Hopp til innhold

Auke i bruktboksal utfordrar bokbransjen

Stadig fleire kvittar seg med bøkene sine, og med nye sals-appar utfordrar det bokbransjen i salet av nye bøker. Bokbransjen må tenke nytt, meiner professor.

Appar med sal av brukte bøker

BRUKTBOKSAL: Appar som Finn, Shpock, Bookis, og Tise gjer at brukte bøker lett kan seljast brukt.

Foto: Kollasj / NRK

– Det har det vore ein auke frå 160 000 annonsar med blad og bøker i 2014, til over 375 000 annonsar i 2017, så det er ein formidabel vekst, seier Adele Cappelen Blystad som er kommunikasjonsrådgjevar i FINN.

I tillegg til at det i 2018 har vore ein nedgang på 13 prosent i salet av skjønnlitteratur, og ein nedgang på åtte prosent for alle bøker, så er det stadig fleire som straumar lydbøker.

Adele Cappelen Blystad

AUKE: Adele Cappelen Blystad er kommunikasjonsrådgjevar i FINN, og kan melde ei kraftig auke i bokannonsar.

Foto: Caroline Roka / FINN

I 2017 vart det ifølge Forleggerforeningen samla selt over 20 millionar nye bøker i Noreg, men mykje tyder på at bøker ikkje blir ståande i bokhylla hjå dei som kjøper.

Finn.no har no over 68 000 bokannonsar ute, og bøker blir både gitt vekk og selde.

– Appen vår vart lansert i 2012, men dei siste fem åra har fleire byrja å bruke den. Den har nok gjort det enkelt å legge ut bøker, seier Blystad.

Kraftig auke i annonsar

Sidan den norske sals-appen Tise vart lansert i 2016 har dei hatt ei tydeleg auke i bokannonsar. Bøker blir lagt ut særskilt i månadane januar og august, og no Tise om lag 15 000 annonsar med bøker på appen.

Appen Shpock har blitt lasta ned over 700.000 gonger av norske brukarar, og bøker er ei av dei fem største produktgruppene.

Arne Krokan

IKKJE FEIL: Arne Krokan er professor ved institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, og meiner forbrukarane ikkje gjer noko feil når dei sel bøker som dei er ferdige med, sjølv om det kan utfordre salet av nye bøker.

Foto: Caroline Roka

– Sal av brukte bøker er positivt for dei som kjøper bøker, og det er positivt med tanke på miljø, og på å utnytte ressursar betre enn tidlegare, seier Arne Krokan.

Han er professor ved institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU, og har forska på til dømes delingsøkonomi.

– Bøker er eit privatgode, så når du kjøper ei bok kan du gjere kva du vil med den. Me som forbrukarar kan ikkje ta ansvaret for forfattarane sine inntekter, det er det forlaga har, seier Krokan.

Utfordrar med dør-til-dør-levering

Bookis lanserte nettside og app i desember 2017, og tilbyr sal av både nye bøker og at kundar kan selje sine brukte bøker.

Å selje brukte bøker på Bookis er kostnadsfritt, og Bookis tilbyr også gratis frakt av brukte bøker.

Lasse Brurok i Bookis.com

GRÜNDER: Lasse Brurok er ein av tre gründerar i Bookis.com, og med si teneste legg dei til rette for sal og av brukte bøker.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me såg at kundane ynskjer eit større utval, og det får dei ved at me tilbyr sal av brukte bøker. No sel me rundt 30 nye bøker om dagen, og av brukte bøker sel me rundt 50 om dagen, seier Lasse Brurok i Bookis.

– Den største terskelen på sal av brukte bøker var levering, så me tilbyr at dei som sel bøker kan legge boka på dørmatta si, og så kjem avisbodet og hentar den. Så leverer dei ut boka til dørmatta til kjøparen, seier han.

Med nye titlar på veg, så meiner Brurok at Bookis har gode tider i vente.

– Me nærmar oss 100 000 brukte bøker, og i løpet av august vil me ha tre og ein halv million nye titlar, seier han.

Saknar nytenking

Krokan samanliknar det som skjer med bokbransjen med musikkbransjen som har opplevd at musikarar må satse på andre inntektskjelder enn sal av album.

Han meiner forfattarar til dømes kan tene pengar på føredrag og andre arrangement som til dømes festivalar.

– Det er mange mogelegheiter for forfattarane å tene pengar, men ein må kanskje tenke annleis når det gjeld forretningsmodellane som bransjen brukar, seier Krokan.

Han føreslår også at forlaga også burde tilby bruktboksal, der forfattarane kan tene pengar også på brukte bøker.

– Eg saknar kanskje nytenking frå forlagssektoren her, seier han.

– Må legge oss kraftig i selen

Trine Stensen er administrerande direktør i Bokhandlerforeningen, og ho seier at dersom bruktboksalet fører til nedgang i nyboksalet, så kan det få konsekvensar for fleire.

Trine Stensen

ANALYSE: Trine Stensen er administrerande direktør i Bokhandlerforeningen, og ho seier dei er i gang med ein analyse av korleis dei skal betre boksalet framover.

Foto: Bokhandlerforeningen

– Det kan få konsekvensar for heile verdikjeda. Forfattarane er avhengige av å selje nye bøker, forlaga er det, og bokhandelen også, seier Stensen.

– På lengre sikt kan dette gjere at me får ei lågare inntening på nye bøker. Det blir selt færre bøker, og me må gi ut færre bøker, seier ho.

Bokhandlerforeningen er i gang med ein analyse der dei ser på korleis dei kan betre boksalet.

– Me må legge oss kraftig i selen, og møte konkurransen. Samtidig så er samfunnsoppdraget til bokhandelen med å sørge for ein bredde. Me kan ikkje berre selje brukte bøker, for me er avhengige av å selje nye bøker for å få fram nye stemmer, seier ho.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP