, skriv ITavisen.

Omfattande arbeid

EU sitt nye personverndirektiv, GDPR, trer i kraft 25. mai. Dei nye reglane seier blant anna at personvernerklæringane skal bli enklare å forstå. Det blir også stilt strengare krav til informasjon om kva opplysningar som blir samla inn og kva desse blir brukte til, skriv Datatilsynet.

Selskap utanfor Europa må også følge desse reglane, dersom dei ønsker å tilby varer og tenester til borgarar i EU- og EØS-land.

- Jeg startet Facebook. Jeg leder selskapet, og jeg er ansvarlig for det som skjer.

I fem timar blei Mark Zuckerberg spurt ut om korleis dei forvaltar brukaropplysningane dei hentar inn.

Dei nye krava gjer at selskapa gå gjennom alle rutinane sine. Det er difor ikkje overraskande at Facebook framleis ikkje er i mål, seier direktør for internett og nye medium i IKT-Norge, Torgeir Waterhouse:

Torgeir Waterhouse

Direktør for internett og nye medium i IKT-Norge, Torgeir Waterhouse, trur mange framleis vil ha ein veg å gå når dei nye personvernreglane i Europa trer i kraft i mai.

Foto: IKT-Norge

– Dei færraste vil vere i mål til 25. mai. Skiljet kjem til å gå mellom dei som er godt i gang og dei som ikkje er det. Det kan samanliknast med HMS-arbeid. Dette er eit kontinuerleg arbeid.

Han peikar også på at både Facebook og fleire av dei amerikanske senatorane ønsker liknande personvernreglar i USA. Og Cambridge Analytica-saka kan ha gjort at fleire har fått auga opp for kor mykje informasjon vi legg igjen på nettet, trur Waterhouse.

– Fleire har blitt opptekne av dette. Og det gjer at gode rutinar for databehandling, vil kunne bli ein konkurransefaktor i framtida.

Lang tradisjon

Biletet av permen med notata til Zuckerberg skriv seg inn i ei historie med bilete av dokument som gir meir informasjon enn det som var meininga, skriv The New York Times.

Som då dåverande utanriksminister Henry Kissinger blei fotografert under avslutninga Helsingforskonferansen i 1975, medan han las eit dokument som var hemmelegstempla.

Laster Twitter-innhold

Eit ferskare eksempel var då Donald Trump møtte overlevande etter skuleskytinga i Florida der 17 personar blei drepne av ei tidlegare elev. Då fanga kameralinsene opp hugselappen til presidenten, der han blei minna på at han måtte vise medkjensle med elevane.

Etter at Cambridge Analytica-saka blei kjent, har mange fått eit meir bevisst forhold til kva dei delar på nettet.

Kulturstrøm

  • Norge vant sølv i EM brass band

    Eikanger-Bjørsvik Musikklag fra Nordhordland havnet på en 2. pass i det europeiske brassbandmesterskapet i mesterskapsseksjon i Palanga i Litauen lørdag.

    I tillegg vant de solistpris for trombonisten.

    – Eikanger-Bjørsvik er veldig fornøyd med 2. premie på EBBC 2024 Palanga, skriver Eikanger-Bjørsvik musikklag på Facebook.

    Brassband Treize Etoiles fra Sveits fikk 1. plass og Brassband Willebroek fra Belgia fikk 3.-plassen, ifølge resultatlisten.

  • 40 år sidan Dollie-jentene song for livet

    Søndag er det nøyaktig 40 år sidan den norske duoen Dollie de Luxe deltok i den internasjonale Eurovision-finalen med låten «Lenge leve livet».

    På Instagram spør Dollie-medlem Ingrid Bjørnov om andre også har hatt filler i håret! Benedikte Adrian var den andre i duoen, som kom på 17. plass i finalen.

    Dollie de Luxe ble nummer 17 av 19 i den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 1984.
  • Voldsomme reaksjoner på dansk Eurovision-artist

    Danmarks Eurovision-håp, artisten Saba, forteller at hun har vurdert å trekke seg etter kraftige reaksjoner på at hun deltar i den europeiske finalen.

    Reaksjonene kommer i forbindelse med Israels omdiskuterte deltakelse i Eurovision samtidig med krigføring på Gazastripen.

    Anna Saba Lykke sier til Ekstra Bladet at hun har bearbeidet opplevelsen med psykolog, og at hun nå har valgt å stenge alle sine sosiale medier etter kraftige oppfordringer om at hun bør trekke seg.

    Saba mener det er viktig for mangfold og representasjon at hun deltar. Hun har vært åpen om at hun er skeiv, adoptert og har utfordringer med psykisk helse.

    Hun er også blant artistene som har underskrevet oppropet om fred og våpenhvile i Gaza.

    Den danske sangeren Saba, Anna Saba Lykke.
    Foto: Ida Marie Odgaard / AP